Spansk og minoritetsspråk i Latin-Amerika og Spania

Spansk er eit språk i livleg kontakt med andre tungemål både på det amerikanske kontinentet og i Spania. Korleis er stoda for minoritetsspråka i desse områda?

AV MIGUEL ÁNGEL QUESADA PACHECO

Spansk er det offisielle språket i 21 land og blir talt både i Latin-Amerika og i Spania. Svært mange brukar det også i Belize, på Filippinane, i Guinea og i USA, som morsmål så vel som andrespråk. Dette romanske språket blir rekna som morsmålet åt 500 millionar, noko som gjer det til eit av verdas mest talte tungemål. Men i nesten alle land der spansk er offisielt språk, finst det eit mangfald av språk og kulturar som stort sett kan reknast som minoritetsspråk eller som andre offisielle språk ved sida av spansk. Det er ikkje snakk om nokre få, men om hundrevis av språk med tilhøyrande målføre som er underkasta det offisielle språket. Både Mexico og Colombia har t.d. meir enn 60 indianarspråk ved sida av spansk.

Dette språkmangfaldet gjer spansk til eit språk i stendig og livleg kontakt med andre tungemål så vel på det amerikanske kontinentet som i Spania. I Amerika finst det hundrevis av språk og språkgrupper (mayaspråk, quechua, aztekisk, chibcha, caribe, tupi-guarani, mapuche, kreolspråk mfl.). I Spania har me asturisk, galisisk, aragonsk, valensiansk, katalansk og baskisk i tillegg til spansk (kastiljansk).

Spansk – eit internasjonalt språk

I kolonitida rådde det ulike syn på den spanske språkpolitikken. På 1600-talet var Filip II ein tolerant konge; på hans tid og fram til 1700-talet var det ikkje berre lov å snakka indianarspråk utan hemning, men òg å undervisa i mange av desse språka. Misjonærane skreiv religiøse tekstar på nahuatl, mayaspråk, chibcha, quechua, guarani og tupi, og gjennom det kyrkjelege arbeidet sitt spreidde dei desse språka vidare til andre regionar. Takk vere denne verksemda (den såkalla misjonærlingvistikken) og desse tekstane er det i dag mogleg å studera mange indianarspråk ifrå ein språkhistorisk synsvinkel.

I kolonitida klaga fleire spanske guvernørar over at det ikkje var mogleg å krevja skatt i indianarbygder eller senda forskrifter eller regelverk på spansk til dei, av di svært mange ikkje forstod spansk. Liknande problem viste geistlege og religiøse myndigheiter til. Dei kunne ikkje spreia Guds ord blant indianarane, for heile kontinentet var fleirspråkleg og fleirkulturelt. Vidare laut mange misjonærar som hadde lært eit indianarspråk og dimed var i stand til å preika og feira messe, forlata regionen etter ei tid. Det tvinga andre til å læra språket på ny, slik at det ikkje vart kontinuitet i evangeliseringskampanjen. Dette førde til at kong Karl III i 1770 forbaud bruken av indianarmål og erklærte spansk som det offisielle språket i heile riket. Frå og med denne augneblinken laut alle snakka spansk for å ha eit arbeid eller bli tilsette i byråkratiet.

På 1800-talet, like etter at dei noverande spanskamerikanske landa vart sjølvstendige frå Spania, voks det fram to språkrørsler med motstridande grunnlag. Den eine rørsla var samansett av forfattarar og intellektuelle frå Argentina, Uruguay og Chile. Dei ville fjerna seg endå meir frå Spania og nytta eit sjølvstendig spansk skriftspråk med lokale særtrekk, reglar og ordforråd. Denne språkforma vart kalla criollo. Den andre rørsla stod derimot for ei tilnærming til Spania. Dei ville ta vare på det spanske språket og den spanske litteraturen i dei nye landa. Denne rørsla, som òg var samansett av mange forfattarar, var svært sterk og greidde å laga fleire grammatikkar og ordbøker som eit korrektiv til criollo. Til slutt vann dei kampen om eit einskapleg skriftspråk. Dimed er dei ansvarlege for at alle spansktalande i dag har eitt einaste skriftspråk på begge sider av Atlanterhavet. Av den grunn vart det ikkje utvikla to ulike skriftspråk, slik det er tilfellet i Noreg.

Mange minoritetsspråk døydde ut alt under det spanske herredømet. Med unntak av Paraguay, der guarani hadde oppnådd nasjonalstatus på grunn av språkpolitikken som jesuittprestane hadde iverksett, hadde ingen andre tungemål nokon status inntil fram på 1900-talet. Då byrja mange språkbrukarar ei målreisingsrørsle som voks snøgt og førde til at ein god del av språka fekk status som offisielle språk ved sida av spansk, eller som lokale språk.

Gap mellom lovverket og røynda

I dag tek grunnlovene i nesten alle spansktalande land vare på språkrettane åt dei som har andre språk enn spansk som morsmål. Etter Franco-diktaturet fekk alle minoritetsspråk i Spania nasjonalstatus og finansiell stønad gjennom dei regionale regjeringane, slik at folket kunne læra og snakka dei fritt. Dette inneber at alle borgarar i prinsippet er garanterte bruken av morsmålet sitt. Men der spansk lever på lik line med andre språk, som i Paraguay, finst det – med nokre få unnatak – eit djupt gap mellom lovene med sine velmeinte paragrafar og kvardagen for språkbrukarane. Trass i flott formulerte lover og god innsats frå dei lokale myndigheitene si side har det vore svært vanskeleg for t.d. galisisk, asturisk og aragonsk i Spania å bli rekna som viktige og likeverdige språk ved sida av spansk. Det same gjeld svært mange indianarspråk i Latin-Amerika. Det er fleire årsaker til gapet mellom målsetjing, ynskjemål og røynd: elendige kår blant indianarar og andre minoritetar, mangelfull kommunikasjon (transport, kringkasting, skriftleg materiell), isolering frå langt betre utstyrte byar og skort på resursar i kampen for eit betre tilvære. Når det desse gruppene treng, er det naudsynlege for kvardagen, blir det lite interesse for og mindre resursar til å ta vare på kulturelle, ikkje-primære levevilkår.

Det handlar her om minoritetsgrupper med rike kulturelle tradisjonar, men med liten eller ingen skriftleg tradisjon. Mange språk har inga einskapleg skriftnorm. Andre har ikkje noko språkpolitisk avgrensa skilje mellom det som kan kallast dialekt, og det som kan sjåast på som språk, noko som hindrar ein effektiv politikk for morsmålsundervisninga. Desse faktorane skapar ei rekkje vanskar for myndigheitene når det gjeld språkplanlegging. Det skjer hyppig at regjeringane satsar på språk med mange tusen språkbrukarar, men set språk med få talarar til side. Ofte er det morsmålslærarar utan utdanning i eller med svært lite erfaring innanfor språkvitskap, dialektologi eller pedagogikk som tek seg av morsmålsundervisninga.

Mange språkområde er delte på grunn av nasjonalpolitiske eller administrative grenser, som guaymi-språket mellom Costa Rica og Panama, chokó mellom Panama og Colombia, mayaspråk i Mexico, Guatemala og Honduras og garifuna og kreolsk langs den mellomamerikanske karibiske kysten. Desse landa manglar stort sett språkpolitisk koordinering. I tillegg kjem misjonærar med heilt motsette kulturelle idear, som får folket til å gløyma bort sitt eige språk og sin eigen kultur til fordel for spansk eller engelsk.

Det er eit kjent faktum at ikkje berre indianske språk og dialektar, men òg språk og dialektar i Spania har døydd ut i løpet av dei siste 500 åra på grunn av herredømet til det spanske språket. Ein skal heller ikkje gløyma det psykologiske presset som brukarane av mange av desse språka har vore underlagde gjennom hundreåra pga. prestisjen spansken hadde framfor deira eige språk. Det har ført til låg språkleg sjølvtillit, og mange foreldre snakkar helst spansk til borna sine, sjølv om dei ikkje meistrar dette språket like godt.

Kva med framtida?

Kjem resten av minoritetsspråka til å overleva? Kjem dei til å ha dei same rettane som det spanske språket? Mykje tyder på at mange av dei i alle fall vil klara seg temmeleg lenge. Mange tel tusenvis av talarar, andre har millionar, som i tillegg råder over teknologi og støtte frå sine respektive regjeringar. Desse språkbrukarane har òg stor sjølvtillit og har utvikla ein sterk kulturell identitet. Andre er i undergangsfasen, somme på sotteseng, og atter andre vil ha døydd ut før lingvistane veit ordet av det. Men det er òg sant at overalt der spansk dominerer, har alle vorte medvitne om at minoritetsspråksbrukarar har rett til å bruka morsmålet sitt, uttrykkja seg på det og bli underviste i det.

 

-- Miguel Ángel Quesada Pacheco er fødd og oppvaksen i Costa Rica og er professor i spansk språk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter