Den tunge språkarven

No image

Han er setesdøl med hud og hår og snakkar valldøl som besteforeldra gjorde. Ho vil vere menneske før ho er setesdøl og synest dialektarven blir for tung å bere. Velkomen til Setesdal anno 2016.

AV ASTRID MARIE GROV

Setesdal. Berre namnet er nok til å gje mang ein språkforskar stjerner i augo. Dei øvre delane av dalen låg lenge så avsides til at bratte stigar og kløvvegar var den einaste måten å kome inn og ut på. Det har påverka språket. Den dag i dag snakkar setesdølane den dialekten som ligg desidert nærast gammalnorsk. Eller, iallfall somme av dei.

For vegen ut og inn av Setesdal er ikkje så lang lenger, verken faktisk eller virtuelt. Impulsane utanfrå er like mange og like dominerande som for nordmenn flest. Det påverkar setesdølane språkleg og gjer at dei på eit eller anna tidspunkt i livet tek eit meir eller mindre medvite val. Eit val om å tale døl eller eit val om å late vere.

Ein særeigen kulturarv

Oppe i åsane i Hylestad, sør i Valle kommune, bur Sigurd Brokke (45). Han er ein tradisjonsberar med stor t, og i stova hans heng familieportretta tett på veggen. Det er ingen tvil om at Brokke er stolt av å vere setesdøl.

– I Setesdal har me ein særeigen kulturarv som eg synest det er viktig å ta vare på.

Sigurd Brokke | Foto: Leonhard Jansen

Når Sigurd Brokke ikkje er på jobb som vaktmeister på den lokale skulen, brukar han svært mykje av tida si på å dyrke den tradisjonelle setesdalskulturen. Han er aktiv innanfor folkemusikkmiljøet og er ein av dei fremste munnharpespelarane i landet. Takk vere mellom andre han kan folkemusikktradisjonen frå Setesdal snart stå på verdsarvlista til UNESCO.

Og så er det dialekten, då. I lag med sambygdingar har Brokke bygd opp ein eigen nettstad, Vallemål, der ord frå valledialekten blir løpande dokumentert. Kvar veke sidan 2002 har Brokke møtt likesinna for å diskutere og dokumentere fleire ord i databasen, der dei ligg fritt tilgjengelege for publikum. Han har stilt opp i fleire tv-program som talsmann for setesdalsmålet.

Det finst med andre ord knapt ein setesdøl som har betre oversikt over vallemålet enn Sigurd Brokke.

– Den viktigaste grunnen til at me byrja arbeidet med ordinnsamlinga, er at setesdalsmålet er under press. Å dokumentere dialekten for ettertida var det beste me kunne gjere for å ta vare på han, for det har gått fort nedover dei siste tiåra.

Men i 2016, på kjøkenet til Sigurd Brokke, lever dialekten i beste velgåande. Diftongane rullar ut av munnen hans omtrent som dei må ha gjort hjå forfedrane, og dei grammatiske kategoriane er så mange og omfattande at dei får alle andre norske dialektar til å bleikne. For Brokke sjølv er dialekten slett ikkje nokon museumsgjenstand, og han synest det er viktig å prate så uforfalska valldøl som råd.

– Foreldra og besteforeldra mine retta av og til på talemålet mitt då eg var liten. Om eg til dømes kom til å bruke moderniserte uttrykksmåtar som«Eg frýs’e på føtan», fekk eg beskjed om at det heiter «Eg frýs'e 'å fótó». Eg trur det var med på å gjere meg medviten om at språk er interessant og verd å dyrke og ta vare på.

Dialektbruken går tilbake

Men slett ikkje alle setesdølar er like medvitne om språk som Sigurd Brokke, og blant dei nye generasjonane lever dialekten langt meir utsett.

– Dialekten er nok den delen av setesdalskulturen det står dårlegast til med. Du veit, det er jo så lett å ta på seg bunaden eit par gonger i året, men dialekten er liksom noko ein ber med seg heile tida. I min generasjon opplever eg at folk stort sett snakkar omtrent som meg her i kommunen, både menn og kvinner. Men i dei seinare åra har det skjedd ein nedgang. Det har vore ei gradvis forandring gjennom fleire tiår, som har auka på sterkt frå rundt 80-talet og framover. Blant dei yngre generasjonane er det svært mange som ikkje snakkar noko slags form for setesdalsmål, eller der dialekten berre skin gjennom som brotstykke.

Sjølv om Sigurd Brokke gjerne ser at ungdom snakkar dialekt, trur han det er vanskeleg å snu trenden.

– Folk brukar jo det talemålet dei høyrer rundt seg. Så når born og unge fyrst byrjar å snakke til dømes bokmål, er det ei utvikling det er vanskeleg å gjere noko med. Korleis ein snakkar, er jo til sjuande og sist dessutan eit personleg val. Om ein skal få folk til å snakke dialekt, må dei oppleve at det er noko å vinne på det. Det er vanskeleg å overtyde folk om dette i dagens samfunn, for det er i stor grad byane som sit på definisjonsmakta, og det er vanskeleg for bygdene å hevde seg.

Brokke er oppteken av å ikkje bli oppfatta som ein som klagar over dei som ikkje brukar det tradisjonelle setesdalsmålet.

– Me har bygd opp nettstaden eine og aleine som eit tilbod som folk kan ha nytte og glede av. Sjølv om eg er setesdalspatriot og dialekten er ein viktig del av min identitet, kan eg sjølvsagt ikkje bestemme at andre skal oppleve det på same måten. Om folk vel å ikle seg setesdalsbunaden éin gong i året og elles snakke bokmål, må dei sjølvsagt stå fritt til det, smiler han.

No er jo setesdalsdialekten kanskje den mest markerte dialekten i Noreg. Kan du forstå at folk vel å ikkje bruke han fordi dei synest det er viktigast å bli forstått?

– Eg må jo respektere den haldninga, men det er ikkje eit synspunkt og ei erfaring eg deler. Tvert imot opplever eg at folk forstår meg uansett kvar eg ferdast i bygd og by. Dessutan meiner eg det kan ha klare fordelar å bruke dialekten til å profilere seg. Eg tvilar på at den lokale bonden vår frå «Jakten på kjærligheten» på TV2 i 2014, Tor Espen Helle, hadde blitt like profilert om han ikkje hadde snakka setesdøl.

Har aldri brukt dialekten

Midt i Valle sentrum bur Anne Hasla (32). Ho held rett nok til i eit hus som opphavleg er frå 1600-talet, men Hasla er designar, og interiøret i heimen peikar i langt større grad mot notid enn mot fortid. Og det står i grunnen i stil med Haslas talemål. Bortsett frå at ho skarrar på r-en, som unge valldølar flest, kunne Anne Hasla like godt kome frå ein stad innanfor Oslos Ring 3.

Anne Hasla

– Eg kan jo dialekten, men har aldri brukt han, verken her i Valle eller andre stader. Då eg vaks opp, snakka ikkje jentene rundt meg dialekt, og det er nok forklaringa på at det vart slik med meg òg. Mor mi meiner eg på eit eller anna tidspunkt tok eit val om å ikkje snakke dialekt. Men sjølv kan eg ikkje hugse å ha gjort det, iallfall ikkje medvite, seier ho.

Anne Ørnulfsdotter Fossen Hasla er oppvaksen i Valle, har mor frå Valle og sambuar frå Valle. Ho er ikkje nokon innflyttar som har ei «orsaking» for å ikkje snakke setesdøl. Ho er berre ein valldøl som ikkje snakkar valldøl, og fortel at ho på mange måtar er glad for det.

– Eg vil ikkje vere den personen alle legg merke til i sosiale lag. Og dialekten er så markert og spesiell, så utanfor Setesdal blir det fort slik. Om eg hadde snakka valldøl, hadde eg nok opplevd at universet mitt var ei bygd på 1300 innbyggjarar, og det blir litt smått. Det er noko med det å vere menneske før ein er setesdøl.

Det er ikkje for å markere avstand til Setesdal og setesdalskulturen at Anne Hasla ikkje snakkar det tradisjonelle vallemålet. Ho presiserer at ho lever godt med å kome frå Valle.

– Eg er stolt av å kome frå Setesdal, glad i dialekten og synest det er veldig kult at me har ein sånn dialekt i Noreg. Han er bevaringsverdig, og det hadde vore synd om han døydde ut. Men reint personleg er ikkje dialekten så viktig for meg, og det å snakke setesdøl kjenst i dag absolutt ikkje som min identitet.

Opplever talemålet som personleg

Sjølv om Anne Hasla ikkje er sikker på om ho tok eit val om å ikkje snakke setesdøl i barndommen, er ho nøgd med at det vart som det vart. Ho har ikkje noko ønske om å ta i bruk dialekten i vaksen alder.

Valle "sentrum"

– Eg synest livet er vanskeleg nok som det er, seier ho og smiler. – Verda er blitt mindre, så eg synest i grunnen det er mest praktisk å ikkje snakke dialekt. Her i Valle må ein ofte flytte heimanfrå når ein er 16 år, og då blir det for brutalt om folk ikkje skal forstå deg. Eller iallfall om dei skal tenkje meir på korleis du seier noko, enn kva du seier.

Men sidan du aldri har snakka dialekten, er vel ikkje dette erfaringar du har gjort deg sjølv?

– Nei, det har eg ikkje, og opplevingane om korleis det er å snakke setesdøl ute i verda, varierer nok frå person til person. Men eg veit at fleire synest det er vanskeleg å bli forstått. Det er kanskje lettare for dei som er veldig trygge på seg sjølv, å stå støtt i dialekten. Eg var nok meir av den usikre typen då eg var ungdom, så eg trur det hadde vore vanskelegare for meg enn for ein del andre å bruke dialekten. Eg vil understreke at eg no snakkar om setesdalsmålet, som jo er spesielt vanskeleg å forstå. Eg er veldig for dialektbruk generelt sett.

For Anne Hasla er talemålet noko sterkt personleg, og i motsetning til Sigurd Brokke synest ho ikkje at det er noko foreldre skal styre.

– Dersom ungane opplever for mykje korrigering, fryktar eg at dei kan bli redde for å opne munnen. Foreldra mine la seg aldri borti korleis eg snakka, og eg legg meg heller ikkje borti korleis min eigen treåring snakkar. Så det står att å sjå om han kjem til å snakke setesdøl. Førebels ser det nok dårleg ut.

Sjølv om Hasla ikkje brukar valledialekten sjølv, deler ho Sigurd Brokkes uro for framtida til dialekten.

– Det er vanskeleg å seie korleis ein skal få unge til å byrje å bruke setesdøl. Det må nok i så fall bli kult og attraktivt å gjere det, men eg har ikkje noko godt svar på korleis det skal gå til. Så eg fryktar at dialekten skal døy ut om eit par generasjonar. Eg gjer jo det.

Eit forståeleg val


Unn Røyneland er professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo og har arbeidd mykje med dialektar og dialektendring. Ho meiner at Anne Haslas talemål utfordrar det tradisjonelle synet mange har på dialekt.

– Eit språkval er alltid eit identitetsval, seier Unn Røyneland ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

– Språket har jo ein viktig signalfunksjon, me tenkjer gjerne på dialekt som noko som nærast høyrer fysisk heime på geografiske plassar. Det er eit syn me finn att hjå Sigurd Brokke, som fortel oss at dialekten for han er ein sentral del av det å vere setesdøl. Men Anne Hasla viser oss at det er fullt mogeleg å vere frå ein plass og vere stolt av det utan å bruke den lokale dialekten. Så den sterke koplinga mellom språk og stad må me nok byrje å revurdere i eit så mobilt samfunn som vårt.

Røyneland meiner det å velje bort ein dialekt òg er eit val.

– Eit språkval er alltid eit identitetsval, for når ein brukar ein talemålsvarietet, vel ein alltid bort ein annan. Sjølv om Anne Hasla har valt det mest nøytrale, fortel det noko om kva tilhøyrsle ho har, og kva slag gruppe ho assosierer seg med. Samtidig er det klart at språkvalet gjer henne til medlem av ei stor gruppe, slik at ho stikk seg mindre ut språkleg. Det er eit forståeleg val som mange kan kjenne seg att i.

Samtidig som eldsjelene er viktige for ein dialekt, er det ikkje udelt positivt om dialektbruk blir assosiert med eit visst levesett, seier Røyneland.

– På den eine sida nyt eit talemål godt av menneske som Sigurd Brokke, som ser på dialekten som ein del av setesdalspakka. På den andre sida kan det vere uheldig dersom bruken av ein dialekt blir knytt til eit spesifikt sett av verdiar, livsstilar og kulturelle praksisar. Då blir det ikkje til å unngå at nokon ikkje kjenner seg heime i han.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter