Mange kjenner «mekre», færre kjenner «bekre»

No image

M-en i verbet å mekre og b-en i substantivet ein bekre er den einaste skilnaden mellom dei to orda.

Verbet å mekre er eit lydetterliknande ord (eit onomatopoetikon), for geiter og sauer mekrar når dei gir lyd frå seg. Truleg har det heilt parallelt ein gong i tida eksistert eit verb å bekre, så det onomatopoetiske substantivet ein bekre er nok laga etter mønster av dette verbet.

Bekre er ei anna nemning for ’vêr’, ’saubukk’. Ordet finst på norrønt og moderne islandsk, der det heiter bekri. I nynorsk og ein del norske dialektar heiter det bekre, somme stader i forma bekar eller bøkor.

Sauer, lam og geiter brekar, og i breke og bekre er alle lydane dei same, men ikkje rekkjefølgja av dei: breke mot bekre. I mekre og bekre er den første lyden i ordet ulik, men båe orda endar på -ekre, så det er nok ein språkhistorisk samanheng mellom dei.

Her har me altså tre ord som er knytte til geiter og sauer: mekre, bekre og breke.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter