Oleg, Olga, Igor og opphavet deira

ОЛЕГ, ОЛЬГA, ИГОРЬ И ИХ ПРОИСХОЖДЕНИЕ

Mange her i landet meiner at «alle» russiske kvinner heiter Olga. Det er ikkje  heilt urett, for det namnet er særs populært i Russland. Olga høyrer sjølvsagt språkleg saman med Oleg, eit av dei mest populære mannsnamna.

Når eit namn er populært, er det av di det har status. Eit døme er Maria (etter mor til Jesus), som i katolske land endåtil kan vera mannsnamn, jamfør t.d. komponisten Carl Maria von Weber (1786–1826).

Oleg (han kom først) og Olga vart så populære namn av di dei første som heitte Oleg, hadde høg status på 800-talet, då dei var herskarar i det eldste russiske riket. Eigenleg heitte dei Helgi, men russisk hadde ikkje lyden h, så han fall bort. Dei kom frå Sverige og hadde sjølvsagt nordiske namn. Russarane var mange  og Helgane fåe, men statusen deira var høg, og difor er det truleg i prosent mange fleire russarar i dag som heiter Oleg, enn svenskar og nordmenn som heiter Helge. Helgane hadde truleg ikkje mange Helgaer med seg heimafrå, så kvinnenamnet Olga kjem kan henda ikkje direkte frå nordisk Helga, men kan vera ei russisk avleiing av Oleg.

Også Igor er eit særs vanleg fornamn i Russland. Opphavet er nordisk Ingvarr eller Yngvarr. Stamfaren til den gammalrussiske fyrsteætta heitte Rjurik, som kjem frå norrønt Hrørekr. No for tida heiter ikkje russarar Rjurik.

Russarar flest veit nok ikkje at tre av dei aller vanlegaste fornamna deira har nordisk opphav. Dei vil kan henda ikkje vita det heller, for i sovjettida var det av reint sjåvinistiske grunnar rekna som borgarleg å hevda at nordbuar spela ei viktig rolle i det fyrste russiske riket.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter