Hrmf. Grr. Argh!

No image

Er du blant dei som ropar høgt til fjernsynet når reporteren seier «de» i staden for «dem»? Set du kaffien i halsen når «i forhold til» blir brukt feil i lokalavisa? Må du pirke litt på særskrivingsfeila til kollegaen din sjølv i uformelle e-postar? Du er neppe åleine.

AV SIGRID SØRUMGÅRD BOTHEIM

Når det står «ananas ringer» på hermetikkboksen, forstår dei fleste at innhaldet ikkje er ein ananas som ringer i telefonen, men ananasringar. Kvifor er det likevel så irriterande å sjå slike feil? Forfattar Kristin Fridtun har undersøkt kvifor så mange irriterer seg over skrivefeil, og resultatet er ei bok som kjem ut våren 2021. Fridtun fortel at vi er opplærte til å tenkje på ein bestemt måte om språk.

– Vi blir forma av dei ideane om språk som sirkulerer i samfunnet. Det er ein ganske moderne tanke at språket må vera regulert. I middelalderen fanst det skriftkonvensjonar, men inga rettskriving. Fyrst på 1500-talet og framover begynte ein å sjå på språket som eit kulturelt objekt som ein måtte passe på og regulere. Språk handlar òg om identitet: Ved å uttrykkje seg på ein viss måte kan ein signalisere at ein høyrer til ei viss gruppe. Dette er idear vi tileignar oss utan å veta det sjølve.

Individuelle skilnader

Det er ikkje berre kulturell innlæring som lokkar fram irritasjonen over skrivefeil. Om du kjente deg att i skildringane i ingressen, kan det hende du er meir irritabel og skråsikker enn mange andre. Nokre av oss har rett og slett eit større behov for å ha rett og vinne diskusjonar, seier Fridtun.

– Nokre har eit meir rigid forhold til reglar enn andre. Dette er ofte litt oppkava folk som har piggane ute elles òg. Dei rolege, lune, harmoniske folka som tek livet med stor ro, rettar sjeldan på andre. Men vi veit at reaksjonane til dei «irritable» er ekte. Forskarar har sett at det skjer noko i hjernen når ein ser ein skrivefeil. Men det betyr ikkje at ein irritere seg sjølv om hjernen reagerer.

Kan irritasjonen likevel ha ein språkleg funksjon?

– Det kan vera nyttig for nokre å få ut litt gruff. Andre kan bruke irritasjonen sin til å hevde seg. For irritasjon inneber ofte at vi set oss sjølve over andre. Når vi irriterer oss over noko andre gjer, anten det dreiar seg om skrivefeil eller feilparkering, seier vi indirekte: «Sjå kor dumme dei er! Så dum er i alle fall ikkje eg!» Nokre vil sikkert ha nytte av å få råd, og dei vil korrigere språkbruken sin. Samtidig ser eg for meg at dei som har lyst til å skrive rett, dei lærer det på eiga hand. Vi treng ikkje å piske alle til å lære seg vanskelege reglar.

Hegges lov

Folk som arbeider med språk, gjentek til det keisame at språket er i konstant endring. Du pratar ikkje slik som besteforeldra dine, og barnebarna dine pratar ikkje slik som deg. Men vil ikkje språket rakne heilt om vi ikkje rettar opp i alle skrivefeila vi ser rundt oss? Fridtun meiner ikkje det.

Nokre hevar seg over andres skrivefeil, andre skammar seg over at dei irriterer seg. Kristin Fridtun

– Helene Uri har laga noko ho kallar Hegges lov: «Jo mer rødt blekk og språkspalteoppmerksomhet en språkregel blir gjenstand for, jo større er sannsynligheten for at regelen vil forsvinne.» Ta for eksempel lenger og lengre, eller ennå og enda. Det er mange som ikkje skil mellom desse formene i talespråket. Om ein skal lære reglane, må ein arbeide for det. Da kan ein spørja seg kvifor ein skal halde på reglar som mange ikkje har i grammatikken sin. Eg meiner det er bortkasta å irritere seg over at mange ikkje opprettheld slike distinksjonar som snart er borte frå munnleg norsk.

Er det nokon som irriterer seg over dei som irriterer seg?

– Ja. Nokre vil nok meine at dei har ei litt meir «sofistikert haldning» der dei hevar seg over andres skrivefeil, medan andre skammar seg over at dei irriterer seg, og har indre konfliktar. Dette kan endre seg i løpet av livet. Ein kan ha periodar der ein irriterer seg over skrivefeil, men endre syn etter kvart. Ofte blir ein meir tolerant når ein les språkvitskapleg litteratur.

Er det ikkje paradoksalt at språkforskarar har eit så liberalt syn på språk?

– Eg trur det er slik i dei fleste fag. Lekfolk les Bibelen strengt, medan teologar kanskje har eit meir fleksibelt syn på skrifta, for å setja det på spissen. Mange som kallar seg språkinteresserte, er mest interesserte i rettskriving, og mange trur at det er det normerte språket som er det eigentlege språket. Men normering er berre éi side av språket. Og dessutan: Om du er språkprofessor, treng du ikkje å vise fram at du kan kommareglane.

Reaksjonar betyr ikkje at noko er feil

Marit Julien er professor i nordisk språkvitskap ved Lunds universitet. Ho kan stadfeste Fridtuns hypotese.

– Nei, eg irriterer meg ikkje så mykje over skrivefeil. For meg er det meir interessant å sjå på korleis ein kan forklare feila.

Julien er oppteken av at sjølv om ein kan reagere når ein ser noko ein oppfattar som feil, så skal ein vera klar over at reaksjonen ikkje alltid er fasiten. Det ein reagerer på, kan kjennast heilt rett for andre, og det kan vera fullt akseptabelt skriftspråk.

     
Kristin Fridtun | Alexander Øvrebø / NTB scanpix Marit Julien André Ulveseter
«Det skjer noko i hjernen når ein ser ein skrivefeil.» «Folk har ikkje god nok oversikt over breidda i norma.» «Når eg har greidd å lære meg å skrive riktig, da bør alle greie det.»
Forfattar Kristin Fridtun Professor Marit Julien Komikar André Ulveseter

 

– Folk har ikkje god nok oversikt over breidda i norma. Mange reagerer på ord som det er lov å skrive, men som ein ikkje ser så ofte. Skriv ein radikalt bokmål, er det nokre som trur at ein skriv dialekt, for eksempel. Men det einaste som er normert, er staving og bøying av ord. Setningsoppbygging og ordval er ikkje normert på same viset. Det blir i staden regulert av meir eller mindre etablerte konvensjonar. Mange reagerer på noko som bryt med ein eldre konvensjon.

Innlært irritasjon

Vi lærer oss talespråket og skriftspråket på ulike måtar. Hjernen må prente inn skrivereglane, og det kan vera noko av grunnen til at vi reagerer på skrivefeil, seier Julien.

– Alle ungar i verda lærer seg eit talespråk når dei er i eit miljø der språket blir brukt. Dei lærer talespråket umedvite og utan eksplisitt opplæring. Grammatikken meistrar dei etter kvart som dei er modne for det. Nokre barn seier for eksempel «gådde» i staden for «gjekk». Det er ikkje så stor vits i å masa om at «gådde» er feil, for dei lærer dette av seg sjølv.

Det ein reagerer på, kan kjennast heilt rett for andre. Marit Julien

Skriftspråket lærer vi på ein heilt annan måte. Vi får systematisk undervisning, vi terpar reglar, vi øver på å bøye verb og substantiv, og vi får raude strekar i margen. Når vi har strevd for å få til noko, føler vi at vi har rett til å irritere oss over feil som læraren har lært oss å unngå. Kanskje har vi til og med arva nokre av kjepphestane til norsklærarane våre. Julien kallar dette for ein «innlært irritasjon».

– Det er meir slitsamt å lære skriftspråket enn talespråket. Difor kan vi få ein sterkare reaksjon når noko bryt med det vi har lært. Når ein sjølv har terpa da-og-når-regelen, kan ein irritere seg over dei som ikkje har lært seg regelen. Bruken av da og når er noko folk ofte tek opp. Når det finst ein regel som folk har lært på skulen, er det ein indikasjon på at det er variasjon i talemålet. Reglar prøver å rette ut variasjonar. Men det er ingen eksplisitt regel for bruk av «før» og «etter», for eksempel. Det seier seg sjølv korleis desse orda skal brukast.

Ein arva irritasjon

I 2013 laga komikar André Ulveseter facebooksida «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». Der la han ut bilde som illustrerer skilnaden mellom for eksempel «spise bestikk» og «spisebestikk». Den sterke irritasjonen over særskrivingsfeil stammar i utgangspunktet frå ein pirkete kollega.

– Eg var nokså slurvete med språket. Eg var påverka av engelsk, og der skal ein jo dele orda. Men så fekk eg ein språkmedviten journalist som kollega. Han sa ifrå kvar gong eg skreiv noko feil. Da bestemte eg at eg skulle lære meg å skrive rett. Sidan har eg begynt å irritere meg over andre, eg har liksom arva og vidareført irritasjonen frå kollegaen min. Men eg har medkjensle for alle andre som skriv feil, for eg har vore der sjølv. Men når eg har greidd å lære meg å skrive riktig, da bør alle greie det.

Kva er det som er så irriterande med akkurat særskrivingsfeil?

– Slike feil bryt opp lesinga. Du skjønar meininga, men du mistar flyten. Eg kan lesa ein kjempegod vits på Twitter, men om det er ein særskrivingsfeil der, da mistar eg tråden. Eg greier ikkje å le av innhaldet.

Visuell grammatikk   

Ulveseter trefte ein nerve med prosjektet «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». I løpet av nokre få dagar hadde facebooksida fått over 100 000 følgjarar. Særskrivingshumoren resulterte òg i ei bok og eit foredrag. Ulveseter trur mange fekk ei aha-oppleving da dei såg skrivefeila framstilt på ein visuell måte.

– Det var absurd at det kom så mange medlemmer i gruppa så fort. Eg vart nedringd av journalistar og norsklærarar. Det var òg nokre som meinte at eg mobba dei som skreiv feil, men eg prøvde berre å vise fram regelen på ein enkel måte. Sida lever vidare den dag i dag, og eg får framleis delingar, likarklikk, hjarte og støtteerklæringar.

Er du ein «mann for menigheten», eller lærer folk flest av bilda dine?

– Heilt ærleg? Folk lærer faktisk. Ein lærar i Bergen hadde brukt bilda mine i undervisninga. Elevane gjorde det svært godt på tentamen, og særskrivingsfeila var heilt borte. Læraren var så overraska at han tipsa media om det.

Nå har eg sjølv vorte ein sånn irriterande fyr som rettar på andre. André Ulveseter

Ulveseter trur at tekstbehandlingsprogramma har mykje av skulda for at særskrivingsfeil er så utbreidde.

– Ikkje stol på Word, stol på deg sjølv. Om du skriv «fiske kake», vil ikkje stavekontrollen sjå at det er feil, forbi båe orda finst i språket. Andre gonger får du raud strek under eit samansett ord fordi Word ikkje har denne kombinasjonen i ordlista si.

Er språkfeil ei god kjelde til humor?

– Ja, er du galen. Det er så mykje gøy. Folk er stort sett svært opptekne av språk. Men språk handlar òg om å bli teken alvorleg. Truverdet ditt kan bli svekt om du skriv for mykje feil. Nå har eg sjølv vorte ein sånn irriterande fyr som rettar på andre. Folk vil heller ringe til meg enn å sende melding, for dei er redde for å få korrektur på meldingane dei skriv!

Universell gremming

Det kan vera herleg å rette på andre, men samtidig kan det vera sårt å få påpakning sjølv. Kvifor er det så mange kjensler knytt til det å korrigere skrivefeil? Kristin Fridtun meiner språket heng svært tett saman med identiteten.

–Språket er nærast ein kroppsdel som finst i hjernen. Ein føler seg dum når ein blir retta på, det er lett å ta det personleg.

Er det eit moderne fenomen å irritere seg over skrivefeil? Eller sat dei skriftlærde og reiv seg i håret i mellomalderen òg?

– Det ser ikkje ut til at folk på 1200-talet irriterte seg over at eit ord vart stava på ein slik eller slik måte. Men Gustav Vasa, som var svensk konge på 1500-talet, var tidleg ute. Han var nøye med at ein skulle skrive «jag». «Jeg» vart assosiert med dansk. Helge Sandøy har eit viktig poeng når han peiker på at standardiseringa av språket skjer samtidig som dei moderne statane konsoliderer seg. Språket blir noko staten kan bruke for å utøve makt. Språkbrukarane blir dresserte, og dei er lojale mot staten når dei skriv slik staten vil.

Kva med geografien, er det ein god dose irritasjon i alle verdas hjørne?

– Heile verda irriterer seg! Det er nokre skilnader, så klart. I Noreg er vi meir tolerante for talespråkleg variasjon. Men alle moderne vestlege samfunn har mange av dei same ideane om standardspråk som vi har, for eksempel ideen om at språket forfell. Det er ein interessant idé: Språket blir verre og verre, men når var språket optimalt? spør Fridtun.

Marit Julien bur og arbeider i Sverige. Ho seier at norske og svenske språkbrukarar stort sett irriterer seg over dei same tinga.

– I Sverige er det lågare toleranse for variasjonar i talemålet, men generelt er ikkje skilnaden så stor. Folk på båe sider av grensa irriterer seg over at «bjørneteneste» har fått ei ny tyding, eller over bruken av «de» og dem». Det er mykje som er likt!

Annonse: Språkrådets språkpris 2021

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.03.2021 | Oppdatert:07.04.2021