Vinningsmotiv

Sidan vi prøver å vinna mest mogleg ut av det norske ordtilfanget, har vi òg sans for attvinning av ymse slag. Denne gongen skal vi sjå på kunstnarleg attvinning. Dessutan skal vi «vinna att» nokre ord som har stått ei stund på lista over framlegg til avløysarord.

Oppvinning – ei vinnarsak

Somme gjer attvinning til ein kunst. I Bergen har forskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping teki i bruk omgrepet oppvinning. I denne samanhengen tyder det ’å laga eitkvart om til noko anna med høgre verdi’. Det er altså tale om ei nyansering av omgrepet attvinning/gjenvinning eller resirkulering. På engelsk er upcycling emna til etter recycling, og vi kunne for så vidt òg ha kalla det oppsirkulering. Men sirkelmetaforen verkar ikkje like god i oppsirkulering/upcycling, sidan ein sirkel i grunnen fører tilbake til utgangspunktet. Vi synest det er betre å utvida vinning til desse nye formene for det å bruka emne på ny. Motstykket til oppvinning kan da vera nedvinning (engelsk downcycling).

Gjenhøyr med kringlyd

Ein del avløysarord blei att- eller nedvunne i avisene i sommar. Ein journalist hadde dels valt ut nokre av framlegga på nettsidene våre, dels funni snodige ord (stålstut) og gamle vitsar (teskeikjerring for serveringsdame). Somme likar avløysarane godt, andre avviser dei kategorisk som «tulleord», og begge desse synspunkta kom fram i oppslaga. Vi kan ikkje nemna alle orda her, men vil gjerne slå til lyd for eitt av dei: kringlyd, avløysarordet for surround sound.

Lista over substantiv med kring- som føreledd er ikkje lang, men det er eit presist element for noko som deler/spreier seg i ulike retningar. Vi har det i andre ord som kringkasting og dei militære kringvern og kringsetja. Kringlyd blei lansert som avløysar i 2001, og på eitt tiår har det rokki å bli veletablert. Nettsøk viser at det ikkje minst er lydfolk som set tonen.

Vi nordmenner kan vera noko redde for å leika med ord eller skapa språkbilete. På dette området har vi noko å læra av engelsktalande. Da ein på engelsk begynte å kalla ’markørstyreeininga’ på datamaskinen for mouse (fordi ho minner om ei mus), var det nettopp utslag av ordleik. Kanskje det lettare hadde blitt stempla som eit «tulleord» hos oss? 

 

-- Av Daniel G. Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter