Taco

No image

På fredagskvelden er det gode sjansar for at du gaflar i deg taco medan sausen renn og maiskorn og kjøtdeig tyt ut. Midt i strevet kan det vere at du lurer på kva ordet taco kjem av.

Ordet taco er svært gammalt i spansk, og det har dessutan røter i eldre romanske og germanske språk. Ordet har vore nytta i skrift i alle fall sidan 1607. I den aller første spanske ordboka frå Det spanske språkakademiet (bind 6 frå 1739) vart taco oppført med ulike tydingar: ‘plugg, ladestokk, røyr til barneleik, biljardkø, hammar, vinslurk’. Ingen av dei har med mat å gjere, bortsett frå slurken, då.

Mellommåltid

Det var først i den tiande utgåva av ordboka i 1852 at tilleggstydinga ‘liten matbit mellom måltida’ kom til. Kanskje kan dette forklarast med at pluggen stogga svolten, men vi veit ikkje. Uansett viser ordet her til noko mykje meir generelt enn fritert tortilla med fyll. Men merk at ordboka er skriven av kongelege leksikografar i Spania, 9000 kilometer unna heimlandet til tacoskjela, Mexico.

Vi har leitt litt i meksikanske kjelder. I eldre kokebøker som El cocinero mexicano frå 1831 og lokale ordbøker som Idiotismos hispano-mexicanos frå 1844 er ikkje taco nemnt i det heile. Det ser ut til at taco først er nemnt i ein bandittroman frå 1891: I ei scene som handlar om feiringa av nasjonalhelgenen Virgen de Guadalupe, er det nokre born som hinkar og leikar med tortilla-taco og avokado i hendene. Fire år seinare står taco i den meksikanske dialektordboka Diccionario de mejicanismos med tydinga ‘matbit’.

Gatemat

Fleire mathistorikarar meiner at den verdskjende meksikanske tacoen stammar frå industrialiseringa av landet på slutten av 1800-talet. Utanfor fabrikkane stod seljarar og selde gatemat til arbeidarane. Denne gatematen var basert på den tradisjonelle tortillaen frå indianarkulturen, men vart fritert og fylt med ulikt innhald. Tacoen spreidde seg først til USA, sidan til Europa og endeleg til Noreg i 80-åra.

Og guacamolen vi fyller i? Ja, det ordet kjem av ahuacamulli i indianarspråket nahuatl, som er ei samansetjing av orda ahuacatl (avokado) og molli (saus).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2019 | Oppdatert:26.01.2021