Språkvitskapleg arbeid med norsk i 1905 og tidlegare

AV KJELL VENÅS

Det kongelige Frederiks Universitet eller på latin Universitas Regia Fredericiana vart skipa i 1811, men opna ikkje verksemda før juni 1813. Den fyrste tida femnde arbeidet heller ikkje vidt, som rimeleg var. Universitetet hadde ikkje eige hus; bygningane ved Slotsvejen (frå 1852 Karl Johans gate) kom fyrst i tida 1841–52. Det fyrste verkeåret vart det utnemnt sju professorar; fem av dei kom frå tilsvarande embete i København. Året etter kom det åtte til. Så seint som i 1823 var det berre tre filologiske lærarstillingar ved Universitetet. Det var mange fleire i 1905, men fåe i norsk språk.

Til universitetsjubileet i 1911 vart det laga eit festskrift i to store band. Stykket om filologien var skrive av Magnus Olsen, som frå 1908 var professor i «oldnorsk og islandsk sprog og litteratur». Han delte kapitlet i fire bolkar. I tida frå 1813 til 1845 var det dei klassiske studia av gresk og latin som rådde. Tida frå 1845 til 1863 gav Olsen namn etter den fyrste store norskfilologen: «P.A. Munch og hans samtid». Både Munch (1810–63) og Rudolf Keyser (1803–64) arbeidde med språk ved sida av historie. Som filologar var dei pionerar i studiet av gammalnorsk og gammalislandsk (seinare: norrøn filologi). Den tredje bolken i artikkelen er om «Sophus Bugge (og Oluf Rygh)». I arbeidet med eddadikta utvida Bugge kunnskapane om både språket og litteraturen. Rygh var fyrst arkeolog, men med opplegget av det monumentale verket om norske gardsnamn vart han den store namnegranskaren. Den fjerde bolken (frå 1870) knyter band mellom Sophus Bugge og dei som kom etter han.

Professorat i landsmål (nynorsk)

Studiet av språk og historie i gammalnorsk tid var ein viktig del av norsk nasjonsbygging i sambandstida med Sverige. Noko anna var studiet av den bindelekken mellom gammal og ny tid som dialektane utgjorde. Den fyrste utgranskinga av nyare norsk språk kom utanfor Universitetet med arbeidet åt Ivar Aasen (1813–96). Den ættararven som i det gjeldande skriftmålet vart kalla «Almuesprog» eller «Folkemaal», vart fyrst granska med pengar løyvde av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Frå 1851 stødde Stortinget arbeidet med eit fast og livsvarig tilskot beinveges til Aasen. Det var på tale å gjera han til professor, men det vart ikkje noko av, mykje fordi han sjølv ikkje ville. Dialektarbeidet til Aasen vart ført vidare av Hans Ross (1833–1914). Han vart heller ikkje professor då han kunne tenkje seg å bli det (1881), og då sjansen kom seinare, hadde han ikkje hug. Den fyrste universitetsstillinga i nyare norsk språk kom i 1886. Då vart Moltke Moe (1859–1913) professor i  «norsk Folkesprog, med Forpligtelse til ogsaa at foredrage Folketraditioner». Interessene hans låg til folketradisjonane, og han tok seg ikkje godt av den fyrste delen, norsk folkemål.

I 1890-åra vart det noko politisk togdraging om professoratet Moltke Moe hadde. Det enda med ei omskiping, så eitt embete vart til to. Språkdelen vart professorat i  «landsmaalet og dets dialekter». Det var to som søkte det, Marius Hægstad (1850–1927) og Amund B. Larsen (1851–1928). Norskspråkleg bakgrunn, utdaning, forskingsprofil og også språkleg syn og praksis hjå dei to var ulike.

Marius Hægstad var vestlending, med oppvokster i Nordfjord og Bergen. Ved Universitetet hadde han teke artium og andreeksamen. Alle artiumskandidatar tok før 1883 eksamen ved Universitetet. Andreeksamen var det folkelege namnet på det som offisielt heitte  «Examen philosophicum». Den omfatta mange fag, med studium som på eit års tid skulle gjera studentane mogne til sjølve embetsstudiet. Etter utdaninga i Christiania hadde Hægstad ei tid studert språk i Oxford, særleg fonetikk. I yrkeslivet var han lærar i mellomskulen og folkehøgskulen og dessutan lokal- og rikspolitikar. Han hadde eigenleg berre eitt vitskapleg vedlegg til søknaden på professoratet, ei utgreiing om trøndermålet i gammalnorsk tid.

Amund B. Larsen var frå Solør og hadde embetseksamen frå Universitetet. Etter det hadde han vore lærar i den høgre skulen, og han hadde granska norske dialektar med ymse offentlege tilskot. Han hadde doktorgraden på ei stor utgreiing om heimemålet sitt.

Nemnda som skulle velja mellom dei to, hadde ei vanskeleg oppgåve. Hægstad skreiv landsmål, hadde skrive lærebøker i landsmål og var leiar for ei nemnd som skulle normere målet. Han var vel den fremste landsmålsmannen i landet, men vitskapsarbeidet hans galdt gammalnorsk. Larsen skreiv det tradisjonelle skriftmålet og interesserte seg ikkje for landsmål, men han var suveren i  «dets dialekter», og han var ein framifrå målgranskar. Løysinga vart at landsmålsdugleiken fekk telja mest, så Hægstad vart professor. Han sat i embetet i 1905 og vart sitjande til han gjekk for aldersgrensa etter fylte 70 år i 1920. Ja, vel så det, for han gav undervisning eit par år til. I mellomtida hadde embetet rett nok skift nemning; i 1917 vart det omdøypt til professorat i nordisk språkvitskap.

Normering og målstrid

Om Hægstad ikkje hadde mykje dokumentert vitskapleg gransking å vise til i 1899, vart også han ein framifrå språkvitskapsmann. Han arbeidde mest med dei historiske kjeldene til dialektane våre; dei er grunnlaget som landsmål (frå 1929 nynorsk) byggjer på. Som professor i vel tjue år gav Hægstad ut band etter band om målet i gammalnorske tekster, og noko som han ikkje fekk ferdig med han levde, vart publisert av andre seinare. Ved målmedvite og utrøyttande arbeid gav han eit systematisert og veldokumentert jamførande oversyn over gammalnorsk i dei ymse landsdelane. Ved dette arbeidet kom det overtydande klårt fram at talemålet i Noreg før 1350 skilde seg noko frå éin landsdel til hin. Det fanst norske dialektar også då. I lange ekskursar la Hægstad fram funn om nyare tid, både mellomnorsk (1350–1525) og nynorsk (etter 1525). Han hadde også andre saker å stelle med. Nemndarbeidet med å normere landsmål førte til dei fyrste offisielle inngrepa i Aasen-normalen. I dei nye skrivereglane for landsmålet i skulane, den såkalla Hægstad-normalen av 1901, hadde mindretalsvotumet åt Hægstad i nemnda vorte til eit fleirtalsvedtak i statsråd.

Då det i 1916 kom ei ny nemnd som skulle ta for seg norma i båe skriftmåla, var Hægstad også med. Heile livet var han sjølv ein overtydd føretalsmann for landsmål i høve til den andre målforma i landet. Målsynet hans femnde vidt. Han gjekk imot Bjørnson då diktarhovdingen i 1899 lyste krig mot målrørsla, han stridde for stil på sidemål og vart i 1906 den fyrste leiaren av Norigs Maallag; laget vart skipa eit år etter unionsbrotet.

Hægstad i 1905

Det er råd å gå meir presist inn på kva Marius Hægstad gjorde i 1905. I vårsemesteret det året gjekk han i undervisninga si vidare med eit emne frå hausten 1904: Med éin time i veka gjekk han gjennom romanen Brite-Per av sunnhordlandsforfattaren Jens Tvedt. Då han var ferdig med den, las han over Symra av Ivar Aasen. Hovudsaka var sikkert språket i bøkene. I éin veketime underviste han i nynorske dialektar, frå Oppland til Setesdal; éin veketime gjekk til skriftlege øvingar og – som universitetskatalogen seier:  «retroversion». Å retrovertere var å omsetja attende til språket ei tekst er omsett frå; det var vel dei to skriftmåla i landet studentane skulle setja i høve til kvarandre. Det var jamtover 14 som følgde timane.

Hægstad var friteken for to veketimar av undervisningsplikta på fem for skuld eit vitskapsarbeid han hadde under hender. Det ruvande verket Vestnorske maalføre fyre 1350 kom med det fyrste bandet i 1906. Hausten 1905 leverte han til prenting eit par mindre arbeid som knytte seg til det.

Sommaren 1905 var Hægstad på studieferd til København. I biblioteka der fann han originalane til mange gammalnorske tekster han skulle arbeide med. Han treivst alltid godt i København. Det hadde å gjera med at han fekk arbeide med vitskapen sin i fred, men også med at han trefte nye menneske; Hægstad hadde eit ope og omgjengeleg lag.

Denne sommaren var det likevel noko spesielt med. Opphaldet i København fall saman med tingingane i Karlstad om oppløysinga av unionen og ordskiftet om kongedøme eller republikk. Hægstad var overtydd republikanar, men no skreiv han i brev heim:

«Det er ikkje hyggjelegt aa lesa um den republikanske uppøsingi i Norig. Republiken kjem visst likevel av seg sjølv utan alt dette strævet, som berre skapar gagnlaus strid og set oss ned i augo aat utlandet, som ikkje skynar korleis nordmennerne, naar det gjeld heile sjølvstendet, kann gaa avstad og stridast innbyrdes um eit so uviktig spursmaal.»

Seks dagar seinare skreiv han:

«Dei hev ikkje vore gode, dei siste dagarne her for meg. Fredag og i gaar trudde endaa eg at det kunde verta krig i Norig, og eg hev aldri vore i slik spaning som dei siste dagarne. – I dag tidleg fekk eg daa endeleg sjaa i Politiken at der er von til ei fredeleg løysing. Og glade kann me alle vera. Eg vonar daa at den norske delegationen i Karlstad ikkje hev gjenge med paa noko som er til vanære eller skam for fedrelandet.»

I ei filologforeining heldt Hægstad foredrag om landsmålet. Det var mange til stades og stor fagning, så han skreiv heim: «eg lika meg godt millom desse hyggjelege folk».

Arbeid med det gamle målet

Attende til gammalnorsk og no til Universitetet i 1905. Den gamle og store Sophus Bugge (1833–1907) var over 70 då. Ein augnesjukdom hadde gjort han mest blind, men han heldt likevel fram med undervisning og vitskapsarbeid. I vårsemesteret 1905 gjekk han gjennom eddakvæde (Rigsþula, Hávamál) i to veketimar og tolka runeinnskrifter i éin. I alle timane brukte han noko tid til å øve inn gammalnorsk grammatikk. Undervisninga tok til 24. januar og slutta sist i mai; etterpå var universitetslærarane opptekne med eksamen. Bugge hadde gjennomgåande 30 tilhøyrarar, nokre færre i rune-timane.

Sophus Bugge var frå 1866  «extraordinær professor i sammenlignende sprogvidenskab med forpligtelse til at foredrage oldnorsk». Mange av arbeida hans i jamførande språkvitskap krinsa om fjerne språk, som albansk, armensk, etruskisk og hettittisk; dei har fått hard kritikk i ettertida. I studiet av gammalnorsk språk og litteratur, runer, stadnamn og folkeviser sette han derimot varande merke etter seg. Bugge hadde eit uvanleg rikt fantasiflog, som likevel var kontrollert av store kunnskapar og djup innsikt. Han vart høgt vørd av vitskapsfolk på dei same felta ute i verda, og her heime såg mange på han nærast som ein helt av Nansen-format for arbeidet hans med emne som vedkom nasjonen Noreg. I den samanhengen må ein ikkje minst tenkje på tolkingane av runeinnskriftene våre. I 1865 hadde han tolka innskrifta på det vidkjende danske gullhornet frå Tønder i ei avhandling på berre 23 liner, som vart ein lykel til grunnlag for andre tolkingar. Like etter synte han at språket i dei eldre runeinnskriftene ikkje er gotisk, men urnordisk. Mange var mindre glade då han i 1880-åra meinte å finne framandt opphav til mytane i dei gamle helte- og gudedikta.  Bugge gav ut folkeviser (1858) og eddadikt (1867) i ei utgåve som enno er ein standard. Han var riddar, kommandør og fekk storkorset av St. Olavs orden.

Då Bugge på gamle dagar tok til å gje ut runeinnskriftene, fekk han frå 1902 hjelp av studenten Magnus Olsen (1878–1963). Han las innskriftene for Bugge, og Bugge dikterte korleis han meinte dei skulle tolkast. Bugge hadde kontaktar med fagfolk i mange land, og gøymde brev etter han kom i 2004 i ei trebands utgåve. Alt i 1902 skreiv han til svensken Adolf Noreen at Olsen  «er min tilhører, og jeg tenker paa ham som min efterfølger». Som alt nemnt gjekk det slik Bugge tenkte. Embetet åt Magnus Olsen var rett nok avgrensa til nordisk, men i dei nordiske disiplinane førte han tradisjonane frå Bugge vidare i eit langt og idug forskarliv som femnde om språk og litteratur i norrøn tid, runer, stadnamn og anna. Olsen gav ut det språkvitskaplege og allmennkulturelle tidsskriftet Maal og Minne frå 1909 til 1950.

Frå dansk-norsk til riksmål

Skriftspråket som Noreg i 1814 ervde frå det dansk-norske fellesbuet, vart drøft og studert på ymse måtar i sambandstida med Sverige. Fyrst var det noko strid om namnet på det, med sterke meiningar både i Noreg og Danmark. Namnestriden slo igjennom til skulen, særleg fordi det vart tvil om kva dei skulle kalle lærebøkene i dette språket: Kunne ei lærebok i dansk-norsk heite Norsk Grammatik? Det vart prøvt å ordleggje og løyse dette på meir enn ein måte. I alle høve kom det ut lærebøker, etter kvart noko tilmåta norsk talemål og tilhøvet mellom talemål og skriftmål. Desse lærebøkene var utgreiingar om språket. Det var inga vitskapleg stilling ved Universitetet til å granske det, men det er likevel ikkje meldt sterke ynske om slike stillingar. Mange studiar om skriftspråket hadde med fornorsking å gjera – den var nokre for og andre imot.

I 1850-åra kom det likevel to store grammatikkar som skildra dansk-norsk. Dei var skrivne på privat basis, av forfattarar som hadde utdaning frå Universitetet, men sjølve arbeidde i den høgre skulen. Dei to grammatikkane speglar av namnespørsmålet i titlane. I 1855 kom Modersmaalets Formlære i udførlig Fremstilling av Jakob Løkke (1829–81) og i 1856 Haandbog i dansk-norsk Sproglære av Knud Knudsen (1812– 85). Knudsen hadde nokre år før opna eit arbeid med det ein kan kalle bruksretta språkvitskap, og etter kvart førte det til ei mengd av bøker, artiklar og andre skrifter. Han hadde eit språkpolitisk føremål, men gav samstundes mykje ny kunnskap om det skriftspråket han sjølv kalla dansk-norsk, og om talemålet som knytte seg til det, som han kalla «den dannede dagligtale».

Ein annan som arbeidde mykje med norsk språkvitskap på slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet, var nok knytt til Universitetet, men hadde eit embete som ikkje galdt norsk. Johan Storm (1836–1920) var frå 1873 til 1912 professor i romansk og engelsk filologi, men han hadde norsk språk som den fyrste kjærleiken sin, og endå embetet hans peikte i ei anna lei, søkte han i 1877 Stortinget om tilskot til å laga eit Værk over det norske Sprog. Han fekk ikkje stønad, men arbeidde likevel med norsk språk på ymse felt gjennom mykje av universitetslivet sitt. Han granska dialektane våre inngåande, skreiv utførleg om lydane i norsk talemål, laga eit eige lydskriftsystem for det og gjorde hundretals oppskrifter etter heimelsfolk i bygdene. Dialektgranskingane galdt grunnlaget for landsmålet, men Storm skreiv òg studiar over det skrivne landsmålet. Han sette Aasen høgt, men trudde ikkje på noka framtid for landsmålet. Også om det dansk-norske skriftmålet laga han mange utgreiingar. I 1905 skreiv han såleis om «Sproget i den nye Oversættelse af Det Nye Testamente» (1904) som eit avbrot i studiar om skriftmålet til forfattarane frå 1800-talet. Han granska det for å klårleggje grunnlaget for ei mogeleg ny rettskriving.

Embetet åt Storm hadde etter namnet ikkje noko med norsk språkvitskap å gjera. Eit par andre embete stod for så vidt nærare norsk, men det var likevel dei særlege interessene åt innehavarane som gjorde at dei granska norsk språk vitskapleg. Dei to var Alf Torp (1853–1916) og Hjalmar Falk (1859– 1928). Frå 1890-åra og utover laga dei viktige verk saman. Torp hadde frå 1894 eit personleg professorat i sanskrit og jamførande språkvitskap. Falk var fyrst dosent og seinare professor i germansk filologi. Falk skreiv i 1890-åra populærvitskaplege bøker om språk og kulturminne. Torp interesserte seg òg for nordisk og skreiv privat like godt gammalnorsk som latin. Midt i 1890-åra gjorde Falk framlegg om at dei skulle laga ei etymologisk (historisk) ordbok saman. Med dei arbeidde med ordbokprosjektet, gav dei ut bøker om dansk-norsk lydhistorie (1898) og syntaks (1900). Ordboka tok til å koma i 1901, og ho var ferdig i to store band i 1906. I 1910–11 kom dei med ei omarbeidd og utvida utgåve på tysk. Den etymologiske ordboka vart eit viktig verk ikkje berre for nordisk, men for historisk språkvitskap i det heile. Falk og Torp gav kvar for seg andre tilskot til utgranskinga av norsk, men det vil føre for langt å gå inn på dei her.

Eit professorat i riksmål vart skipa i 1912, med tilsetjing i 1916 av Didrik Arup Seip. Året etter vart det saman med professoratet i landsmål omdøypt til professorat i nordisk språkvitskap.

Kjelder

  • Det Kongelige Fredriks Universitet 1811– 1911. Festskrift I–II. Kristiania 1911.
  • Det Kongelige Norske Frederiks Universitets Aarsberetning for [...] 1902–1907. Kristiania.
  • Falk, H. og A. Torp. 1900. Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling. Kristiania.
  • Falk, H. og A. Torp. 1903–06. Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. I–II. Kristiania.
  • Flo, R., A. Garborg og M. Hægstad. 1899. Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne. Tillegg til Universitets- og skoleannaler. Kristiania.
  • Halvorsen, E.F. 2000. Bugge, Elseus Sophus. Norsk biografisk leksikon. 2, 61 f.
  • Holm-Olsen, L. 1981. Lys over norrøn kultur. Oslo.
  • Hægstad, M. 1899. Gamalt trøndermaal. Kristiania.
  • Hægstad, M. 1906–42. Vestnorske maalføre fyre 1350. Kristiania/Oslo.
  • Knudsen. K. 1856. Haandbog i dansk-norsk Sproglære. Kristiania.
  • Kruken, K. (utgjevar). 2004. Sophus Bugges brev. I–III. Øvre Ervik.
  • Linn, A.R. 2004. Johan Storm. dhi grétest pràktikal liNgwist in dhi werld. Oxford.
  • Longum, L. [1989].  «Norsk» som forsknings- og studiefag. Oslo.
  • Løkke, Jakob: Modersmaalets Formlære i udførlig Fremstilling. Kristiania.
  • Nygaard, R.R. 194I: Fra dansk-norsk til norsk riksmål. Oslo.
  • Olsen, M. 1911. Filologien. Det kongelige Fredriks Universitet. Festskrift. II, 290–380. Kristiania.
  • Olsen, M. 1925. Bugge, Elseus Sophus. Norsk biografisk leksikon 1. II, 356–68.
  • Rindal, M. 2003. Olsen, Magnus Bernhard. Norsk biografisk leksikon 2. 7, 148 f.
  • Torp, A. og H. Falk. 1898. Dansk-norskens lydhistorie med hensyn paa orddannelse og bøining. Kristiania.
  • Venås, K. 1992. I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo.
  • Venås, K. 2000. Ivar Aasen og Universitetet. Oslo.

 

-- Kjell Venås har vært professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Har skrevet bøker og artikler om målføre, stedsnavn, sosiolingvistikk og faglige biografier om Ivar Aasen, Marius Hægstad og Gustav Indrebø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter