Språket er ei bukse

Alle språkdebattantar brukar metaforar i argumentasjonen sin, men korleis og kvifor gjer dei det?

AV KRISTIN FRIDTUN

I 1869 sa Aasmund Olavsson Vinje at landsmålet var eit mektig orgel med uhorveleg stort register: «Eg vaagar meg ikke, som eg har sagt, til at draga ut alle Stemmer paa dette Orgel og spila med fullt verk» (Om vaart nationale stræv 1869, s. 20). Snautt femti år seinare hevda Knut Hamsun det stikk motsette. Han meinte at landsmålet var eit salmodikon – eit einstrengja strykeinstrument med svært avgrensa register. «[Folk] fandt det vanskelig at spille Oratorier paa Salmodikon», skreiv han (Sproget i fare 1918, s. 19).

Kva var det desse to heldt på med? Kvifor drog dei musikkinstrument inn i eit ordskifte om språk?

Naudsynte metaforar

Mange av oss har lært at metaforar høyrer til skjønnlitteraturen, talekunsten og liknande sjangrar, medan rasjonell og sakleg diskusjon føreset at deltakarane brukar eit nøkternt språk utan metaforar og andre fiffige innslag som forstyrrar dei saklege drøftingane. Denne tankegangen har vore gjengs i mange hundreår, men no er han i ferd med å verta utdatert. Forskarar innanfor ei rekkje vitskapsgreiner meiner at metaforar er ein viktig del av tankeverksemda vår. Lingvisten George Lakoff og filosofen Mark Johnson har jamvel skrive at evna vår til å forstå noko gjennom metaforar er som ein eigen sans (Hverdagslivets metaforer 2003, s. 225).

Me kan seia at metaforar hjelper oss med å fanga opp og strukturera uhandgripelege eller usanselege saker. Me menneske har ein fysisk kropp som rører seg i ei fysisk verd, og me har mykje kunnskap om det som hender i denne fysiske verda. Når me skal prøva å forstå abstrakte saker og hendingar me ikkje kan sansa eller røyna direkte, brukar me kunnskapen vår om den meir handfaste verda. Me overfører drag frå den sanselege til den usanselege verda, utstyrer det abstrakte og formlause med tydelege former og eigenskapar. Med andre ord: Me tenkjer metaforisk.

Me førestiller oss til dømes at tid er pengar (jf. formuleringar som «sløsa bort tid», «spara tid», «disponera tida»); at tankar er mat («tyggja på ein idé», «sluka påstanden rått», «føredraget var berre oppgulp»); at kjærleiken er ei reise («dei har gått kvar sin veg», «ekteskapet havarerte»).

Metaforar i målstrid

Til liks med tid, tankar og kjærleik er språka våre temmeleg uhandgripelege. Me kan sjølvsagt høyra språkljodar og sjå skriftteikn, men me kan ikkje sjå eit språk med augo eller ta på det med handa. Dersom me skal greia å reflektera over og snakka om språk, lyt me utstyra språka med ein tydeleg struktur og definerte eigenskapar. Språkdebattantar har rett og slett ikkje noko val. Skal dei diskutera språk, må dei bruka metaforar.

Men kva for metaforar brukar debattantane? Og korleis vert metaforane tolka av motstandarane? Desse spørsmåla har eg bala mykje med dei to siste åra. Eg sit ikkje med alle svara, men dei svara eg har funne, er samla i boka Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt (2019). Her kjem stuttversjonen.

Naturleg utvikling

Hjå riksmålsfolket har metaforen språket er ein organisme vore viktigast. Det tyder ikkje at riksmålstilhengjarar er åleine om å sjå på språk som organismar. Språket er ein organisme er faktisk ein av dei mest utbreidde og innarbeidde språkmetaforane våre. Når me seier at eit språk er «levande», «utryddingstruga», «vanrøkta» eller «i ferd med å døy», er det denne metaforen som ligg til grunn.

Det som særmerkjer riksmålsfolket, er at dei i større grad enn andre har nytta denne metaforen i argumentasjonen sin. Generasjonar av riksmålsfolk har slege fast at språket – særleg skriftspråket – er ein organisme, og at det må handsamast som ein organisme. Det tyder i grove drag at me ikkje skal tukla med språket og forstyrra den «naturlege» eller «frie utviklinga». Den som prøver å styra språket, til dømes ved å driva fram store rettskrivingsendringar, øver vald mot organismen.

Det finst målfolk som har argumentert på liknande vis, til dømes den unge Arne Garborg. Han meinte at dansk og norsk var ulike greiner på det same treet, og at det difor var umogleg å oppnorska det danske skriftspråket, slik Knud Knudsen tok til ords for. To greiner kunne jo ikkje veksa saman på naturleg vis! (Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse 1877, s. 23).

Den vaklevorne nynorsken

Medan riksmålsfolket har sett på språket sitt som ein organisme, har målfolket sett på språket sitt som ein bygning. Denne tradisjonen byrja alt med Ivar Aasen. Han omtala seg sjølv og andre tidlege målfolk som «Bygningsmænd», og han var oppteken av at skriftspråket skulle ha ein fast «Basis» og ikkje «vakle fra det Ene til det Andet» (brev til Eirik Sommer 15.11.1858; «Om vort Skriftsprog» 1836, fyrst prenta i 1909).

Mange har meint at landsmålet til Aasen var godt samansett og stod fjellstøtt. Det er verre med den moderne nynorsken. Ei rekkje debattantar har hevda at samnorskreformene på 1900-talet «raserte» nynorsken. Olav H. Hauge sa det slik: «Riv ut ein stein her og ein stein der i ein mur, – det fører til at heile muren rasar saman. Det er det nynorsken har gjort [etter reforma i 1938]» (Dagbok 2000, bd. 5, s. 232).

Her ser me at riksmålsfolk og konservative språkfolk meiner mykje det same, jamvel om dei nyttar ulike metaforar i argumentasjonen sin. Riksmålsfolk vil at organismen skal få vera mest mogleg i fred, konservative målfolk vil at bygningen til Aasen skal få vera mest mogleg i fred. Dette samanfallet er ikkje så rart, for organismar og bygningar har mange sams drag. Båe er komplekse strukturar som kan verta øydelagde dersom me fer for hardt fram.

I andre tilfelle ser me at riksmålsfolk og målfolk er sterkt usamde, jamvel om dei argumenterer ut frå den same metaforen. Båe partar meiner til dømes at språket er eit instrument for tanken, men dei har tradisjonelt hatt ulike meiningar om kva som gjer tankeinstrumentet godt. Riksmålsfolk har gjerne meint at dei språka som har vore lenge nytta i skrift, er dei beste instrumenta. Målfolk (og samnorskfolk) meiner som regel at munnleg bruk gjer same nytta.

Graut og penbukser

Samnorskfolket (medrekna folkemålstilhengjarar på bokmåls- og nynorsksida) har valda meg mykje hovudbrot, og eg må vedgå at eg ikkje har lukkast heilt med å identifisera dei dominerande metaforane i den leiren. Den jamne samnorsktilhengjaren meiner at språket heng uløyseleg i hop med identitet, makt og klasse – såpass skjønar eg. Men kva slags metafor(ar) ligg til grunn? Språket er ein klassemarkør? Språket er ein del av språkbrukaren? Her trengst det meir gransking!

Eg kan i alle fall slå fast at samnorsk og samnorsknært bokmål ofte vert oppfatta som ureint og mindre pent. Samnorsken vert jamleg omtala som ei røre av ulike matvarer: Han er ein graut, ein lapskaus og ei usmakeleg blanding av raudvin og kvitvin. Nokre har òg ymta om at det radikale bokmålet er ei bukse utan press, medan det riksmålsnære bokmålet er ei bukse med press – altså litt penare.

Bokomslag

Ja, folk har rett og slett slege seg laus og utnytta potensialet i språkmetaforane. Landsmålet har vore omtala som ein rislande fjellbekk. Dansk-norsken har vore framstilt som ein sau. Dialektane er råemne som vert «utvatna» av bokmål. Det er òg svært vanleg å førestilla seg at språk er musikkinstrument, slik Vinje og Hamsun gjorde. Kva for instrument meiner du at landsmålet er?

 

-- Kristin Fridtun er forfattar og kom våren 2019 ut med boka Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2019 | Oppdatert:26.01.2021