Elevar på jakt etter språkfeil

Alle 6.-klassingar som bruker norskverket Ord for alt, får nye, oppretta bøker, takk vere innsatsen til Tokke-elevane.

Av elevar og norsklærarar i 6. klasse ved Tokke skule 2009–2010

«Skal vi ha dette som nysgjerrigperprosjekt i år?» Olav i 6. klasse tykte han hadde kome med eit godt forslag. Skulen hadde nettopp starta opp med nytt norskverk for mellomsteget. 6. klasse hadde Ord for alt 6, nynorsk utgåve, frå Cappelen Damm forlag. Klassa hadde hatt nokre få timar norsk og skulle til med Språklære A, der bøying av substantiv var temaet. Men kva såg vi der?

Bøyingsfeil

Under døme på substantivbøying av hokjønnsord stod det «ein dotter». Ikkje nok med det, under døme på fleirtal av hankjønn stod det «fleire tøfler». Dette var så grove feil at elevar i 6. klasse reagerte momentant. «Dette går ikkje an!» sa ein av elevane, og læraren klødde seg i hovudet og lo! I løpet av dei neste dagane dukka det opp fleire feil, både stavefeil, teiknsetjingsfeil og bokmålsord. Vi vart samde om at dette skulle bli vårt nysgjerrigperprosjekt dette skuleåret.

Problemstilling og hypotesar

Alle forskarar lagar seg gode forskingsspørsmål. Våre vart desse: Kvifor er det så mange feil i det nye norskverket vårt? Kor mange feil kan vi finne i løpet av skuleåret? Vi sette opp desse hypotesane:

1 Arbeidet med lærebøkene har gått litt for fort.
2 Forlaget har ikkje gjort jobben sin.
3 Trykkjeriet har slurva.
4 Vi kjem til å finne 20–30 feil.

Vi laga ein plan for korleis vi no skulle gå fram for å sjekke om hypotesane våre stemde. Vi skreiv til Språkrådet og fortalde om prosjektet. Rådgjevar Eilov Runnestø svara straks og sa at der var dei svært interesserte i å hjelpe oss.

Ivrige elevar

No tok det heilt av i norsktimane. Ikkje før hadde læraren kome inn i klasserommet, så kom elevar springande fram med anten Tekstboka eller Språkboka for å syne fram feil dei hadde funne. No måtte vi ha gode kjørereglar. Vi vart samde om at alle feil måtte sjekkast opp mot Hellevik si ordliste frå 2005. Vi førte loggbok med dato, feilfinnar og feil, kva bok feilen var i, og kvar i boka vi hadde funne han. Dette vart skrive inn i PowerPoint.

Elevar og lærarar frå Tokke skuleUndervegs i arbeidet sende vi feila vi hadde funne, inn til Eilov i Språkrådet, og ho godkjende dei aller fleste. Dette inspirerte oss veldig, og innsatsen for å finne feil auka i takt med talet på feil vi fann.

Noregs Mållag og Cappelen Damm

Vi hadde kontakt fleire gonger med forlaget som hadde gjeve ut bøkene, og dei var positive til det arbeidet vi hadde sett i gang. Telemark Mållag og Noregs Mållag kom også på banen. Båe leiarane kom på vitjing til klassa. Fire av elevane presenterte tilmed prosjektet vårt på årsmøtet i Telemark Mållag, heilt utan hjelp frå vaksne.

Fleire av feila vi kom over, var i skjønnlitterære tekster. Her fann vi til dømes særnamna Canada og Kambodsja skrivne feil. Då vi kontakta forlaget, fekk vi vite at forlaga ikkje kunne rette feil i tekstar som skjønnlitterære forfattarar hadde skrive. Det ville vere som å tukle med eit måleri av ein målar.

«Forlaget har valt å leggje seg så nær opp til bokmål som mogleg.» Dette var svaret vi fekk frå forlaget då vi spurde om ikkje mange av orda og bøyingsformene kunne ha vore meir slik vi snakka her i Vest-Telemark, t.d. i staden for da, skule i staden for skole og brukar i staden for bruker. Språkrådet og Noregs Mållag var også samde med oss i at dette ikkje var så greitt.

Kva har vi oppnådd?

Hypotesane våre har stemt svært bra. Språkvaskarane har gjort ein for slett jobb. Det er mange feil i ombrekking og manglande bindestrek i delte ord. Døme: rimord er delt slik: ri-mord. Forlaget har uansett det overordna ansvaret, og vi er glade for at Cappelen Damm har lova å trykkje opp nye bøker for alle 6.-klassingar som har dette norskverket.

Det vi likte best, var utan tvil presentasjonen vi hadde av prosjektet vårt i Språkrådet. Men det var også stas at vi kom til finalen i Årets nysgjerrigper. Forlaga vil nok dessutan skjerpe seg heretter. Til slutt vil vi understreke at vi likar norskverket vårt godt!

Kontaktperson: Gunstein Seltveit, ein av lærarane som var med 6.-klassingane på nysgjerrigperprosjektet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter