Portugisisk på banen

Er du klar for å følgje fotball-VM i Brasil og bli betre kjent med portugisisk? Vi ønskjer å spele ball med fotballinteresserte lesarar og finne språklege band mellom Noreg og Brasil. For det finst vel fleire portugisiske ord i norsk enn samba, lambada og bossa nova?

AV OLE VÅGE

Portugisisk vert tala av om lag 220 millionar menneske på fire kontinent. Forklaringa på utbreiinga finn i vi portugisisk historie. Portugal er nemleg ein gamal sjøfararnasjon som på 1400-talet og framover sende ut karavellar og andre havgåande fartøy på oppdagingsferd. I kjølvatnet av oppdagingane koloniserte portugisarane område i Afrika og Asia og ikkje minst Brasil i Sør-Amerika. I tillegg etablerte Portugal ei rekkje handelsstasjonar, og handelen med eksotiske varer vart avgjerande for framveksten av den nye verdsmakta. Med på lasset kom også klosterordenar med portugisiske munkar og nonner som dreiv med misjonering, og dimed lærte seg fleire av dei framande språka.

Ei ny verd med nye handelsvarer for oss europearar gav også nye ord, og mange av dei tok etter kvart vegen heim til oss og kom inn i det norske språket. Og minst like viktig var reiseskildringar og forteljingar, som formidla fleire nye ord frå dei portugisiske koloniane.

Portugisisk som transittspråk

Ein aprildag i år 1500 gjorde portugisaren Pedro Álvares Cabral og flåten hans strandhogg i det som no heiter Brasil. Den portugisiske krona gjorde krav på territoriet, og nokre tiår seinare busette dei første kolonistane seg der. Dei møtte framande dyr, plantar og landskap og også innfødde som allereie hadde ord på sitt eige språk for alt det nye og eksotiske. Fleire av desse orda, som mellom anna kjem frå søramerikanske språk som tupi og guarani, finn vi att i norsk i dag.

Ananas har vorte vanleg i butikkhyllene i løpet av dei siste tiåra. Ordet ananas kjem frå na’na i tupi eller naná i guarani og tyder ’svært god frukt’, og det er det ikkje vanskeleg å seie seg samd i. Tupi vart tala langs kysten av Brasil, men døydde ut for om lag to hundre år sidan. Guarani derimot er i høgste grad levande og vert i dag tala av nesten fem millionar menneske, hovudsakleg i Paraguay. Andre ord som opphavleg kjem frå tupi og guarani, er mellom anna den frykta fisken piraja (frå pirá (fisk) og anha (tenner) i tupi), jaguar (yagué (beist, seinare hund) i guarani), kasjunøtt (acajú (nøtt som veks fram)i tupi), kajennepepar (kyinha (sterk paprika) i tupi) og maracas (mara´ka i tupi og mbaracá i guarani).

Alle desse orda har gått gjennom portugisisk på veg til norsk. Vi kan difor seie at portugisisk har fungert som eit transittspråk. Portugisisk har saman med spansk, det andre kolonispråket på desse breiddegradene, vore mellomledd eller leksikalsk omlastingshamn for ord frå ei anna røynd. Difor får slike ord gjerne også ei svært lik språkdrakt på andre europeiske språk. Portugisisk har rett og slett vidareformidla ord frå andre språk.

Hånd som fyller bensin på bil

Det passar bra om du lèt tankane flyge sørover neste gong du fyller tanken: Vi har fått tank frå portugisisk, som i sin tur henta ordet frå det indiske språket gujarati. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix

Albatross og bacalao

Vi nyttar ord i norsk som portugisisk har overført frå andre språk enn berre tupi og guarani i Brasil. Vi fyller gjerne væske i ein tank, eit ord som opphavleg kjem frå eit av språka i India, gujarati. I dette språket tyder tankh underjordisk regnvasslager eller cisterne, og portugisarane kalla det for tanque. Portugisarane var blant dei første europearane som hadde handelsstasjonar ikkje berre i India, men òg andre stadar i Asia.

Eit anna døme er ordet teak, altså treslaget, som kjem frå tekku i det dravidiske språket malayalam i Sør-India. Portugisarane tok med seg både trematerialet og det «akklimatiserte» ordet teca heim til Europa. Vi har òg fått arabiske ord via portugisisk, som albatross og monsun. Monsun kjem frå monção, som igjen kjem frå det arabiske ordet for årstid, mausim. Albatross har gått vegen frå det arabiske ordet for dykkar, al-gattas, gjennom portugisisk alcatraz. Sannsynlegvis har det latinsk ordet for kvit, alba, blanda seg inn i ordet vi nyttar, albatross. Fuglen er bokstaveleg tala ein kvit dykkar!

Bacalao er ein spennande fiskerett som vi nordmenn stadig oftare et med stor appetitt. Ordet kjem frå portugisisk bacalhau, som rett og slett tyder torsk. Hovudingrediensen til bacalaoretten er klippfisk, som Noreg eksporterer store mengder av til mellom anna Brasil og Portugal. Så medan bacalao på norsk syner til matretten, vert bacalhau nytta på portugisisk både om torsk og om matrettar som vert laga av denne fisken. Her har det sånn sett gått att og fram.

Maritime innslag

Nordmenn og portugisarar deler også eit nært tilhøve til havet. Ein skulle nesten tru at vi hadde mange maritime lånord frå portugisisk, men slik er det ikkje. Mange av dei maritime lånorda vi har, kjem frå nederlandsk. Men nokre er det likevel. Det å slepe eit skip eller ein lekter ved hjelp av eit anna fartøy, heiter å buksere på norsk. Ordet kjem opphavleg frå det portugisiske verbet puxar, som ålment tyder å dra eller slepe, og som difor like gjerne vert nytta av portugisiske landkrabbar som av sjøfolk.

Eit anna ord med portugisiske røter er kravell. Tradisjonelt finst det to måtar å byggje skrog til båtar på, anten kravell eller klink. Kravellbygde skrog har eit skjellett med ei glatt bordkledning, medan klinkbygde skrog har delvis overlappande bord. Ordet kravell kan også nyttast synonymt med karavell, ein skipstype frå seinmellomalderen med fyldig skrog og høgt akterskip. Om ein går enda lenger tilbake i ordhistoria, vil ein oppdage at det portugisiske caravela kjem frå det greske ordet for kreps, karabos.

No er ikkje alltid dei etymologiske ordbøkene samstemte. Nokre meiner at karavell kjem frå spansk snarare enn frå portugisisk. I det heile kan det i ein del tilfelle vere vanskeleg å vite om eit ord kjem frå det eine eller andre av desse iberiske språka, og det gjeld ikkje berre karavell. Det same gjeld også dei søramerikanske språka tupi og guarani. Samstundes har orda vi har sett på, neppe gått rake vegen frå portugisisk til norsk. Dei har gjerne tatt vegen om dansk, fransk, tysk, nederlandsk eller engelsk, og gjerne fleire av desse språka.

Japan–Portugal–Noreg

Meir overraskande er det nok at vi har fått inn nokre ord for japanske matrettar som eigentleg er portugisiske. Ein sushirestaurant har gjerne tempura på menyen, altså frityrsteikt sjømat eller grønsaker. Ordet kjem truleg frå det portugisiske tempero, som tyder krydder eller smakstilsetjing. Portugisarane etablerte handelssamband med Japan allereie i 1550 og var dimed først ute blant dei europeiske stormaktene. Med seg frå Portugal hadde dei teknikken å frityrsteike mat, og den vart etter kvart populær blant japanarane – og no heime hos oss.

Eit anna døme er battera, ein sushitype med makrell på toppen. Ifølgje fleire kjelder kjem ordet frå det portugisiske bateira, som tyder liten båt, sidan sushibiten eigentleg såg ut som ein liten båt.

Ordpasningar

Om det ikkje er så mange norske ord med portugisisk opphav, illustrerer dei like fullt korleis ord vandrar mellom språk. Med litt godvilje minner ordlån mellom språk litt om pasningar i ein fotballkamp. Ballen vandrar mellom fotballspelarar, gjerne fram og tilbake i eit samspel, og mange vil ha eit ord med i laget.

Slik er også ord på rundreise. Dei går gjerne innom fleire språk før dei finn vegen til eit språk som norsk. Anten det er snakk om ananas frå tupi, teak frå malayalam eller monsun frå arabisk, har portugisisk ofte hatt ei midtbanerolle før orda gjekk i mål hos oss.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Rettskriving

Portugisisk har fram til no hatt to ulike rettskrivingsnormalar, éin for Brasil og éin for Portugal og andre tidlegare koloniar. Etter at den nye rettskrivingsnormalen vart underskriven av styresmakter frå ulike portugisiskspråklege land i 1990, er ein no i ferd med å innføre felles skrivereglar for språket. Om lag 0,5 % av ordtilfanget i Brasil og 1,6 % i dei andre landa vil verte endra.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter