Avløysarord og tilpassing av engelske termar i spansk

AV JOHANNES NYMARK

Neologismar (nyord) stiller oss andsynes problem som blir løyste på ulike vis i ulike språk. Nye termar som refererer til nye omgrep, blir gjerne henta frå det språket som dominerer den teknologiske utviklinga. Dei seinaste hundre åra har engelsk vore det dominerande språket i så måte.

Tidsdeling på spansk

Det er blitt eit nokså utbreidd fenomen at fleire kjøper sin del i eit husvære, som dei så skiftar på å nytta. Denne praksisen går på engelsk under namna time-share og time-sharing, og desse termane er tekne opp i andre språk i si engelske form og meir eller mindre også med engelsk uttale. På spansk er det time-sharing ein refererer til.

I Spania nytta ein først den engelske termen, også i samansette uttrykk: contrato de time-sharing («tidspartkontrakt »). Men den engelske termen er såpass framand for eit spansk språkøyre at ein snart tok til å leita etter ein eigen spansk term. Den første løysinga ein kom opp med, multipropiedad (direkte omsett blir det «fleireigedom»), kom i bruk nær sagt over alt i staden for time-sharing: apartamento en (régimen de) multipropiedad («tidspartleiligheit ») og promotor de la multipropiedad («PR-mann for/seljar av tidspartar»). Ein fekk tilmed avleiinga multipropietario («tidsparteigar»). Men termen multipropiedad gir ikkje plent dei assosiasjonane på spansk som time-sharing på engelsk, og ein såg seg difor om etter betre løysingar. Spesielt multipropietario fører tankane hen på ein som har mange (multi) eigedommar, og ikkje det som er meininga i vårt tilfelle.

Når diskusjonen først var i gang, blei han ikkje avgrensa berre til Spania. I Venezuela kom i 1995 La Ley que regula y fomenta la multipropiedad y el sistema de tiempo compartido («Lova som regulerer og fremjar tidsparteigedommar og systemet med delt tid»). Mange var likevel dei som heller ikkje var nøgde med termen tiempo compartido («delt tid»), sidan det ikkje var (den same) tida dei ulike eigarane delte (på spansk tyder compartir el tiempo å dela den same tida).

I EU, der ein strevar med å gjera termar så einsarta som råd er (språkleg og innhaldsmessig), ymta ein frampå om termen inmueble en régimen compartido («bustad som ein deler på»), og i 2001 innførte det spanske justisdepartementet termen (propiedad de) aprovechamiento por turno i si rettleiing kalla Guía sobre los derechos de consumidores en la Nueva Ley de Derechos de Aprovechamiento por Turno de Bienes Turísticos (antes denominado «Multipropiedad») («Forbrukarrettleiing til den nye lova om rettane til bruk etter tur av turisteigedommar [tidlegare kalla «fleireigedom »]).

Inmueble en régimen compartido og propiedad de aprovechamiento por turno er no dei korrekte i formelt juridisk språk, men termane verkar så innfløkte, krøkkete og juridisk formelle at vanlege folk ikkje har teke dei i bruk. I staden har ein halde på multipropiedad, som i dag er den termen som er i bruk i alle andre enn juridiske samanhengar. Ein har såleis ulike termar for allmennspråket og det juridiske språket, men sams for dei to språknivåa er at ein ikkje lenger nyttar det engelske time-sharing, som var i bruk i starten.

Neologismar og engelsk

Spanske språkforskarar har tradisjonelt sett hatt nærmast aversjon mot nyord som det luktar utanlandsk av, noko som blir ope erkjent i nyare utgåver av velrenommerte ordbøker, som til dømes dei seinaste ordboksutgåvene til Det spanske språkakademiet. Spesielt i Spania har tendensen til språkpurisme vore utbreidd, og her har ein alltid vore ivrig etter å finna spanske avløysarar til utanlandske ord. I den spansktalande delen av Amerika har ein mange stader vore mykje meir slepphendt, og jo nærmare USA landet ligg, jo fleire engelske ord har ein tilpassa i den nasjonale spansken.

Det såg ein døme på då ulike sportsaktivitetar blei populære utover på 1900-talet. I Spania var ein raskt ute med framlegg til spanske namn på lagidrettar, som balompié, balonmano, baloncesto og balonvolea, medan ein i spansk Amerika heilt frå starten av tok til å snakka om fútbol, handball, basketball λ vanlegvis forkorta til basket λ og volleyball, eller berre volley. Bruken tvinga etter kvart også puristane til å godta fútbol i heile den spansktalande verda, også i Spania, medan volley er i vanleg bruk i si forkorta form. Balonmano og baloncesto er i dag dei termane dei nyttar i Spania, medan handball og kortforma basket blir brukte i det spansktalande Amerika. Og det er verdt å merka seg at -ball i desse samansetningane blir skrive med dobbel l og uttalt som [l], sjølv om l l på spansk blir uttalt [λ]. I ordbøkene blir det informert om at orda på -ball er engelske ord.

I Spania har det i det siste halve hundreåret komme ein del ordbøker for talespråket, som ein protest mot at dei etablerte ordbøkene – og i særleg grad ordboka til Det kongelege spanske språkakademiet – ikkje tek omsyn til nye ord som dukkar opp i talespråket. I boka Diccionario cheli om talespråket til dei unge, dei marginaliserte og dei halvkriminelle i Madrid omtalar skribenten Francisco Umbral ein del engelske ord som har fått si både lydmessige og ortografiske tilpassing i den omtala forma for Madrid-spansk: flai, av engelsk fly, blir nytta i uttrykket por si las flais, som tyder «kan henda » (humoristisk, ironisk); jai, frå engelsk high, refererer alltid til «ung, attraktiv kvinne», og la miusic, av engelsk music, er den musikken ungdommen lytta til då engelsk pop også kom til Spania saman med demokratiet rundt 1980. Uttrykket la beautiful people kom på 1980-talet i bruk over heile Spania via filmskaparen Pedro Almodóvar, seinare kom det òg i Latin- Amerika som eit ståande uttrykk folk nytta satirisk om dei rike og vellukka høgst oppe i det sosiale hierarkiet.

Språkrøkt

I tillegg til filologar og språkforskarar finst det i spanskspråklege land også andre vitskapsfolk som står for den daglege språkrøkta. Språkforskarar blir tilmed inviterte på kongressar for spesialistar for å snakka om fagspråk. Translatøren Joaquín Segura er ein av desse, og i ei forsamling med legar fann han ut at termane scanning og imaging har sine fullverdige ekvivalentar på spansk, som imaginología (neologisme) eller estudio de imágenes: We need to do a scan kan såleis omsetjast til spansk med Necesitamos hacer un estudio de imágenes.

Same Joaquín Segura peiker på ei rekkje tilfelle der spansk er blitt forureina (han nyttar sjølv denne termen) av engelsk, og nemner desse mellom dei vanlegaste i vitskapleg fagspråk: tópico (frå engelsk topic) i staden for tema eller asunto (tópico finst på spansk med ei anna tyding: «trivielt, daglegdags uttrykk»); engelske to result in blir i fagspråk og elles gjerne omsett med resultar en, medan dar por resultado eller tener como consecuencia er gode, innarbeidde uttrykk på spansk; severo frå engelsk severe har fått utvida sitt semantiske felt til også å gjelda personar og ikkje berre ting, slik tilfellet er på tradisjonelt korrekt spansk; og anglisismen randomizar vil språkrøktarane ha erstatta med designar al azar («ta ut på måfå»).

Translatøren Segura nemner likeeins at den slappe språkbruken også gjer at ein på spansk får langt meir passivkonstruksjonar under innverknad frå engelsk. På spansk er det mykje vanlegare med aktive setningar eller konstruksjonar med såkalla passiv refleksiv. Segura omtalar eit fenomen ein ofte gløymer når det gjeld engelske termar: Han er kommen til at det i engelsk kjem 25 000 nye termar kvart år, og rundt rekna tredjedelen av desse blir tekne med i ymse ordbøker. Eit slik enormt tilfang av neologismar vitnar om at det blir gjort mange innovasjonar og oppfinningar i engelsktalande land, noko som set andre språk i ein vanskeleg situasjon, «… ein har nesten ikkje tid til å tenka på kva termar ein skal setta på dei på spansk,» kommenterer Segura.

e-mail, correo eller emilio?

Trass i dei nær sagt uoverstigelege hindera ein møter når ein leiter etter eigne termar for engelske, er ein på spansk ihuga etter å finna nye termar, også på dei områda der nyvinningane er flest og nyorda nærmast står i kø for å bli adopterte, som til dømes innom data og økonomi.

Den engelske termen e-mail er blitt etterapa på spansk som på norsk, med ymse resultat når det gjeld uttale: den første vokalen blir uttalt [e] eller [i], alt etter kor mykje engelsk den talande kan. Den fullstendige og litt omstendelege omsettinga er correo electrónico. Correo er på spansk eigentleg ordet for «post», men det blir no òg nytta i tydinga «e-post», og i ei setning som gracias por tu correo («takk for e-posten din») er det nokså eintydig, dersom kommunikasjonen går føre seg elektronisk via nettet. Likevel er det gjort framstøytar for å finna enklare spanske termar, som til dømes emilio (frå mannsnamnet Emilio), som lydleg ligg nær e-mail og gir uttrykk for den nær sagt barnslege gleda mange har av å leita fram løysingar tufta på heimleg grunn.

Innan økonomisk fagspråk går det også føre seg ei rivande utvikling, som det ikkje alltid er så lett å halda tritt med. Dei mest brukte orda blir gjerne omsette, men av og til kan det bli eit demokratisk problem at viktige termar ikkje blir omsette og difor ikkje forstått. Den store utanlandsgjelda som mange latinamerikanske land har, gjer at dei gjerne må ta opp kortsiktige lån for å kunna betala renter: crédito stand-by blir dette kalla, med ein term som folk flest ikkje forstår og ekspertane ikkje er samde om meininga av. Termen har ein freista å omsetje til spansk med crédito puente (puente tyder «bru»), men somme hevdar han er ei omsetting av bridging loan (interim eller intermediate loan/credit) og ikkje av stand-by credit (advance commitment, ei slags førehandstilsegn om lån).

Det finst såleis dei som også har interesse av å halda på dei engelske termane!

 

-- Johannes Nymark er førsteamanuensis i spansk ved Norges Handelshøyskole i Bergen, der han har vært ansatt siden 1993. Fra 1978 til 1992 arbeidet han på Romansk institutt ved Universitetet i Oslo. Han er spesielt opptatt av språksosiologi, terminologi og oversettelsesvitenskap.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015