Frå amt til fylke

AV BOTOLV HELLELAND

Med unionsoppløisinga i 1905 var Noreg delt i 20 amt, medrekna Bergen og Kristiania, og seks stift. Den 1. januar 1919 vart amt og stift avløyste av fylke og bispedøm(m)e, samstundes som sjølve namna på desse einingane vart endra. Endringane råka også namn på andre grupper av administrative einingar, såkalla inndelingsnamn. Det var ei offentleg rydding der landet bytte ut mykje innlånt språkgods med norske termar og namn.

Prosessen starta mykje tidlegare. Alt i 1836 skreiv Ludvig Kristensen Daa i Morgenbladet at ein burde få att gamle landskapsnamn som Telemark for Bratsberg og Vestfold for Jarlsberg og Larvik, og i ei lengre utgreiing tok P.A. Munch til orde for å ta opp att dei historiske landskapsnamna som amtsnamn i staden for å knyta dei til festningar og embetsmannsresidensar av typen Akershus og Bratsberg (utgjeve posthumt i 1878, jf. Indrebø 1927, s. 89 ff.). Dei administrative namneendringane som vart innførte i 1918–19, var òg eit ledd i den oppnorskinga av stadnamn som starta med matrikkelrevisjonen i 1838, og som vart vidareført gjennom Namnekommisjonen av 1878, der Oluf Rygh var formann og drivande kraft. Denne kommisjonen utarbeidde eit grunngjeve framlegg til skrivemåten av gards- og bruksnamn i ein ny matrikkelrevisjon som var ferdig i 1886. Med det var det teke eit langt steg mot ein skrivemåte tufta på den nedervde lokale uttalen, sjølv om det enno i matrikkelen stod former som Sture og Feste for Stura og Festo (Hordaland) og Engen og Myren for Enga/ Engi og Myra/Myri.

I 1885, same året som det vart gjort vedtak om å jamstella landsmål med riksmål, gjekk eit fleirtal på Stortinget inn for å be regjeringa om å byta ut dei «mere eller mindre uhøvelige amtsnavne» med namn som seier betre kva dei skal uttrykkja. Men saka vart ikkje fylgd opp av departementet før det femten år seinare kom eit nytt initiativ frå dei folkevalde. Etter framlegg frå Nils Skaar (som møtte som varamann for Hordaland) og nokre fleire vedtok nemleg Stortinget den 16. januar 1900 fylgjande framlegg:

Stortinget uttalar ynskje um at namni paa fylki (amti) i riket, paa domssokner (sorenskriverier), herad, bispedøme, provsti, prestegjæld og andre offentlige [sic] syslor («embætte») maa verta umvølte paa norsk elder umbytte med nasjonale namn, der det trengst, og bed Riksstyret [sic] um aa gjenomføra desse brigdi, elder um log skulde til, daa aa arbeida ut fyrelegg um desse (sitert etter Ot. prp. nr. 55 (1918), s. 1).

Den 6. januar 1902 sette Kyrkjedepartementet ned ein kommisjon til å greia ut om den historiske utviklinga av namn på inndelingar og om dei mest rasjonelle prinsippa for namngjeving av sivile, rettslege og kyrkjelege område. Komiteen, der fyrst Gustav Storm, så Ebbe Hertzberg, var formann, gav innstillinga si i 1905. Dei rådde til at nemningane amt og stift skulle bytast ut med syssel og bispedøme, og at provsti og sorenskriveri skulle bytast ut med prostedøme og domssokn. I tillegg hadde nemnda framlegg til nye amtsnamn (fylkesnamn), heradsnamn og soknenamn. Amt hadde vorte innført 19. februar 1662 og kom då i staden for den eldre nemninga len, som hadde vore nytta som administrativ inndeling sidan 1300-talet.

Komiteen heldt fram i innleiinga til innstillinga at «det rette tidspunkt for en saadan reform, om den ønskes iverksat, nu tør erkjendes at være inde». Grunnlaget for desse namna skulle vera «bygdens egen udtale, renset og normaliseret under tilbørlig hensyntagen til ordenes oprindelige skikkelse saavelsom til befolkningens øre for den sproglige velklang» (sitert etter NOU 1983:6, s. 34).

Fylkesnamna

Statskalenderen 1905Komitéfleirtalet 1905Komitémindretalet 1905

Smaalenenes Amt

Borgar syssel (noko ulikt i Falk og Hægstad)

Austfold sysla

Akershus Amt

Oslo syssel

Romerike sysla

Hedemarkens Amt

Østoplandenes syssel

Aust-Uppland sysla

Kristians Amt

Vestoplandenes syssel

Vest-Uppland sysla

Buskerud Amt

Drammen syssel

Sud-Uppland sysla

Jarlsberg og Larvik Amt

Vestfold syssel

Vestfold sysla

Bratsberg Amt

Skiens syssel

Telemark sysla

Nedenes Amt

Østagder syssel

Austagder sysla

Lister og Mandal Amt

Vestagder syssel

Vestagder sysla

Stavanger Amt

Rogalands syssel

Rogaland sysla

Søndre-Bergenhus Amt

Hordalands syssel

Hordaland sysla

Nordre-Bergenhus Amt

Sogn og Fjordenes syssel

Sogn og Fjordarne sysla

Romsdals Amt

Møre syssel

Møre sysla

Søndre-Trondhjems Amt

Ikkje oppført

Sud-Trondheim sysla

Nordre-Trondhjems Amt

Ikkje oppført

Nord-Trondheim sysla

Nordlands Amt

Ikkje oppført

Nordland sysla

Tromsø Amt

Ikkje oppført

Trumsøy sysla

Finmarkens Amt

Ikkje oppført

Finnmark sysla

Komiteen kom i 1905 med framlegg til nye namn på dei dåverande amta, men han delte seg i synet på korleis namna skulle lyda, slik det går fram av oppstillinga. Ein kan her leggja merke til at komitémindretalet (Marius Hægstad) braut med det gamle prinsippet med genitivskonstruksjon og innførte umarkert laus samansetjing, t.d. Hordaland sysla mot Hordalands syssel i fleirtalsinnstillinga. Dette prinsippet vart fylgt opp i dei seinare namneendringane.

Året 1905 kunne såleis ha vorte sjølve merkeåret for dei nye inndelingsnamna. Men saka vart liggjande, m.a. av di det knytte seg store formelle og praktiske vanskar til eit så omfattande namnebrigde. Og som me skal sjå, vart det til dels heilt andre namn som vart vedtekne. I mellomtida verserte mange ulike framlegg, t.d. Fjordane, Fjordane og Sogn, Sygna og Firdafylke, Firda og Sygnafylke, Firda for det seinare Sogn og Fjordane fylke.

Fyrst i 1914 vart saka fremja på nytt, og etter oppdrag frå departementet leverte dei to professorane Hjalmar Falk og Marius Hægstad to utgreiingar i 1915 og 1916 der dei presenterte grunngjevne framlegg til nye namn og nemningar på fylke og herad. Hægstad, som i utvalet frå 1902 noko motviljug hadde gått med på syssel (sysla) som avløysing for amt, gjekk no saman med Falk inn for fylke. I valet mellom fylke og sysle argumenterte dei for fylke ut frå den historiske bruken av nemninga (Falk og Hægstad 1915, s. 7, 1916, s. 3 ff). I mellomalderen hadde fylke vore nytta om større område med administrative og andre offentlege funksjonar, og sjølv om innhaldet kunne ymsa noko over tid, hadde det ein fastare karakter enn sysle. (Det siste var innført av kong Sverre, men vart avløyst av len i seinmellomalderen.) Dessutan meinte dei at fylke var eit velklingande ord og «bekvemt» i samansetningar, i motsetning til syssel. Dei støtta seg òg på glossariet til Norges gamle love, der fylke var definert som ’landskab, der udgjorde en militær og administrativ, judiciel og borgerlig underafdeling af riget’. Fylke er avleidd av folk og vart opphavleg nytta om ’flokk, hærfylking’, seinare om ’område, landsdel’. Eit grundigare oversyn over bruken av fylke i eldre tid er gjeve av Gustav Indrebø (1931).

Utover landet var det skiftande meiningar om kva nemning som burde nyttast. Amtsstyra og heradsstyra hadde fått høve til å uttala seg, og i Sør-Trøndelag og dei sentrale austlandsfylka, med unntak av Oppland, var det fleirtal for å halda på amt, medan dei andre fylka kunne visa til eit større eller mindre fleirtal for fylke. Av 449 heradsstyre gjekk 270 inn for fylke, medan 179 heldt på amt.

Parallelt med diskusjonen av amt, len, syssel/sysle eller fylke var det usemje om korleis ulike funksjonar på fylkesnivå skulle nemnast. Dei viktigaste framlegga utanom det eksisterande amt(s)smann var jarl, lensmann, sysselmann, fylkesstyrar, fylkeshøvding, fylkesmann. Som kjent var det det siste som vann fram. Lensmann hadde alt ein funksjon i det lokale forvaltningssystemet, og sysselmann vart i 1925 lovfest som tittel på det øvste embetet på Svalbard. Falk og Hægstad rådde til at føreleddet fylkes- skulle nyttast i dei fleste samansetjingane, som i fylkesting, fylkesskule, fylkeslækjar.

To år etter at Falk og Hægstad hadde levert inn den andre innstillinga si, kunne Kyrkje- og undervisningsdepartementet (KUD) fremja odelstingsproposisjon nr. 55 (1918) Om forandring av rikets inddelingsnavn. Med få unntak fylgde departementet framlegga frå Falk og Hægstad. Justisdepartementet hadde alternative framlegg til nokre av fylkesnamna. Det same hadde ein del av amtsstyra, og då gjerne med eksisterande namn som primære ynske.

Falk og Hægstad 1916KUD 1918Justisdept. 1918Odelstinget 1918
Austfold Austfold Austfold Østfold
Oslo Oslo Oslo Oslo
Romerike Romerike Akershus Akershus

Aust-Upland
Falk:-Opland

Heidmark Hedmark Hedmark

Vest-Upland
Falk: -Opland

Upland Opland Opland
Ringerike Ringerike Ringerike Buskerud
Vestfold Vestfold Vestfold Vestfold
Telemark Telemark Telemark Telemark
Aust-Agder Aust-Agder Aust-Agder Aust-Agder
Vest-Agder Vest-Agder Vest-Agder Vest-Agder
Rogaland Rogaland Rogaland Rogaland
Hordaland Hordaland Hordaland Hordaland
Fjordane   Sogn og Fjordane Fjordane/Sogn og Fj. Sogn og Fjordane

Møre

Møre Rauma/Møre og Rauma Møre, 1935: Møre og Romsdal
Sør-Trøndelag Sør-Trøndelag Sør-Trøndelag Sør-Trøndelag
Nord-Trøndelag Nord-Trøndelag Nord-Trøndelag Nord-Trøndelag
Haalogaland Nordland Nordland Nordland
Trums Trondenes Trondenes/Troms Troms
Finnmark Finnmark Finnmark Finnmark

Då saka kom opp i Odelstinget 25. juli, vart det ein hard debatt. «[D]ei konservative gjorde ein hardsett freistnad paa aa faa henne framdrygd» (Indrebø 1927, s. 115), og det vart hevda at det var målfolk og vestlendingar som ville påtvinga austlendingar namn som dei ikkje kjendest ved. Odelstinget gjorde fleire endringar i høve til lovframlegget, m.a. vedtok det Akershus for Romerike, Buskerud for Ringerike og Østfold for Austfold. Møre fekk tillegget og Romsdal så seint som i 1935. Dei ulike framlegga i endringsprosessen kjem fram i oppstillinga øvst på denne sida. Namna er (utan tillegget fylke) ordna i geografisk rekkjefylgje (noko annleis i odelstingsproposisjonen).

Lovutkastet gjekk òg ut på å setja jarl i staden for amtmann (amtmand), men her vart resultatet fylkesmann. Lova med dei nye fylkesnamna tok til å gjelda frå 1. januar 1919. Nokre ortografiske endringar har vore gjort seinare i samsvar med gjeldande rettskriving. Elles er det dei same namna som gjeld i dag.

Geistlige inndelingsnamn

Statskalenderen 1905Komiteen 1905Framlegg KUD 1918Odelstingsvedtak 1918
Kristiania Stift Oslo bispedøm(m)e Oslo bispedøm(m)e Oslo bispedøm(m)e
Hamar Stift Hamar b. Hamar b Hamar b
Kristiansand Stift Kristiansands b. Kristiansand b. Kristiansand b.
Bergen Stift Bergens b. Bjørgvin b. Bjørgvin b.
Trondhjem Stift Nidaros b. Nidaros b. Nidaros b.
Tromsø Stift Tromsø b. Trums b. Hålogaland b.


Når det galdt dei geistlege inndelingane, gjekk departementet inn for bispedøm(m)e som avløysar for det som tidlegare heitte stift, i samsvar med tilrådinga frå Falk og Hægstad. Samstundes vart det gjort framlegg om fleire endringar av sjølve namna. Sjå tabellen over.

Særleg iaugefallande var oppattakinga av dei gammalnorske namneformene Bjørgvin, Nidaros og Hålogaland. Denne modellen vart seinare vidareført med Tunsberg bispedøme (1948) og Borg bispedøme (1969). I 1925 vart Kristiansand bispedøme delt i Agder bispedøme og Stavanger bispedøme. Hålogaland vart i 1952 delt i Nord-Hålogaland bispedøme og Sør-Hålogaland bispedøme. Møre bispedøme vart skilt ut frå Bjørgvin og Nidaros i 1983. Falk og Hægstad ville halda på stift i ein del samansetningar der det var «bekvemmest», og fekk tilslutning til det. Det galdt særleg stiftsdireksjon, stiftskapellan og stiftsarkiv, men det siste vart alt i 1919 avløyst av nemninga statsarkiv.

På lågare geistleg nivå hadde komiteen frå 1905 gått inn for å skifta ut prosti med prostedøm(m)e. Falk og Hægstad meinte at prosti kunne nyttast vidare, m.a. ved å visa til samansetningar som prostiarkiv, prostigrenser. På grunn av store meiningsskilnader rundt om meinte dei tida ikkje var inne til å fastsetja nye namn på desse einingane.

I utgreiinga om inndelingsnamn kom Falk og Hægstad òg inn på namna på sorenskriveria, men viste her til at justiskomiteen i Stortinget hadde lagt fram ei innstilling om at riket skulle delast inn i domssokner for herads- og byrettar, og at namna på dei nye domssoknene burde gjennomgåast av sakkunnige.

Heradsnamna

For heradsnamna galdt det om å få skrivemåten "i den endelige form" (Falk og Hægstad 1915, s. 9). Det hadde starta alt i 1908, då den nye matrikkelutgåva for Nordland og Troms vart gjeven ut. Her vart det med grunnlag i ein kongeleg resolusjon av 6. januar 1908 fastsett skrivemåte for både gardsnamn og inndelingsnamn i samsvar med uttalen og rettskrivinga i landsmål. Dette prinsippet vart innført for namn på offisielle kart i 1912– 13, etter tilråding nettopp frå Falk og Hægstad. Når det no vart aktuelt å gå gjennom heradsnamna, måtte same prinsippet leggjast til grunn for dei. Og framlegget til endringar i herads- og soknenamna valda like mykje strid som ved fylkesnamna. Falk og Hægstad hevda at der heradsstyra heldt på den eksisterande namneforma og gjekk imot endringsframlegget, dreia det seg om eit val mellom «en fordansket og en fuldnorsk form», og at saka eigentleg var avgjord ved dei prinsippa som var vedtekne for skrivemåten på dei offisielle karta. Men i fleire høve verka innkomne fråsegner inn på tilrådinga (sjå Falk og Hægstad 1916, s. 9 f.).

Med kongeleg resolusjon av 3. november 1917 vart det gjort vedtak om 190 heradsnamn. Slett ikkje alle framlegga til Falk og Hægstad vart fylgde opp, t.d. vart Spydeberg og Skiptvet i Østfold ståande mot framlegga Speberg og Skjetve. I Oppland vart Lunner og Jevnaker ståande mot framlegga Lynner og Jemnåker.

Bynamn

I ei tredje innstilling kom Falk og Hægstad (1918) med framlegg til skrivemåten av bynamna. Det viste seg at her hadde tida i endå større grad runne frå ei oppretting på norskspråkleg grunn. Av dei dåverande 66 bynamna hadde 33 ein skrivemåte som det ikkje var tvil om. For resten sette dei fram nye eller alternative forslag, der Oslo, Trondheim/Nidaros og Fosna (Kristiansund) var dei viktigaste – og mest kontroversielle. Som kjent vann ikkje dei to siste fram, det gjorde heller ikkje Veslehamar, Tunsberg, Tveitestrand, Vatsøy. Frå eit historisk-etymologisk synspunkt var det god grunn for Gustav Indrebø (1927) å setja fram eit program med overskrifta «Namnevøling som stend att», der han lista opp mange av dei namna Falk og Hægstad ikkje fekk inn.

Frå bunden til ubunden form

Fylkesnamnet Finnmark fekk som me har sett, ny bunad i ubunden form, og grunngjevinga til departementet var: «Overensstemmende hermed vil man i det nuværende navn kun foreslaa sløifet endeartiklen der i almindelighet ikke hører hjemme i egennavne. Derfor også Heidmark og Telemark» (Ot.prp. nr. 55 (1918), s. 9). Akkurat dette ser ut til å ha vore ei utbreidd meining ved fastsetjinga av dei nye inndelingsnamna, og for heradsnamna fekk det fleire utslag, t.d. Leksvik for tidlegare Leksviken, Inderøy for Inderøen, det siste med støtte av Marius Hægstad (jf. Helleland 1990, s. 81). Dette synet kan hjå somme ha bakgrunn i at den samanvaksne bundne artikkelen er ei relativt nyare utvikling i språket, men for dei fleste har det å gjera med at innarbeidde skriftformer utan artikkel er mykje brukte i samfunnet, ikkje minst som slektsnamn. Det er grunn til å leggja merke til at dette synet faktisk på nytt har gjort seg gjeldande i den nyss vedtekne revisjonen av lov om stadnamn, nemleg at bunden/ubunden artikkel ikkje treng fylgja uttalen i skrivemåten av bruksnamn.

Seinare endringar i inndelingsnamna

Det finst mange andre inndelingar med ulike funksjonar som det ikkje har vore høve til å koma inn på her, og gjennom åra har det vore gjort ei rad endringar som har verka inn på namnebruken. Eit stort inngrep skjedde rundt 1964 i samband med dei store kommuneendringane etter tilråding frå Scheikomiteen. Eit veksande problem har vore å finna fram til namn når to eller fleire inndelingar skal slåast saman. Skal hovudsenteret i den nye eininga leggja premissane for kommunenamnet, t.d. Horten for Borre? Eller skal ein velja eit hybridnamn som Holtålen for dei tidlegare Haltdalen og Ålen? Eller skal ein ta med båe dei to gamle namna som i Eresfjord og Vistdal? Eller eit heilt nytt namn som Ringerike for m.a. Hønefoss, Norderhov og Hole? Her kjem både namnekonsulentane og dei aktuelle vedtaksorgana til å få mykje å hanskast med i tida som kjem.

Kjelder og litteratur

  • Falk, Hjalmar og Marius Hægstad, 1915: Utredning om landets inddelingsnavne. Kristiania.
  • Falk, Hjalmar og Marius Hægstad, 1916: Utredning om landets inddelingsnavne. II. Kristiania.
  • Falk, Hjalmar og Marius Hægstad, 1918: Utredning om norske bynavn. Kristiania.
  • Helleland, Botolv, 1990: Stadnamn i ubunden form. Namn och bygd 78, s. 79–88.
  • Indrebø, Gustav, 1927: Norsk namneverk. Oslo.
  • Indrebø, Gustav, 1931: Fylke og fylkesnamn. (Bergens Museums Årbok 1931. Historisk-antikvarisk rekke 1.) Bergen.
  • Indstill. 1905 = Indstilling fra den af kirke- og undervisningsdepartementet under 6. januar 1902 nedsatte komite til revision af de geistlige og civile inddelingsnavne. Kristiania 1905.
  • NOU 1983: 6 = Noregs offentlege utgreiingar. Stadnamn. Frå eit utval oppnemnt ved kongeleg resolusjon 12. oktober 1979. Lagt fram for Kultur- og vitskapsdepartementet i mars 1983. Oslo – Bergen – Tromsø.
  • Ot.prp. nr. 55 (1918). Om forandring av rikets inddelingsnavn. Kirke- og Undervisningsdepartementets indstilling av 19de juni 1918, som er bifaldt ved kongelig resolution av samme dag.

 

-- Botolv Helleland er førsteamanuensis i stedsnavngransking ved Universitetet i Oslo og siden 1984 en av statens navnekonsulenter, forfatter av flere bøker og tallrike artikler om navn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter