Gjendikting i boble

Å omsetje teikneseriar byr på spesielle utfordringar. Plassen er trong, og teksten er bunden opp til ei teikning. Men elles står teikneserieomsetjaren friare enn dei som omset rein tekst.

AV GARD ESPELAND

Kva funksjon har teikneseriar i dagsaviser? Saman med andre faste element er det noko lesaren kjenner att frå dag til dag, og som går inn i ein fast rutine for kva vi les i avisa. Det tek berre nokre sekund, og vi hoppar difor ikkje over ein teikneserie av tidsnaud – dersom vi først har for vane å lese teikneseriar. Blar vi gjennom ei avis, finn vi mange andre slike faste element, som vitsar, sitat, horoskop eller eit gammalt bilete – alt saker som har ingen eller liten nyhendeverdi. Målet med desse elementa er mellom anna at lesaren skal stanse opp når han blar, og få forsterka kjensla av å ha lese avisa slik at han kjøper ei ny avis neste dag eller fornyar abonnementet. For at nokon skal ha glede av å lese ein slik teikneserie, må han vere morosam, i det minste pussig, eller ha eit tema som lesaren kjenner seg att i, for eksempel ein tanke lesaren har tenkt, men enno ikkje formulert. Slik sett kan ein teikneserie samanliknast med lyrikk.

Tidlegare fanst det også framhaldsseriar med handling i avisene, men av desse er det no nesten berre Fantomet att. Løyndomen med denne serien er at handlinga går så sakte at du kan hoppe over nokre aviser utan at du mistar tråden, pluss at tradisjonen kring Fantomet er stor.

Tronge rammer

Den som omset teikneseriar, må arbeide innanfor svært tronge rammer, bokstavleg talt. Plassen i boblene er avgrensa. Alle formuleringar må difor gjerast så stutte som råd, men likevel inntil ei viss grense for at det ikkje skal bli for mykje luft i høve til teksten inne i bobla. Før dataalderen, da omsetjinga vart gjort for hand på papir, kunne ei boble skjerast bort, men ein gjorde ikkje det så ofte, fordi det ikkje var lett å teikne nye, pene bobler. Digitaliseringa har gjort slike inngrep meir vanskelege, men til gjengjeld er det no lettare å tilpasse teksten.

Den andre ramma er teikninga. Ho er eit fast element og kan normalt ikkje endrast. Og det må alltid vere eit samspel mellom tekst og teikning, det er nettopp det som er karakteristisk for teikneseriane. Men i høve til dei som tekstar utanlandske filmar, har teikneserieomsetjaren ein stor fordel: Dei som les, veit ikkje korleis originalen var.

[På norsk vart teksten slik: Vil du ha ein slurk ammoniakk? / Du meiner vel Armagnac? / Eh ... Ja! Men er ikkje det nesten det same? / Folkeopplysninga ligg noko på etterskot!]

Kva som er morosamt og gjenkjenneleg, varierer sjølvsagt frå kultur til kultur, og det har difor vore tradisjon for å tilpasse avisseriane til norske forhold. I USA, der svært mange av avisseriane kjem frå, verkar det for eksempel som om det generelt er knytt sterke negative kjensler til det å betale skatt. Hos oss er det naturleg å rette noko av denne aggresjonen mot bankane i staden. Eit anna døme er at golf er ein vanleg fritidssyssel for menn i USA. Hos oss er jakt og fiske meir vanleg, og det er difor naturleg å bruke dette i seriar der ein ikkje er bunden av teikninga.

Den største utfordringa er amerikanske ordspel som ikkje gjev meining om ein omset dei direkte, og som dessutan er knytte til teikninga. Og ein kan ikkje forkaste enkeltstriper som er vanskelege å omsetje. Gjorde ein det, kom ein snart i manko på striper og mista det forspranget omsetjaren må ha.

Trufast mot tradisjonen

Den som omset fagprosa, romanar, skodespel og lyrikk, må sjølvsagt vere tru mot teksten og forfattaren. Dette gjeld ikkje i like stor grad for teikneseriar, og spesielt ikkje for dagsstriper i avisene. Omsetjaren må sjølvsagt vere tru mot personane i serien og ikkje tilleggje dei andre eigenskapar enn dei eigentleg har, men elles står han temmeleg fritt om han held seg innanfor tonen og tradisjonen i serien. Og fordi ein amerikansk teikneserie ofte meir er eit gruppearbeid enn resultatet av innsatsen til eit enkelt menneske, er det liten grunn til dårleg samvit om ein endrar ein god del. Ein gong fekk eg høve til å diskutere dette med ein av dei store amerikanske teikneserieskaparane, og han var fullt innforstått med at slik må det vere.

Grovt rekna er 90 prosent av dei amerikanske dagsstripene rein plankekjøring utan andre utfordringar enn å få til ein god munnleg og aktuell norsk. Det er dei siste ti prosentane med ordspel knytte til teikninga som skapar problem. Ofte går ordspelet på at eit ord kan ha to heilt ulike tydingar, som til dømes «to dig», som kan tyde både ’å grave’ og ’å setje stor pris på noko’.

Nokre døme: Sjefen gjev eit brev til ei kontordame med ordre om «to file it», som kan tyde både ’å arkivere’ og ’å file’. Ho tek da fram naglefila si og går laus på brevet. Ein måte å omsetje dette på er at sjefen seier: «Kan du gjere dette svarbrevet litt skarpare i kantane?» Kontordama misforstår og tek fram naglefila.

Hårek står framfor ei borg, blir skjelt ut av nokon som står på borga, og prøver å forsvare seg med eit kvad: «Sticks and stones may break my bones but names will never hurt me!» Deretter kastar dei på borga store haugar med stein og trepinnar på han slik at han blir heilt gravlagd. I den norske teksten må difor orda «stein» og «tre» vere med, og det norske kvadet blir da slik: «Stein og tre legg mannen ned, men for nidord står han like bein.»

Halloween-feiringa dukka opp i teikneseriane før feiringa kom til Noreg, og spørsmålet var da kva norske barn skulle seie i staden for «trick or treat». Det burde vere bokstavrim, og det vart «knep eller knask», som via teikneseriane tek til å bli vanleg i Noreg.

Det finst ingen standard for korleis ein løyser slike problem, ein må fantasere seg fram til noko i kvart einskilt høve.

Faste uttrykk

I avisseriar som Snøfte og Andy Capp gjekk omsetjarane langt i å finne fram til mange eigne uttrykk til erstatning for dei som var brukte i originalen – i Snøfte mellom anna «saft suse» og «heisvingande bangditt». «Saft suse» er henta frå dansk, der uttrykket er «saft suse mig» eller «saftsuseme». I lengre teikneseriar, som album, kan lokale dialektar i originalen gje store utfordringar. Alle kjenner historia om Donald Duck og firkantegga.

Ønskjer ein å leggje mykje arbeid i omsetjinga, kan ein finne fram til ord som er aktuelle i for eksempel den politiske debatten, som låglønnsprofil og klimakvotar, der dette kan passe med teikningane.


På amerikansk inneheld lydorda ofte dei unorske bokstavane c, w og z. Bokstaven z er akseptert som snorke- eller sovelyd, men dei andre lydorda bør omsetjast med dei norske klirr, svupp, krasj, bang, plask, dunk og så vidare. I fargeseriar er dette teknisk noko arbeidskrevjande og blir difor ofte ikkje gjort.

For ein omsetjar er det alltid moro å sjå att seriestriper på oppslagstavler og kjøleskåpsdører. Men det har da slått meg meir enn ein gong at lesarane greier å tolke meir inn i serien enn både serieskaparen og omsetjaren har tenkt.

 

-- Gard Espeland er skribent og omsetjar. Han har mellom anna omsett teikneserien Hårek til norsk sidan 1973.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter