Historia til orda

No image

Alle orda i språket har si historie, kort eller lang. Mange ord har funnest i norsk i tusen år eller meir, og det kan vi dokumentere med historiske skrifter. Andre ord har komme sjøvegen med handelsfolk og varer dei frakta med seg.

AV MARIT HOVDENAK

I våre dagar kan vi få nytt frå heile verda inn på ein skjerm. I språket lever eldgamle ord og nykommarar side om side. Språket er noko vi treng i det daglege, og samtidig ber det mykje historie i seg. Denne artikkelen er eit sveip gjennom etymologien, ordhistoria, for å gje eit inntrykk av korleis andre språk pregar norsk språk i dag.

Arveord

Arveorda er dei eldste orda vi har, dei er nedarva frå eldre språksteg (urspråk). Mange av dei er viktige småord som pronomen, preposisjonar og talorda (million er ikkje arveord). Andre eldgamle ord er slektskapsorda mor, far, søster og bror. Det språklege arvegodset har vi felles med nabospråka våre. Det finst rett nok særnorske ord, som klopp. Mange fleire er fellesnordiske, t.d. gammal, glede og køyre. Andre igjen er felles for dei germanske språka: veke, vinter, hus, hjarte osv. Det er òg mange ord som er felles for (alle) indoeuropeiske språk. Slektskapsorda og talorda høyrer til dei.

Når pronomenet eg (i, æ osv.) liknar både latin ego, det engelske I og tyske ich, er det ikkje fordi vi har fått (eller lånt) pronomenet vårt frå desse språka. Det er fordi norsk, engelsk, tysk og latin har same opphavet riktig langt tilbake, i den same indoeuropeiske språkfamilien.

Importord

Det som ikkje er arvegods, kan kallast importord, med ei litt ny nemning som dekkjer både lånord og framandord. Lånorda kan verke like norske som arveorda både i uttale og skrivemåte, mens framandord er lite tilpassa norsk (t.d. engelsk image). Alt nokre få hundreår inn i vår tidsrekning (i urnordisk tid) fekk vi importord frå keltisk, mellom dei embete og jarn. Orda kom stort sett ikkje direkte frå keltarane, men gjennom eit eller fleire andre språk, som fransk, nederlandsk og engelsk. Tidleg ordimport frå latin i romersk tid er t.d. brev, katt og sekk. Med kristendommen fekk vi mange ord frå gresk og latin: kyrkje, prest, kristen, messe, engel, djevel ofl. Desse orda fekk vi alt i norrøn tid.

Den store importbølgja av nytt ordstoff kom med hanseatane frå 1200-talet av.

Den store importbølgja av nytt ordstoff kom med hanseatane frå 1200-talet av. Kontakten med handelsfolka frå Nord-Tyskland førte med seg store mengder nye ord, om sjøfart, handel, nye varer og skikkar. Desse lågtyske (òg kalla nedertyske og plattyske) orda set i stor grad preg på språket vårt den dag i dag og utgjer bortimot 1/3 av orda i allmennspråket. Her er ein haug med slike ord: arbeid, billeg, borgar, bruke, bukse, dregg, ekte, falsk, feil, frukost, gaffel, handel, kjøken, kopp, kort, makt, meieri, men, skomakar, skrive, smak, språk, straks, strikke, tenkje, vater.

Lågtysk er nokså likt høgtysk og nederlandsk, og det er ikkje alltid lett å skilje dei frå kvarandre. Herre og frue er iallfall frå høgtysk. Dansk og svensk har i stor grad dei same lågtyske importorda som norsk har, mens det er heller lite av dei i islandsk.

Med kristendommen fekk vi mange ord frå gresk og latin.

Opphavleg franske ord er m.a. affære, avis, entrecôte, hotell, kjær, kupp, offiser, sjanse, sjåfør, sufflé, trist. Frå latin og gresk har vi tusentals ord, mykje er fagord, men det er òg mange daglegord: bibliotek, ekstra, elektronikk, individ, person, sentrum, økonomi. Ikkje alt er gammalt, det blir stadig laga nye vitskaplege termar på nylatin av eksisterande ordmateriale: cellulose, vaksine osv.

Engelsk er den store kjelda til ordimport no og har vore det særleg etter andre verdskrigen. Ein del ord er noko eldre, og dei er gjerne godt tilpassa norsk: boks, film, gjeng, jobb, kjeks, klubb, kutte, sjal, sjappe, sport, streik, tippe, trene, trikk. Lista med nyare importord er bokstaveleg talt endelaus: happening, jogge, lipgloss, seeding, sjekke, skåre, sponse, stress, takle, tøff ...

Orda frå fjerne land har nesten alltid komme til oss via andre språk.

Andre språk har òg sett spor etter seg i norsk: svensk (kjendis) og dansk (i nyare tid: moms), samisk (lavvo), finsk (sisu), grønlandsk (anorakk, kajakk), russisk (drosje), italiensk (bank, fiasko), spansk (gerilja, tortilla), arabisk (alkohol, kaffi, natron, siffer), kinesisk (te) og japansk (judo, tsunami) osv.

Urfolksspråk på dei amerikanske kontinenta har forsynt oss med m.a. ord for mat: potet, tomat. Quechua, som er eit offisielt språk i Peru, har gjeve oss guano, lama og pampas. Heilt frå indonesisk (i landa Indonesia og Malaysia) har vi fått ei god handfull ord. Det er både allmennord, som passiar, amok (gå amok) og gongong, og ord som viser til naturfenomen, varer osv. som skriv seg frå desse landa: orangutang, sago, batikk, sarong ofl.

Orda frå fjerne land har nesten alltid komme til oss via andre språk, i nyare tid særleg engelsk, og gjennom fleire ledd. Det kan vere vanskeleg å etterspore opphavet til ord, særleg om dei kjem frå andre språkfamiliar enn den indoeuropeiske. Det er ikkje noko felt for amatørar.

Engelsk er den store kjelda til ordimport etter andre verdskrigen.

Lurer du på kvar ord som bagatell, banan, robot, safari, sauna, silo og tabu kjem frå, kan du slå opp i ordbøker, t.d. på ordbok.uib.no. Det finst òg ein del etymologiske ordbøker, både strengt faglege og meir populære.

 

-- Marit Hovdenak har vore seniorrådgjevar i Språkrådet. Artikkelen er ein revidert versjon av språkspalta i Romsdals Budstikke 28. november 2020.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter