Ein kavalkade over det muntre innslaget i norsk daglegtale

AV ALF KJETIL WALGERMO

Er det nokon som hugsar lektor Ingvald Marm? I 1962, for snart 50 år sidan, gav han ut boka Slang og sjargong, med undertittelen En kavalkade over det muntre innslaget i norsk hverdagstale. Han er elles kjent for si militære ordbok (1955) og for å ha skrive ei lærebok i norsk saman med Alf Sommerfelt: Teach yourself Norwegian : a book of self-instruction in the Norwegian riksmål (1943). Marm tenestegjorde som informasjonsoffiser i England under krigen og var undervisningsinspektør i Hæren frå 1955 til han gjekk av med pensjon i 1980.

Samtidig interesserte han seg altså for slang. Og det er med interesse eg les i denne gamle boka, Slang og sjargong, som hadde funne vegen til bokhylla mi. Allereie i første setning gir Marm oss ein morosam definisjon: «Slang og sjargong er av de ord som folk i moden alder gjerne rynker på nesa av.» Samtidig var Marm fullt medviten om at slangen ofte skiftar frå generasjon til generasjon; han skriv at slangen har eit døgnflugeaktig preg over seg. Eg må straks tenke på våre dagars «tert», «lø» og «sjofe». Skal tru korleis kebabnorsken vil bli sjåande ut for slangordboklesarar om femti år?

Men no skal vi halde oss til Marm. Kva slags døme på «muntre innslag i norsk hverdagstale» er det han har funne i 1962?

Det første dømet er inspirert av sommaropphaldet ved sjøen: «Hvis du bølger forbi, så skvulp innom ‘a.» Litt Wam og Vennerød, men greitt nok. Men så får eg vite at ordet gøy eigentleg er overteke frå «fantespråket», at ein tøff type er «hard i lakken» og at «aluminiumsstine» er eit omgrep for «en kjølig moderne pike». Interessant! Dette sistnemnde ordet fanst ikkje i ordforrådet mitt frå før. Eg les òg at det nyaste uttrykket for fint kledd vestkantungdom i Oslo var «blupper» i 1962.

Og Marm gjev meg meir. Gratulerer kunne visstnok heite «skrabbers». Å danse kunne omtalast som «å døtte lakk». Mens fjernsyn gjerne vart kalla «flimrekino» på slutten av 1950-talet. Det fanst også slang som var på grensa til ufin: «hamstringslass» for omfangsrik dame og «liksvette» om havresuppa ein fekk servert i militæret.

Nokre av slangorda Marm nemner, kjenner eg att som ord i dagleg bruk også i 2010 (som barsk, konk og likvidere). Andre ord og uttrykk er heilt framande, i det minste for meg. Marm skriv til dømes: «Temmelig kjent i norsk slang er ordet fuffins, som betyr noe mistenkelig, muggent.» Det ordet eg tenkjer på som kjent, muffens, eventuelt muffins, skal visstnok vere ei samanslåing av muggent og «fuffins».

Ein blir reint munter av å lese ei slik bok, ei språkleg tidsreise attende til daglegtalen på 1960-talet. Mange vil kanskje hugse orda og uttrykka frå denne tida. Mens vi som er under femti, kan gle oss over Ingvald Marm.

 

-- Alf Kjetil Walgermo er kritikar, forfattar og journalist. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter