Bli med på Nordisk språkmøte 2014

(3.4.14) Er du interessert i nordisk språkforståing, nordisk språkpolitikk og språka i Norden? Då bør du få med deg nordisk språkmøte i Stockholm 28.–29. august. Møtet vert arrangert av nettverket for språknemndene i Norden ved Språkrådet i Sverige og Nordisk språkkoordinasjon og er ope for alle.

Den nordiske språkdeklarasjonen blir tema for innlegg og diskusjonar på det to dagar lange språkmøtet. Sentrale problemstillingar som blir diskuterte, er:

  • Kva inneheld språkdeklarasjonen?
  • Kva resultat ser vi av han?
  • Bør han reviderast?
  • Kva blir gjort for å gjennomføre og følgje han opp?
  • Kva skjer med dei fire arbeidsspørsmåla: språkforståing, parallellspråk, språkleg mangfald og Norden som eit språkleg førebilete?

Detaljert program og skjema for påmelding finn du på det svenske språkrådet sine nettsider.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter