Innhaldsrik reklame

Marknadsføring og reklame har eksistert så lenge vi har hatt noko vi vil selje. Men det kjem stadig nye typar marknadsføring, oftast med engelske namn – og dei treng norske nemningar.

Noko av det «hottaste» innan marknadsføring for tida er content marketing. Det er ein strategi der annonsørar produserer innhald som er av interesse for utvalde målgrupper dei ser på som potensielle kundar, og som liknar på journalistiske uttrykksformer. Ei vanleg omsetjing av content marketing er innhaldsmarknadsføring, og ei anna og litt eldre nemning er tekstlike annonsar. Kritikarane vil gjerne kalle det reklamejournalistikk eller redaksjonell marknadsføring.

Inn- og utgåande

Inbound marketing er ein variant av innhaldsmarknadsføringa som omfattar mellom anna marknadsføring i sosiale medium, søkjemotoroptimalisering og nettsider. Målet er at kunden skal komme til annonsøren, i staden for at annonsøren skal oppsøkje kunden. Motsetnaden er outbound marketing, det ein kanskje tenkjer på som tradisjonell marknadsføring, til dømes telefonsal og tv- og avisreklame.

På norsk finn vi både innkommande marknadsføring og inngåande marknadsføring i bruk for inbound, medan utgåande vert brukt for outbound. Men det er nok ikkje til å komme ifrå at dei engelske orda inbound og outbound diverre er vanlegast også på norsk.

Med og utan samtykke

Ein annan variant er permission marketing, eller samtykkebasert marknadsføring, ei slags blanding av innkommande og utgåande marknadsføring i form av nyheitsbrev og e-postreklame som kunden har samtykt i å få. Annonsøren går ut til kunden, men det er kundens val om han eller ho vil ha reklamen.

I native advertising liknar reklamen på plattforma han blir vist på, i form og funksjon. Det kan til dømes vere ein artikkel i ei nettavis som er skriven av ein annonsør, men som i utsjånad og stil liknar på dei redaksjonelle artiklane, slik at det kan vere vanskeleg å sjå skilnaden. På norsk finst det fleire nemningar, mellom anna integrert marknadsføring, men kritikarar vil nok seie at kamuflert marknadsføring er ei betre nemning.

Det er nok dei som enkelt og greitt vil kalle alt dette marknadsføring. Men når det dukkar opp nye nemningar på engelsk, så finn dei gjerne vegen til Noreg. Og då må vi reklamere for dei norske namna.

 

-- Av Marianne Aasgaard, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter