Klipp

TV-REKLAMAR frå matgigantar som vil selja nordmenn «eeekte italieeensk piiizza», krydra sausar eller indiske rettar satsar ofte på stemmer med karikatur-aktig aksent. Ein meksikansk mariachi-songar med gitar og sombrero er ikkje nok for å selja «Fresh Mex» frå Toro. Han fortel også at du finn tacoprodukta «i skjoledisken». Dårleg norsk gir ekstra autensitet.

Spaltist Ann Kristin van Zijp Nilsen i Vårt Land

***

DENNE NIDKJÆRE kvalitetssikringen er den største forskjellen på WSJ og norske medier, mener Jervell. – Hver eneste artikkel leses og kontrolleres gjennom fem-seks ledd. Derfor er det nesten ikke skrivefeil eller faktafeil i Wall Street Journal.

Den norske journalisten Ellen Emmerentze Jervell i avisa Wall Street Journal,
intervjua i Journalisten

***

SKAL EG med bøygd nakke skamme meg over åra med «hull i CV-en» når eg søkjer ny jobb? […] Det er svært sjeldan ein finn eit positivt uttrykk eller omgrep som har «hull» i seg. Det nærmaste er gjerne «null hull» som indikerer eit godt dentalt liv. […] I ei sak frå NRK kan ein lese at «Stordalen er oppteken av at sjølv de med hull i cv-en skal få ein sjanse». Ja tenk det, til og med dei som har eit hull i CV-en skal få ein sjanse, det er jo heilt fantastisk! Det viser seg når ein les artikkelen at Stordalen faktisk ikkje nytta denne floskelen. Han er berre oppteken av mennesket og ikkje CV-en deira. Det var journalisten som heiv utrykket inn. Men det syner at begrepet «hull i CV-en» er på full fart inn i språket vårt. Det er ei utvikling eg ikkje liker.

Dagleg leiar Oddvar Vignes i Vignes grav Å spreng,
i Bergens Tidende

***

Radiolyttere | Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

DE FÆRRESTE sitter og nilytter foran radioen, men har den i stedet surrende i bakgrunnen. Da kan en fin, mangetydig og åpen norsk tekstsnutt man fanger opp være som en vitamininnsprøytning i hverdagen. Vi nordmenn liker å være best i verden i engelsk, men jeg tror likevel de aller fleste må konsentrere seg mer for å få tak i engelske tekster. Ved en anledning ble det spilt 16 engelske låter på rad før det kom en norsk. For en ørken!

Journalist Marius Lien om NRK P13s første dag på lufta,
i Morgenbladet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter