Smått


Norsk–russisk juridisk ordbok

Retts- og politisamarbeidet mellom Norge og Russland har pågått i flere år. Nå har det kommet en ordbok mellom norsk og russisk for dette fagområdet. Norsk–russisk juridisk ordbok er laget av Aud Anna Senje, som til daglig er seniorrådgiver i Språkrådet, språktjenesten for statsorganer. Boka tar hovedsakelig for seg terminologi fra strafferettens område.


Ta del i diskusjonsforumet Nynorsk 2011

Ta del i diskusjonenEi ny rettskriving for nynorsk er under arbeid. Har du meiningar om rettskrivinga, kan du ta del i debatten i diskusjonsforumet til rettskrivingsnemnda. Nemnda legg ut vedtaka sine, som enno er førebels, på nettsidene til Språkrådet og vil gjerne ha fleire tilbakemeldingar. Det går òg an å skrive eigne innlegg og kommentere det andre har skrive. Til no har det kome inn om lag 200 bidrag til forumet. Du finn forumet på www.nynorsk2011.org.

 


Øvrebotten: – Lomheim har vore folkets språkdirektør

– Som den fyrste språkdirektøren i landet har Sylfest Lomheim makta å gjere Språkrådet kjent og få fram at språket vårt vedkjem alt og alle, seier fungerande styreleiar Magni Øvrebotten.

Sylfest Lomheim har vore språkdirektør i sju år. Den siste dagen i august vart han takka for innsatsen av representantar frå norsk kultur- og samfunnsliv. Regjeringa var òg representert, ved sida av fagråda, styret og dei tilsette i Språkrådet.

– Han Sylfest har vore her, seier folk med stoltheit og glede i blikket. Over heile landet, sa Øvrebotten i talen sin.

– Du har reist land og strand rundt, i utland med, og aldri spart deg når nokon spurde om du kunne kome. På same vis har du yppa til debatt om språk i Noreg og alt det inneber. Du har vorte folkets språkdirektør. Det er fordi du har ei uvanleg evne til å snakke enkelt og levande – og med eit uvanleg engasjement for språk, sa Øvrebotten til Lomheim.


Språkdagen 2010: Språk på liv og død 

Språkrådet inviterer til sin årlige språkkonferanse, denne gang i Oslo Konserthus onsdag 10. november. Det er Språkrådets fagråd for terminologi og fagspråk som er ansvarlig for programmet.

Problemstillinger som vil bli behandlet i løpet av dagen, er blant andre disse:

  • Klarer vi oss uten norsk terminologi og fagspråk?
  • Hva må til for at folk flest skal forstå eksperter?
  • Hvilke krav stilles til godt fagspråk og god faglig formidling?

Arrangementet er gratis. Påmeldingsfristen er 22. oktober.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter