Ordbøker er viktig språkpolitikk

Språkrådet har i den siste tida gjeve råd til Kulturdepartementet om korleis samfunnet bør satse på ordbøker framover. Det trengst mellom anna språkpolitiske verkemiddel for å utvikle gode ordbøker og halde dei oppdaterte.

AV MARIT HOVDENAK

I språkmeldinga Mål og meining frå 2008 vart ordbøker og liknande oppslagsverk framheva som viktige for skriftkulturen i landet, for språkopplæring og kulturutveksling og for statusen til språka. Ut frå det botnar tilrådingane frå Språkrådet i ei uro for at kulturverdiar kan gå tapt, sidan universiteta ikkje lenger satsar på å ta vare på mange av språksamlingane sine. Situasjonen krev klare grep for å sikre grunnlaget for ein god ordbokpolitikk. Språkrådet peiker no på kvar det særleg bør brukast offentlege midlar.

Forsking og dokumentasjon

Omfattande språksamlingar er ein føresetnad for å lage ordbøker. Språkrådet tek difor til orde for at det blir oppretta eit senter som skal dokumentere og utforske dei språka som Noreg har ansvar for. Det bør kunne arbeide ikkje berre med norsk, men òg med minoritetsspråka kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Både samlingar og ordbøker bør vere lett tilgjengelege digitalt, slik at ein kan sjå kva materiale ordartiklane byggjer på. 

Dei største samlingane finst ved universiteta, særleg i Oslo, men det finst òg mange større og mindre lokale samlingar, ikkje minst av stadnamn. Eit forskings- og dokumentasjonssenter for språk bør ha nær tilknyting til eit universitet, eller eventuelt til Språkrådet eller Kulturdepartementet. Det bør vere eitt senter for både språk og namn med så vel språkfagleg kompetanse som IKT-kompetanse. 

Nasjonale ordbokverk

Språkrådet legg vekt på at vi treng eit fullverdig nasjonalt ordbokverk for kvar målform. Difor tilrår Språkrådet satsing på eit stort verk som etter moderne vitskaplege metodar dokumenterer bokmålet både historisk og i notida, og i si fulle breidd som bruksspråk. Frå før har vi Norsk Riksmålsordbok, som kom ut i fire band i perioden 1937–1957, og som dokumenterer ordtilfanget i riksmål og bokmål frå 1814, særleg i skjønnlitteratur. Det kom to tilleggsband i 1995.

Verket blir no modernisert og revidert og skal etter planen publiserast som nettordbok med tittelen Det Norske Akademis store ordbok (NAOB) i 2017. Språkrådet tilrår at NAOB blir fullført, og at det samtidig blir arbeidd grundig med eit forprosjekt for eit stort ordbokverk for bokmål. Eit utgangspunkt er prosjektet Bokmålets og riksmålets ordbokverk, der det er tenkt å byggje vidare på NAOB og trekkje inn andre ressursar.

Norsk Ordbok med undertittelen Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet dokumenterer ordtilfanget i nynorsk og dialektane frå 1600 til i dag. Ordboka har komme ut gjennom ein lang periode og blir fullført når det tolvte og siste bandet blir ferdig redigert i 2014. Alt no er ordboka allment søkbar frå bokstaven i og utover. Språkrådet tilrår at den første, eldre delen av verket, a–h, blir digitalisert og revidert med same moderne standard som elles i ordboka.

Standardordbøkene

Bokmålsordboka og Nynorskordboka kom ut som eittbands handordbøker for snart tretti år sidan og er no mykje brukte som gratis nettordbøker. Dei er den viktigaste kjelda for folk flest til kunnskap om gjeldande bokmåls- og nynorsknorm, men innhaldet treng revisjon for at ordbøkene skal vere tidsriktige. Språkrådet tilrår difor eit prosjekt for innhaldsrevisjon av begge ordbøkene, i eit tett samarbeid mellom ordbokredaksjonane. Deretter lyt ordbøkene oppdaterast jamleg.

Språkrådet har eit særskilt ansvar for å tilby informasjon om offisiell norsk rettskriving. Det gjer vi gjennom Bokmålsordboka og Nynorskordboka og gjennom å vedlikehalde fullformsordlistene i Norsk ordbank. Både stavekontrollar og skuleordlister bør kunne køyrast mot Ordbanken for å sikre korrekt normering av orda. Jamt vedlikehald av Ordbanken går òg hand i hand med vedlikehaldet av standardordbøkene.

Eit vidt spekter

Det finst eit vidt spekter av andre ordbøker, ikkje minst tospråklege (særleg frå og til engelsk), fagordbøker og andre spesialordbøker. Mange av dei har komme til fordi det har vore eit klårt behov i samfunnet, og ofte er det forlag som har finansiert utgjevinga heilt eller delvis. Denne marknaden er i sterk endring ettersom Internett meir og meir tek over som formidlingskanal, og det er ikkje sikkert at vanlege forlag i same grad vil kunne levere ordbøker av like god kvalitet lenger.

Tospråklege ordbøker til og frå nynorsk er mangelvare. Språkrådet meiner difor at tospråklege ordbøker som kjem ut med offentleg finansiering, må ha løysingar for begge målformene. Når det gjeld fagordbøker, har Språkrådet tidlegare rådd til at det blir sett av midlar til større aktivitet for utvikling av fagterminologi.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter