Leiar: 1905–2005

1905–2005 har vore eit utruleg hundreår. Me markerer og feirar unionsoppløysinga, og gjer det fordi den 7. juni og alt som følgde etter det året, var store hendingar.

Men som vanleg med oss menneske har me lett for å bli ståande fast i nokre få førestellingar og så gløyma resten. For i røynda er det i resten av det som skjedde i åra rundt 1905, at me finn den verkelege dramatikken. Sjølvsagt var unionsoppløysinga historisk viktig, men utover det politiske påverka ho utviklinga monaleg mindre enn andre meir upåakta hendingar. Til dømes var utbygginga av fosse-falla og den nye industrialiseringa mykje viktigare for det nye Noreg på 1900-talet enn unionsoppløysinga. Innføringa av sidemålsstilen i 1907 påverkar norsk skulekvardag den dag i dag – på godt og vondt.

Skal me skriva nokre linjer om dei store omveltingane i samfunnet vårt frå 1905 til 2005, blir våre stikkord tre – industrialisering, folkeflytting, språkutvikling. I 1905 var landet framleis totalt dominert av primærnæringane, i dag er det mindre enn 10 % som er sysselsette der. I 1905 var det eit folketal på om lag 2,3 millionar – i 2005 er folketalet 4,6 millionar. Ei dobling på hundre år! Men aller mest dramatisk har balansen mellom by og land vorte skipla. I 1905 budde meir enn to av tre nordmenn på land-et. I 2005 er det meir enn to av tre nordmenn som bur i by. I 1905 var vårt land, saman med Irland, det fattigaste landet i Europa. No, hundre år seinare, er me det rikaste. Det er ingen spøk, det heller, for det skal god rygg til for å bera gode dagar, sa besten. Og endeleg – i 1905 var det dominerande offisielle skriftspråket dansk. Min bestefar, som gjekk for presten i indre Sogn på slutten av 1800talet, hadde dansk katekisme. Naturlegvis.

Sidan den tid har vår offentlege språkpolitikk gjeve oss to norske skriftvariantar, der fleirtalsvarianten bokmålet (riksmålet) i røynda har ein kortare tradisjon enn mindretalsvarianten nynorsken (landsmålet).

Sanneleg har omveltingane hatt dimensjonar. Difor meiner me det er rett å fylla dette nummeret av Språknytt med artiklar som tek opp ymse språklege aspekt i tida rundt 1905.

I det symbolmetta året 2005 er òg Språkrådet i ferd med å skifta ham. Etter Norsk språknemnd (1952–1971) og Norsk språkråd (1972–2004) er det no tredje generasjon språkorgan som tek form. Styre og direktør (utpeika av departementet) kom på plass i 2004. Dei tilsette i sekretariatet skal halda fram i stillingane som før, Språknytt skal halda fram som før, men det eksterne rådet (med sine 38 medlemmer) vart lagt ned ved årsskiftet. Kva som kjem i staden for rådsforsamlinga, er det i skrivande stund ikkje gjort endeleg vedtak om. Alt tyder like-vel på at spørsmålet om ny ekstern organisering blir avklara i 2005, slik at det nye språkorganet er ferdig etablert ved komande årsskifte.

Parallelt med det organisatoriske hamskiftet skjer det ei språkpolitisk nyorientering. Professor Gjert Kristoffersen (Universitetet i Bergen) har fått ansvaret for å leia ei gruppe som skal skriva eit språkpolitisk dokument. Dei skal levera si innstilling i september i år. Det er ingen løyndom at hovudsaka i den utgreiingsprosessen dreiar seg om strategisk tenking for å ta vare på norsken som fullverdig språk i framtida. Det er dét språkpolitikken på totusentalet må dreia seg om.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015