Stoda for nynorsken og målrørsla i 1905

AV OLAF ALMENNINGEN

Då unionen med Sverige vart oppløyst 7. juni 1905, hadde det alt gått 20 år sidan Stortinget med 78 mot 31 røyster gjorde det skilsetjande jamstellingsvedtaket som sikra det nyreiste landsmålet politisk plass som skriftmål ved sida av «det almindelige bogsprog». Dette rydda grunnen for den store framgangen som «det norske folkesprog» – også kalla landsmål, og frå 1929 nynorsk – kom til å få i tiåra frå 1890 og fram til 1920. I desse hektiske 30 åra skjedde det meir i den ytre norske språkhistoria enn det har gjort nokon gong før i moderne tid. Oppløysinga av unionen med Sverige var eit avgjerande politisk steg for landet som det var full semje om i alle politiske leirar. Det var det slett ikkje om målspørsmålet. Politisk fridom kravde indre språkleg frigjering frå den framandslege dansk-norsken, meinte dei på landsmålssida, medan riksmålssida ville byggja vidare på det etablerte dansk-norske skriftspråket og heller endra på det i ulik grad.

Med dette politiske rammeverket frå 1885 på plass kunne ein lettare byggja opp og grunnfesta stillinga til landsmålet på ulike samfunnsområde. Politisk var det målrørsla og ungdomslagsrørsla og bondereisinga som bar dette verket fram, kanalisert gjennom partiet Venstre på Stortinget. Som målpolitiske arenaer var skulen og kyrkja i ei særstode, sidan kom lokalt og sentralt styringsverk etter. Men også det nynorske skriftlivet måtte ha sitt trygge rom om det nye skriftspråket skulle makta å føta seg. Særleg viktige vart då skjønnlitteraturen og nynorske forlag, aviser og blad. Med etter måten små økonomiske ressursar måtte nynorsken kjempast fram gjennom parallellorganisering, sidan målet ofte møtte stengde dører i dei dansk-norske organa.

Aviser, blad og forlag

Det vitskaplege og litterære grunnlaget for det nye skriftspråket vart fastsett i dei 50 åra som gjekk føre 1905. I og med Ivar Aasens målvitskaplege grunnlagsarbeid og den litterære gjennombrotsfasen for nynorsk som vi fekk ved diktarar som A.O. Vinje og Arne Garborg og Aasen sjølv, og gjennom pioneraviser som Dølen (1858– 1870) og Fedraheimen (1877–1891), låg språket føre som eit skriftleg alternativ i det minste, sjølv om brukarane enno var heller få. Mange andre bladtiltak stranda etter berre få år, og noka sterk og omfattande nynorsk presse fekk vi ikkje før Den 17de Mai kom i 1894, etterfølgt av vestlandsavisa Gula Tidend i 1904. Borna fekk sitt Norsk Barneblad (1887 og 1894) og ålmenta det velkjende tidsskriftet Syn og Segn i 1894. Forlagsverksemda sleit også tungt, og mykje av ansvaret fall her på Det Norske Samlaget. Sidan opna også bokmålsforlag som Olaf Norlis forlag og Aschehoug dørene sine for nynorsk skjønnlitteratur. Men skulle det nynorske riksmålet for alvor verta eit bruksmål i samfunnet, måtte det ut til breiare lag av folket, og her var skulen den aller viktigaste arbeidsteigen.

Skulen

Alt i 1878 hadde Stortinget fastsett at borna kunne få bruka sin eigen dialekt i skulen, og læraren skulle ta omsyn til dette i undervisninga. No kom turen til skriftspråket. Frå 1892 hadde det vorte høve for skulestyra til å velja landsmål som opplæringsmål i folkeskulen, og mange krinsar nytta no høvet til å gjera det. Skilnaden mellom det «gamle» og det «nye» norske språket var enno nokså stor, sett med moderne norske auge, så alternativa var rimeleg klare. Legg vi tekstar på dei to målformene, slik dei såg ut i 1905, ved sida av kvarandre, så ser vi det klart og tydeleg.

Læraren og målmannen Peder Hovdan (1874–1965) frå Hemne i Sør-Trøndelag fungerte som eit slags statistisk sentralbyrå for det målbytet som no kom, og frå heimen sin på Stabekk følgde han heilt frå fyrst på 1890-talet nøye med på dei målvedtaka som no vart gjorde i skulen. Ut frå Hovdans opplysningar gjekk om lag 250 skulekrinsar over til landsmål (nynorsk) i åra 1892–1900 og 170 krinsar til i tidsrommet 1900–1905. Då Noreg og Sverige skilde lag, hadde såleis kring 420 skulekrinsar valt det nye skriftmålet til opplæringsmål. Dei fleste av desse krinsane var heller små, for folk budde endå meir spreidd enn dei gjer i dag, og mest kvar grend hadde si eiga vesle skulestove. Kor mange prosent av elevane som no lærde å skriva nynorsk frå 1. klasse i 1905, veit vi ikkje, truleg var det mindre enn 5 %. Dei fyrste kjerneområda for nynorsk vart Sunnmøre, Vest-Telemark, Innherad, Vefsn, Hardanger, Midtre Sogn og Indre Agder. Dalføra austafjells og kystroka på Vestlandet, som i dag er sikre nynorskområde, lét enno venta på seg, men alle landsluter vart med, med unntak av Sør-Austlandet og Finnmark.

Men det var uråd for skulane å velja nynorsk opplæringsmål dersom det ikkje fanst kunnige lærarar som makta å læra det frå seg til elevane. Frå 1885 og frametter løyvde Stortinget derfor pengar til landsmålskurs kringom i bygdene, då det no vart større etterspurnad etter særskild landsmålskompetanse, for å seia det på moderne vis. På lærarskulane vart det ikkje obligatorisk skriftleg opplæring i begge riksmåla før i 1902, så desse kursa hadde sin viktige misjon lenge. Dertil kom slike frivillige kurs og ymis anna opplæring som målorganisasjonane skipa til på eiga hand. Peder Hovdan opplyser at medan 8 % av lærarskulestudentane nytta landsmål som sitt skriftmål i 1897, så hadde dette talet stige til 31 % i 1901, berre fire år etter. Dette fortel sitt om det kraftige oppsvinget som landsmålet fekk i ei nøkkelgruppe i samfunnet i desse avgjerande åra.

Ei autorisert rettskriving, «Hægstad-normalen» (som har namn etter professor Marius Hægstad (1850–1927)) fekk det nye, men tidvis noko sprik-
jande skriftmålet også i 1901, då regjeringa fastsette korleis målet skulle sjå ut i skulen. Sjølv om både forfattarar og andre skribentar prøvde seg fram med ulike måtar å skriva nynorsk på, var det no slutt med at målet fekk gå på sjølvstyr i skulen.

Nynorskopplæringa i dei høgare skulane (gymnaset), som den gongen var mest reine byskular for borna åt borgarskapet og embetsmennene, var eit heitt stridstema i åra før og etter unionsoppløysinga. Eit framlegg om å jamstella dei to skriftmåla i den skriftlege opplæringa i norsk til studenteksamen fall på Stortinget i 1896, men saka kom opp att framfor valet i 1906, og det vart vedteke i 1907. I gymnasa stod altså nynorsken nokså veikt då unionen med Sverige brast.

Universitetet

På Universitetet i Oslo, sjølve bastionen for den norske embetsmannsstaten, gjekk det endå tråare med å gje rett og rom til nynorsken, så her laut Stortinget overstyra universitetsleiinga og løyva pengar og oppretta særskilde professorat i landsmål og folkekultur to gonger før 1905. Moltke Moe vart utnemnd til professor i norsk folkemål og folkedikting i 1886, medan Stortinget fem år før hadde røysta ned eit framlegg om å gjera Hans Ross til professor i landsmål. Så sommaren 1899 vart Marius Hægstad sett til professor i «landsmålet og dets dialekter» av Stortinget, og det gav det nyreiste skriftmålet både den vørdnad og tyngd som trongst. Studentane på si side fekk ikkje lov til å bruka nynorsk til eksamen før i 1908, men det måtte fyrst ein kongeleg resolusjon til her òg.

Lærebøker og skjønnlitteratur

Lærebøker på det nyreiste, men enno noko uferdige skriftmålet var det òg skralt med lenge. Stoda for morsmålsfaget kom seg derimot monaleg då Andreas Austlids ABC-bok kom ut i 1881, etterfølgd av leseboka hans i 1889. Seinare kom Nordahl Rolfsen med sine vidkjende og omtykte lesebøker og bygde bru mellom dei to måltradisjonane og batt det heile saman. I andre fag stod det langt verre til, men dei nytta lærebøker i bokmål inntil det låg føre nynorske bøker i dei få faga det galdt. Skjønnlitteraturen var alt på plass, med nynorske storkultar som Ivar Aasen, A.O. Vinje og Arne Garborg som vegbrøytarar. Sidan følgde Per Sivle og Rasmus Løland opp med soger og forteljingar for borna. Gløymast må heller ikkje Elias Blix’ banebrytande litterære innsats med Nokre Salmar frå 1869. Sidan kom denne samlinga ut i fleire omvølte utgåver.

Kyrkja

Same avgjerande rolle for målreisinga fekk Blix-salmane i kyrkja, der motstanden mot landsmålet var heller sterk. «Me vil ha Guds ord på det målet Herren nytta på Sinai bjerg og ikkje på det som me bannar på,» skal ein arg sogning ein gong ha sagt då det bryggja opp til målbyte og målstrid i den lokale kyrkja han sokna til. Språkstriden som no følgde i kyrkja, var på mange vis hardare enn i skulestova, for det religiøse livet stod meir sentralt for mange folk i den tida enn det gjer no. Derfor var det overlag viktig å gje nynorsken status og prestisje ved å reisa han som religiøst riksmål. Styresmaktene autoriserte Blix-salmane til bruk i kyrkja i 1892, og no følgde ei rad kyrkjelydar opp med å innføra dei i sine heimegrender. Men enno fanst det ingen sjølvstendig nynorsk liturgi, og berre einskilde delar av Bibelen låg føre i nynorsk omsetjing. Det Nye Testamentet var ferdig omsett i 1889, medan det drog ut med å få alle skriftene i Det Gamle Testamentet ferdige, såleis kom ikkje dei fem Mosebøkene ut før etter 1905. Det Norske Samlaget stod for utgjevinga, og Stortinget løyvde pengar. Tekstbok og altarbok på nynorsk kom ikkje før i 1907. Også i kyrkja vanta det folk som meistra nynorsk i den fyrste tida. Pionerar som Anders Hovden, Bernt Støylen og Peter Hognestad rydda vegen, og sidan kom andre etter. Ikkje minst viktige vart ungdomsprestane som reiste ikring i sine bispedøme og heldt nynorske preiker og agiterte for målsaka samstundes. Men den store framskuven for nynorsk som offisielt kyrkjemål kom fyrst i dei 20 åra etter unionsoppløysinga.

Offentlig styre og stell

Det tok også noko lengre tid å få nynorsken i bruk i offentleg styre og stell. Sentralt gjekk Stortinget i brodden, fyrst med munnlege innlegg haldne på landsmål av somme nynorskvenlege tingmenn, seinare kom han òg inn i skriftlege dokument. Såleis kom den fyrste lova på nynorsk – Log um sams normaltid for kongeriket Norig – i 1894. Lettare gjekk det ute på bygdene, der det gjerne fungerte slik at ordføraren i bygda tok til å føra møteboka for heradsstyret på nynorsk. Setesdølar og telemarkingar var fyrst ute med dette, men den fyrste skreda over til nynorsk i kommunane kom ikkje før i åra 1908–1914.

Målrørsla og ungdomslaga

Men alt dette kom ikkje av seg sjølv, det laut ei brei organisering til for å gje målreisinga kulturpolitisk tyngd nok. Her fekk Noregs Ungdomslag, den radikale landssamskipnaden for ungdoms-lagsrørsla, mykje å seia då han vart skipa i 1896. Svært mange av ungdomslaga hadde målsaka øvst på sakskartet, attåt andre aktuelle spørsmål som lausriving frå Sverige, kvinnesak, folkedans og amatørteater og fremjing av allmenn folkeopplysning elles. Og så dreiv medlemene i ungdomslaga gjerne og øvde seg i skriving på det nye målet i lagsblad og møtebøker. Alle dei nystarta folkehøgskulane utetter på bygdene stod det også gjerne ungdomslagsfolk og målfolk bak.

Dei reine mållaga spratt opp her og der i åra etter 1868 då Oslo og Bergen hadde fått sine lag gjennom Det Norske Samlaget og Vestmannalaget. Truleg hadde det vorte skipa kring 30 lokale mållag før 1892. I 1905 låg dette talet på kring 100, noko som fortel om ei kraftig organisatorisk bølgje for målsaka ved hundreårsskiftet. Viktigast her var dei 11 nye fylkesmållaga som no kom til, der Austmannalaget, som skulle dekkja Oppland og Hedmark, var fyrst ute (1899). Seinare på året følgde Trønderlaget, Rygjalaget, Firda Mållag, Egde- og Telelaget, Vestfoldlaget og Møre og Rauma Mållag etter. I 1900 kom så Austfoldlaget og Buskerud Mållag, medan Akershuslaget såg dagens lys i 1902. Det største og mektigaste fylkesmållaget vart likevel Vestlandske Mållag, som vart skipa i Bergen i 1904. Dertil kom dei store mållaga og ungdomslaga i byane, som sikra økonomien i norskdomsrørsla med kaffistovene og bondeheimane sine og vart miljøskapande samlingsstader for innflyttarane frå bygdene. Her var Bondeungdomslaget i Oslo (1899) det mest sentrale, men også Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø hadde sine BUL-lag. Politisk spela Studentmållaget i Oslo (1900) ei veldig viktig rolle, og på mange lærarskular dukka det også opp eigne elevmållag. Både aktivitet og medlemstal ymsa ein del i mange av desse laga, og det samla medlemstalet kom truleg ikkje opp i meir enn 3000. Landslaget Noregs Mållag kom derimot ikkje til før i februar 1906, men både Det Norske Samlaget og Noregs Ungdomslag hadde fungert som sentrale politiske pressgrupper godt nok fram til dette.

Åra før 1905 er såleis ei kraftig oppblomstringstid for målrørsla både organisatorisk og politisk, og rørsla veks fram nedanfrå i takt med framvoksteren av mykje anna folkeleg organisasjonsliv i Noreg i desse åra. Tida kring hundreårsskiftet er sjølve fødselstida for Organisasjons-Noreg. Unionsoppløysinga i 1905 kom såleis midt i ei tid med store ombrøyte i norsk språkhistorie. For landsmålet, som no var på full fart inn i det nye norske samfunnet, var alt mykje vunne litterært og politisk, men det stod endå att ein del i kyrkja, den høgre skulen og offentleg verksemd, både lokalt og ikkje minst sentralt.

Litteratur

  • Olaf Almenningen: Målstrev og målvokster 1905–1913. Oslo 1984
  • Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
  • Einar Haugen: Riksspråk og folkemål. Oslo 1966
  • Kjell Haugland: Målpolitiske dokument 1864– 1884. Oslo 1971
  • Kjell Haugland: Striden kring sidemålsstilen. Oslo 1971
  • Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928
  • Turid Kleiva og Bodil Røyset: Paa børnenes eget talemaal. Oslo 1981
  • Anders Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950
  • Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Jostein Nerbøvik: Norsk historie 1870–1905. Oslo 1973

 

-- Olaf Almenningen er er tidligere leder i Noregs Mållag, fra 1987 redaktør i Norsk Ordbok ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter