Kan du skilje mellom [ç] og [ʂ]?

Uttale av språk har alltid vore i endring. Overgangen frå «kjylling» til «sjylling» er eit godt døme på det. Nokre synest det er spennande, andre synest det er skjemmande.

AV ROLF THEIL

Då eg var gut, hadde eg ein kamerat som ikkje greidde å seie kj-lyden, lyden fremst i vanleg austnorsk uttale av kjære. Han uttala ordet kjære med sj-lyd, lyden fremst i vanleg austnorsk uttale av skjere, og syntest det var flautt, for han skulle snart byrje på skulen. Eg var litt eldre enn han og meistra desse lydane, så eg prøvde å hjelpe han. Dette var mange år før eg visste at det fanst noko som heiter fonetikk, men eg fann ei råd. – Gjer som om du skal seie ein j, men i staden blæs du luft ut gjennom munnen, sa eg. Han så gjorde, og der var kj-lyden på plass! Dette var tidleg på sommaren, og då hausten kom, byrja han på skulen med litt mindre kleising.

For dei fonetisk interesserte legg eg til at eg med «kj-lyd» og «sj-lyd» meiner den ustemde palatale frikativen [ç] og den ustemde apikale frikativen [ʂ]. Så er det sagt.

Lydar i rask rekkjefølgje

Der eg kjem ifrå, seier vi at ungane kleisar når dei enno ikkje snakkar reint. Grunnen til at ungar kleisar, er for det fyrste at det tek tid å lære alle lydane i eit språk. I ulike variantar av norsk finn vi mellom 15 og 30 ulike konsonantfonem, og kvart fonem har så mange variantar – allofonar – at eit barn truleg må lære mellom 100 og 200 ulike konsonantvariantar for å få «vaksen» uttale. I tillegg kjem vokalane. Norske dialektar flest har ni korte og ni lange vokalfonem, som òg varierer etter kvar i ordet dei står.

For det andre skal ungane lære å uttale lydane i rask rekkjefølgje. Dei må ha god kontroll over rundt 35 ulike musklar for å oppnå normal talesnøggleik, som for dei fleste germanske språka er om lag seks stavingar i sekundet, avhengig av talestil. Japanarane skal vere dei som uttalar flest stavingar i sekundet, faktisk nærmare åtte.

For det tredje tek det nokre år før artikulasjonsorgana har utvikla seg slik at det er mogeleg å snakke reint. Ved fødselen liknar vi meir på sjimpansar enn på vaksne menneske i munnen og svelget, og det er fyrst i fireårsalderen at taleorgana har fått den utforminga som skal til for at ein vaksen uttale i det heile er mogeleg.

Ørsmå skilnader

Og høyrsla må ikkje undervurderast! Ei norsk staving inneheld normalt ein vokal og i gjennomsnitt éin til tre konsonantar, slik at vi må oppfatte mellom ti og tjue språklydar i sekundet. Ei god stund før skulealderen har som regel det meste falle på plass. Ved hjelp av skarp høyrsle og imponerande muskelkontroll greier vi å uttale det eller dei språka vi høyrer kring oss, på nesten nøyaktig same måten som foreldre, sysken og leikekameratar. Til og med variasjonen i språket tek vi etter, med statistisk presisjon.

Utfordringane med å lære å snakke er i det heile så store at det nesten er utruleg at vi får det til. Men det burde ikkje overraske oss at variasjon er eit grunnleggjande drag ved språket. Fonetiske instrument viser at vi aldri seier eitt og same ordet på nøyaktig same måten. Til dels er det snakk om skilnader som er så små at dei ikkje kan høyrast, men mykje av variasjonen er ganske tydeleg.

Oss og dei

Variasjonen i språket blir utnytta sosialt. Noko av variasjonen er reint individuell, men den individuelle variasjonen har tronge grenser. Litt meir avvikande uttalevariantar treng eit sosialt miljø for at dei skal overleve. Ein gong, kanskje for rundt 200 år sidan, slutta ein del menneske i Christiania å bruke «tjukk l», [ɽ], og begynte å seie «vanleg l», [l], i staden. Den nye uttalen b[l]å, mot eldre b[ɽ]å, blei eitt av fleire klåre merke på tilhøyrsle – eller eit ønske om tilhøyrsle – i høgare sosiale lag.

Vi tek ikkje berre etter språket i det miljøet vi veks opp i, ned til minutiøse detaljar, men i ung alder registrerer vi òg språklege skilnader mellom vår eiga gruppe og andre grupper. Med gruppe meiner eg då alt frå familie, kameratflokk, grannelag og generasjonar til lokalsamfunn, samfunnslag og etniske grupper. Samspelet mellom den individuelle variasjonen og trongen menneska har til å understreke forskjellen på «oss» og «dei», er opphavet til mange av dei språklege skilnadene i verda. Det går langsamt, men etter nokre tusen år blir resultata tydelege.

Nyskaping og spreiing

Men tilbake til kj-lyden. For om lag 35 år sidan heldt instituttet vårt eit etterutdanningskurs i lingvistikk for lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Ein ungdomsskulelærar frå Oslo fortalde oss at fleire av elevane hans uttala ord som kjære og kylling med sj-lyd, og ikkje med den kj-lyden som vi vaksne brukte. Reaksjonen vår var begeistring – tenk, ei lydendring i vår tid! Slikt var ikkje og er ikkje daglegdags. Framleis kan vi stå ved ein ferskvaredisk og høyre yngre folk bestille «sjylling». Om dette blir den vanlege framtidsuttalen i Oslo og andre stader, kan vi framleis ikkje seie noko om. Dersom nye generasjonar held på uttalen «sjylling» livet ut, kan det skje ei varig språkendring, ved at dei som seier «kjylling», etter kvart døyr ut.

Slikt har sjølvsagt skjedd svært mange gonger tidlegare. Tenk berre på at vi i dag ikkje lenger skil i uttalen mellom ord som tek til med j, gj, hj og lj, trass i at dei blei uttala på kvar sin måte på norrønt.Vi uttalar jorde, gjorde og ljore likt, og vi uttalar gjort og hjort likt.

Korleis kunne det skje at større grupper av ungdomar for nokre tiår sidan byrja å seie «sjylling» i staden for «kjylling»? Når vi undersøkjer språkendringar, må vi skilje mellom det at noko nytt oppstår, og at det nye spreier seg til større grupper. Det nye må fyrst oppstå hos nokre få individ før det kan spreie seg til fleire. Det nye kan byrje med den vesle individuelle variasjonen. Dersom det nye får ein identitetsskapande funksjon, spreier det seg og kan bli forsterka. Vi kjenner til døme på at folk med ei sterk lokal identitetskjensle overdriv uttaledrag dei opplever som karakteristiske for staden.

Varig endring?

Lenge før nokre ungdomar byrja å seie «sjylling», hadde variasjonen i uttalen av kj-lyden blitt tydeleg i Oslo-området, og nokre uttalevariantar låg nærmare sj-lyden enn i eldre uttale. Det er liten tvil om at uttalen «sjylling» fekk ein identitetsskapande funksjon, og då låg forholda vel til rette for spreiing innanfor visse grupper. Nokre ungdomar gjekk over frå å seie «kjylling» til å seie «sjylling» seint i tenåra, det var ikkje ei overlevd kleising! Men i Oslo-området ser uttalen «sjylling» ut til å vere eit livsfasefenomen. Dei færraste snakkar på same måten gjennom heile livet, og det er heilt tydeleg at mange som sa «sjylling» i ungdomstida, ikkje held fram med det gjennom livet. Men det kan halde fram som ein uttale som identifiserer særskilde ungdomsgrupper.

Det er ei velkjend sak at somme grin på nasen av uttalen «sjylling», og vi høyrer påstandar om at språket blir fattigare og mindre nyansert, mellom anna fordi skjere og kjære eller skylling (nynorsk skyljing) og kylling får same uttale. Men det er svært vanskeleg – om i det heile mogeleg – å finne døme på at dette skaper problem for kommunikasjonen. Ord blir alltid nytta i særskilde samanhengar, som ryddar misforståingane effektivt av vegen. Det er vanskeleg å tenkje seg at nokon bed om skylling i ferskvaredisken eller om kylling hos øyrespesialisten.

Trass i ulikt etymologisk opphav blir dei tre franske orda fin ‘ende; fin’, feint ‘falsk, tilgjord’ og faim ‘svolt’ uttala heilt likt, men det er utruleg kor mykje homofoni eit språk toler – og det er gefundenes Fressen for dei som elskar ordspel.

 

-- Rolf Theil er professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter