Kort


Bli med på nordisk språkmøte

Det nordiske språkmøtet 2014 blir halde i Stockholm 28.–29. august. Møtet blir arrangert av Nettverket for språknemndene i Norden i samarbeid med Språkrådet i Sverige og Nordisk språkkoordinasjon. Temaet er den nordiske språkdeklarasjonen. Møtet er ope for alle som er interesserte i nordisk språkforståing, nordisk språkpolitikk og dei nordiske språka. Program og påmelding finn du her.


Få med deg Språk i Norden

Språk i Norden er årsskriftet til nettverket for språknemndene i Norden. I 2014-utgåva er temaet språkteknologi i Norden. Kva er status, og kva kan språknemndene gjere på dette området? Dei fleste artiklane er baserte på innlegg frå det nordiske språkmøtet i 2013. I tillegg inneheld skriftet eit oversyn over nordiske ordbøker og språkpublikasjonar som kom ut i 2013. Les meir på www.nordisksprogkoordination.org.


Danske Bank sløyfer dansk

Styret i Danske Bank har i et forslag til generalforsamlingen foreslått at vedtektene endres slik at årsrapportene fra og med regnskapsåret 2013 skrives på engelsk, med en kortversjon på dansk. Styret ønsker altså å snevre inn språket i årsrapportene, men foreslår at det kan snakkes norsk og svensk i tillegg til dansk på møter og generalforsamlinger.

– Vi uttrykker oss best på vårt eget morsmål. Gir man slipp på morsmålet sitt, gir man fra seg et fortrinn, sier Nina Teigland, seksjonssjef for fagspråk og språk i samfunn og høyere utdanning i Språkrådet.


Foto: Simon Battensby / ImageSource / NTB Scanpix

Nordiske banneord

I boka Swearing in the Nordic Countries er banneord frå mellom anna Noreg, Sverige, Finland, Litauen og Danmark lagde under den lingvistiske lupa. Boka er delt inn i fire tema: banneord og alder, banneord i media, banneord og omsetjing og historiske banneord.

Boka er ei samling artiklar frå eit symposium for nordiske språkforskarar om banning i dei nordiske landa og er utgitt av Dansk Sprognævn i 2014. Les meir om banning her.


Nominer til Språkprisen 2014! 

Språkrådet arbeider for å fremme og styrke stillingen til norsk språk og deler derfor ut en pris for fremragende bruk av norsk i sakprosa. Prisen kan gå til en person eller til en gruppe (institusjon, bedrift, organisasjon osv.). Nytt fra i år er at prisen skal deles ut annethvert år for bokmål og nynorsk. I år står bokmål for tur.

Alle kan nominere kandidater til Språkprisen. Kandidatene kan komme fra næringsliv, forskning, undervisning (læremidler), forvaltning, presse, teknologi, kulturliv (f.eks. blogger) osv. Juryen må ha forslagene før 20. juni. Prisen deles ut på Språkdagen 18. november.

I 2013 ble Språkprisen gitt til én bokmålsforfatter og én nynorskforfatter, teologen Gyrid Gunnes og forfatteren Edvard Hoem.


Grunnlova på norsk

Stortinget vedtok 6. mai i år to språkleg moderniserte versjonar av Grunnlova. Grunnlova har dermed skifta språkdrakt frå dansk til norsk to hundre år etter at ho vart vedteken.

Bokmålsversjonen er utarbeidd av professor emeritus Finn-Erik Vinje, medan nynorskversjonen kjem frå eit utval leidd av professor Hans Petter Graver, der Språkrådet var med. Bokmålsversjonen vart vedteken med 165 mot 4 røyster og nynorskversjonen med 168 mot 1 røyst.

Graver-utvalet la òg fram ein bokmålsversjon, som var meir i samsvar med dagens skriftspråk enn Vinjes versjon. Eit framlegg om begge versjonane frå Graver-utvalet vart forkasta med 82 mot 87 røyster. Vi har dermed fått to versjonar som skil lag på nokre punkt.

Grunnlova vart sist modernisert i 1903, men berre med ørsmå justeringar. Eit moderniseringsframlegg frå Finn-Erik Vinje og Carl I. Hagen vart avvist i 2012. Den endelege bokmålsversjonen til Vinje er meir moderne i ordvalet enn den førre.


Boppa! – kvensk og norskfinsk på nett

I forbindelse med prosjektet «Ressurssenter for kvensk og finsk» har Vadsø videregående skole laget et nytt nettsted om det kvenske/norskfinske i Norge. Nettsidene er en ressurs for alle interesserte, særlig for lærere og elever på høyere klassetrinn. Sidene inneholder en fyldig lenkesamling til nettressurser i Norge, Sverige og Finland. Les mer på www.boppa.no.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter