Minoritetsspråka i Noreg

No image

Kva kan staten og majoritetssamfunnet gjere for å hjelpe minoritetsspråka?

AV PÅL ERIKSEN

Det finst ikkje noko land i verda utan minoritetsspråk. Somme land, så som India, Nigeria og Papua Ny-Guinea, har fleire hundre minoritetsspråk. Noreg har langt færre, men med samisk, kvensk, romani og romanes er vi ikkje ukjende med minoritetsspråk her heller.

Tanken om eitt land, eitt folk og eitt språk er eit fantasifoster. Menneske og folkegrupper har vandra att og fram på kontinenta i titusentals år og skapt nye språk i kvar krik og krok, medan dei landegrensene vi har i dag, er fastsette i løpet av dei siste få hundre åra, og dei kan ikkje spegle av det mangfaldet av språk som finst på kloden.

Historisk sett har minoritetsspråk oftast levd i skuggen av majoritetsspråket, og minoritetar har vore utsette for undertrykking og trakassering frå majoritetssamfunnet. I moderne tid prøver ein heldigvis å bøte på dette, og tanken er no at ein stat har eit ansvar for å ta vare på minoritetsspråka sine.

Minoritetsspråk må vernast og fremjast

Tiltaka ein stat bør setje i verk, kan oppsummerast med to verb: verne og fremje. Å verne eit språk inneber å setje inn tiltak for å sikre at språket ikkje vert undertrykt av staten sjølv eller av statens innbyggjarar. Tiltaka kan vere forbod mot trakassering av minoritetsspråkbrukarar, forbod mot at arbeidsgivarar skal kunne forby bruk av minoritetsspråk på arbeidsplassen, og liknande. Eit konkret døme frå Noreg: Tidlegare vart samiske og kvenske born straffa for å snakke språka sine på skulen. Vern av samisk og kvensk skal hindre at slikt skjer igjen.

Å fremje eit språk inneber å setje inn tiltak for å sikre at språkbrukarane har høve til å nytte språket sitt på alle område i samfunnet. Det tyder mellom anna at språkbrukarane skal kunne kontakte det offentlege på sitt eige språk, at dei skal kunne få undervisning i det på skulen, at språket deira vert nytta i media, i eigne aviser og radioprogram og på vegskilt og offentleg informasjon.

Dei fleste i majoritetsbefolkninga forstår intuitivt nytta av vern, men somme reagerer på ein del av fremjingstiltaka som er nemnde ovanfor. Men om slike tiltak ikkje vert sette inn og majoritetsspråket er einaste gangbare mynt i det offentlege livet, vil det vere eit signal om at minoritetsspråket berre duger i privatsfæren. Slike signal kan føre til at minoritetsspråkbrukarar mistar trua på sitt eige språk. I kampen mot språkdaude er difor fremjing vel så viktig som vern.

Ein stat har altså ansvar for å verne og fremje minoritetsspråka sine, men kva for garanti har vi for at staten faktisk følgjer opp dette ansvaret? Det finst som kjent nok av triste døme i historia på at verdas statar – Noreg inkludert – ikkje har gjort det, men i moderne tid er det oppretta internasjonale avtalar om å ta vare på minoritetane og språka deira. Ein av dei er Den europeiske pakta om regions- og minoritetsspråk (Minoritetsspråkpakta), som Noreg ratifiserte i 1993, og som tredde i kraft i 1998.

Minoritetsspråkpakta forpliktar

Minoritetsspråkpakta forpliktar dei underteiknande statane til å ta vare på alle minoritetsspråk innanfor sitt tradisjonelle landområde. Det må nemnast at somme språk og språkformer ikkje er dekte av pakta. Moderne innvandrarspråk er ikkje inkluderte. Då kan ein spørje kor gammalt eit innvandrarspråk må vere før det fell inn under pakta. Somme av minoritetsspråka våre har komme til landet på ulike tidspunkt av det siste tusenåret (sjå nedanfor). Også norsk var eit innvandrarspråk i Noreg ein gong for to–tre tusen år sidan. Men vi plar rekne språk som har komme hit over dei siste 50–100 åra, som moderne innvandrarspråk, så dei er ekskluderte frå pakta. Dialekter er heller ikkje dekte, sidan pakta berre skal gjelde sjølvstendige språk. Dét er ikkje alltid problemfritt. Målet älvdalsk i Älvdalen i Sverige vert av både språkforskarar og älvdalingane sjølve rekna som et eige språk, men staten Sverige nektar å anerkjenne det som noko anna enn ei dialekt, så älvdalsk har ikkje fått vern gjennom pakta.

Sjølv om vi kan diskutere avgrensingane av Minoritetsspråkpakta og somme talemål urettvist har vorte ekskluderte frå pakta, sikrar ho framleis rettane til brukarane av dei mange språka som er dekte. I Noreg gjeld det heile seks språk. Her kan det vere på sin plass med ei lita gjennomgåing av minoritetsspråka våre, for langt frå alle er klar over kva for språk det er.

Minoritetsspråk i Noreg

Samisk i Noreg er ikkje berre eitt språk, men tre: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Nordsamisk er det største av dei samiske språka med meir enn tjue tusen talarar. Det har sitt kjerneområde i Finnmark og Troms og er det samiske språket vi oftast støyter på i media. Dei andre to er mykje mindre, med berre nokre hundretals talarar kvar, lulesamisk i Tysfjord-området i Nordland, og sørsamisk i Trøndelag og områda rundt. Mange har nok høyrt eller lese om sørsamisk og tenkt at det er ei samisk dialekt, men det er heilt klart eit eige språk. Skilnaden mellom nordsamisk og sørsamisk er like stor som mellom norsk og tysk.

Så har vi kvensk, som er eit søsterspråk til finsk. Dei som talar kvensk, er etterkommarar av folk som vandra inn til Noreg frå Nord-Finland og Nord-Sverige i løpet av førre tusenår, i hovudsak på 1600- og 1700-talet. (Les mer om kvensk: Hjertespråket som ikke ville dø og Kven er du?).

Til slutt har vi romani og romanes, to minoritetsspråk med røter i språket til romfolket, som for halvtanna tusen år sidan vandra ut frå India og sette kursen mot Europa. Grunnen til at det finst to slike språk i Noreg, er at romfolk kom til Noreg i to omgangar eller «bølgjer», og språket utvikla seg ulikt hos etterkommarane deira. Den første bølgja med innvandrarar kom i seinmellomalderen, og folket kallar vi i dag taterar (eller romanifolket). Språket deira er romani. Den andre bølgja kom på 1800-talet og tidleg 1900-tal, og folket vert kalla rom og snakkar romanes.

Sjølv om alle desse språka er verna av Minoritetsspråkpakta, vert dei ikkje behandla heilt likt. Skilnaden ligg ikkje i kor vide rettar pakta garanterer for, men kor spesifikke dei er. Alle språk som er dekte av pakta, er garanterte å verte verna og fremja, men for mange av dei går ikkje avtalen så veldig i detalj på korleis dette skal skje. Men somme språk vert i tillegg dekte av ein særskild seksjon av pakta, som inneheld ei omfattande liste med detaljerte tiltak for vern og fremjing. Når eit språk er omfatta av denne delen av pakta, har underteiknarane bunde seg til å følgje opp ein viss mengde av desse spesifikke tiltaka. I Noreg er det berre nordsamisk som er i dette gode selskapet.

Kven har ansvaret for kva?

Kven har ansvaret for å ettersjå at garantiane i pakta vert følgde opp? Det kjem an på kva slags offisiell status dei ulike minoritetane har. Samane er Noregs urfolk, medan kvenar (også kalla norskfinnar), taterar og norske rom i staden har status som nasjonale minoritetar (blant dei nasjonale minoritetane finn vi òg skogfinnane på Austlandet og jødane). Sametinget har ansvaret for dei samiske språka, medan Språkrådet har ansvaret for dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Arbeidet som Språkrådet gjer for dei nasjonale minoritetane, skjer alltid i samspel med minoritetane sjølve.

I tillegg til dei nasjonale minoritetsspråka jobbar Språkrådet med saker som har med norsk teiknspråk og nyare innvandrarspråk å gjere. Sjølv om desse språka ikkje er dekte av pakta, har brukarane av språka rettar som er sikra av staten. Stortingsmeldinga Mål og meining (2007–2008) slår fast at alle har rett til språk, og at ingen må diskriminerast på grunn av språket. Endeleg finst også nokre andre tradisjonelle språk som kanskje burde ha vore rekna blant dei offisielle minoritetsspråka i Noreg. Minst to andre samiske språk, pitesamisk og skoltesamisk, har vore i bruk her før. Desse språka vert rekna som «utdøydde», men dei har talarar i andre nordiske land, og det vert gjort arbeid for å gjenreise dei i Noreg. I det jødiske miljøet finst det enno nokre få eldre talarar av jiddisk. Noreg kan gjere ein innsats for å redde det jiddiske språket på norsk grunn. Så lenge nokon fortsatt snakkar eit språk, er det aldri for seint.

 

-- Pål Eriksen er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter