Bautaene i fagspråket

No image

– Vi er i ferd med å miste fagspråket vårt. Difor må vi få på plass ei ordning som meritterer skriving av norske lærebøker for studentar, seier kjemikar Alexander Sandtorv.

AV OLE VÅGE

Tenk deg at du kjem frå vidaregåande skule til det første året på universitetet eller høgskulen og møter tjukke innføringsbøker skrivne på engelsk. Tekstane er tunge med vanskeleg fagstoff, innfløkte setningar og nye fagtermar. Då er det lita hjelp i engelsken du lærte på skulen, eller seriane du har sett på tv.

– Det er uheldig for læringsutbyttet at engelske lærebøker dominerer såpass mykje som i dag. Like uheldig er det at fagspråk vert ei slags fornorska suppe, seier Alexander Sandtorv, førsteamanuensis i kjemi ved Universitetet i Oslo. Han har skrive den første læreboka i organisk kjemi på norsk på fleire tiår, saman med kollega Jarle Diesen ved Høgskulen på Vestlandet.

Lærebøkene gjer fagspråket levande

Kjemi er eit av mange fag som dei siste tiåra hovudsakleg har hatt engelskspråklege innføringsbøker. Sandtorv forklarer at studentane møter norsk fagspråk og norske fagtermar stort sett berre på førelesingane, og dimed berre i munnleg form. I somme tilfelle må studentane sjølve lage norske fagtermar – ofte heimesnekra hybridar – når dei skal skrive om faget sitt. Resultatet er eit flyktig fagspråk og ein fagterminologi som varierer frå fagperson til fagperson, frå lærestad til lærestad. Fagspråket forvirrar i staden for å klargjere.

Sandtorv meiner at vi ikkje må gløyme kor viktige lærebøkene er for faga og dimed for fagspråket.

– Lærebøkene er felleseiget i faget. Det er i lærebøkene fagspråket og fagterminologien vert standardisert og kvalitetssikra og får ei fast og varig form. Og det er i lærebøkene fagspråket vert levande. Lærebøkene er bautaene i fagspråket vårt.

Difor har Sandtorv og Diesen brukt mykje tid på å skrive den norskspråklege læreboka Organisk kjemi, som nyleg kom ut på Universitetsforlaget. Men krafttak som dette vert i liten grad merittert i universitets- og høgskulesektoren.

– Medan det finst ei ordning for merittering av skriving av vitskaplege artiklar, oftast på engelsk, finst det ingen liknande ordningar for å skrive lærebøker for studentar. Det er eit stort paradoks, meiner Sandtorv. Skriving av lærebøker er i dag basert på rein idealisme, og slik burde det ikkje vere.

Sandtorv forklarer at skriving av lærebøker er svært tidkrevjande. Difor vert det naturleg å prioritere vekk det som ikkje gjev utteljing i ein travel kvardag. Men nokon må ta ansvaret for å sikre at det i det heile finst norskspråklege lærebøker i dei ulike faga. 

– Det tyder ikkje at alle akademikarar skal skrive lærebøker, eller at alle lærebøkene skal vere på norsk. Eg etterlyser ein balanse mellom norsk og engelsk, der studentane først møter norske lærebøker og så gradvis engelskspråklege seinare i utdanningsløpet. For å klare det treng vi ei ordning som legg til rette for at alle fagfolk som ber på ein idé om ei lærebok, skal møte oppmuntring og støtte, ikkje motstand eller likesæle.

Lærebøkene bind faget saman

Lærebøker som Organisk kjemi er med på å binde saman faget frå lesesalar i Tromsø til forskingslaboratorium i Kristiansand, ved hjelp av eit einskapleg og presist fagspråk. Redaksjonelt arbeid frå forlaget sikrar at språket er godt, og at fagtermane vert skrivne rett.

Norskspråklege lærebøker er med på å sikre at universiteta og høgskulane kan oppfylle samfunnsansvaret sitt. Skal dei ferdigutdanna kandidatane vere budde på arbeidslivet, må dei først og fremst meistre norsk fagspråk, gjerne engelsk i tillegg.    

– Lærebøker på engelsk skapar språkleg distanse og framandgjering, medan lærebøker på norsk gjer fagfolk og studentar i stand til å formidle faget, anten det er i samfunnsdebatten eller på arbeidsplassen. Vi må tenkje heilskapleg om fag og språk. Vi må gjenreise læreboka, seier Sandtorv.

Går utover kvaliteten i utdanninga

Marita Kristiansen, forskar ved forskingsinstituttet NORCE og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning, er samd med Alexander Sandtorv i at vi må syte for lærebøker på norsk.

– Det er ei fallitterklæring at sektoren ikkje har ei ordning som gjer at vi kan ta oss råd til å skrive lærebøker på norsk. Slik det er i dag, sakkar akademikarar akterut om dei nyttar tida si på å skrive lærebøker, seier ho.

Når det ikkje vert skrive lærebøker på norsk, går det ut over kvaliteten i utdanninga. Det er gjennom norskspråklege lærebøker studentane lærer seg norsk fagspråk og møter ei norsk røynd, meiner Kristiansen.

– Vi kan ikkje løyse problemet ved å omsetje lærebøker frå til dømes engelsk. Dei har ei anna referanseramme og er ikkje tilpassa norske tilhøve. Dei pedagogiske døma i tekstar på framandspråk fungerer ikkje alltid godt, og måten faget vert presentert og diskutert på, kan avhenge av kulturen. Til dømes vil nordamerikanske lærebøker om organisasjonsteori og leiing vere lite eigna når ein skal forstå norsk arbeidsliv. Og statistikken viser at dei aller fleste studentane endar opp nettopp i Noreg.

Nasjonal ordning for lærebøker

Behovet for lærebøker på norsk og døme som studentane kan kjenne seg att i, kan kanskje forklare at det finst lokale meritteringsordningar ved nokre få av universiteta og høgskulane. Men lokale ordningar er ikkje nok, ifølgje Kristiansen.

– Vi må få på plass ei nasjonal ordning som gjer at vi kan kartleggje kva fagområde som manglar lærebøker på norsk, og setje inn ressursar for å fylle hòla. Men då må overordna råd og direktorat i sektoren på banen. Dei må innsjå at lærebøker er pedagogiske verk som inngår i arbeidet med å styrke kvaliteten i høgare utdanning.

– Ikkje minst må sektoren verte flinkare til å ta i bruk norskspråklege lærebøker når dei faktisk kjem på marknaden, seier Kristiansen.

– Undervising og formidling er heilt vesentleg for samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane. Mangelen på ei nasjonal ordning som meritterer skriving av lærebøker, er eit symptom på at universitets- og høgskulesektoren løper frå ansvaret sitt. Det tapar studentane og samfunnet på.

Tips frå Sandtorv om skriving av lærebøker
  • Ta med deg ei kort prosjektskisse og eit utkast til eit delkapittel når du tek kontakt med eit forlag.
  • Skap «lommer» i arbeidsdagen din som du set av til skriving.
  • Ikkje planlegg alt i detalj, men ver nysgjerrig, utforsk, og finn din eigen måte å skrive på. Særleg i byrjinga er det viktig at du ikkje er altfor sjølvkritisk.
  • Les variert, og la deg inspirere av skjønnlitterære tekstar.
  • Ta høgd for at skrivinga vil ta lang tid.

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter