Oi, på nynorsk! – eit flunkande nytt nettkurs

No image

No kan du blåse liv i sovande nynorskkunnskapar. «Oi, på nynorsk!» er eit kurstilbod for alle som blir usikre når dei skal skrive nynorsk.

AV TORUNN REKSTEN

Nettkurset inneheld grunnleggande lærdom som skal gjere det lettare å unngå dei vanlegaste feila, og du får verktøy som gjer deg tryggare på å bruke nynorsk. Brukartestar viser at dei fleste kan meir enn dei trur!

Oi, kva gjer eg no?

Kurset er utvikla i tett samarbeid med skrivande byråkratar i fokus- og referansegrupper, som har gitt klar beskjed om kva dei har bruk for: eit lågterskeltilbod som er relevant, nyttig og praktisk retta.

– Eg møter lite nynorsk i arbeidskvardagen, så eg blir nesten litt overraska når eg får ein e-post på nynorsk. Kva gjer eg no? sa ein ærleg fokusgruppedeltakar og vart møtt med nikking frå dei andre rundt bordet. – Eg veit ikkje kva som er lov å skrive, og derfor er eg redd for å bruke nynorsk, sa ein annan.

Desse tilbakemeldingane stemmer med resultata frå ei undersøking Ipsos MMI gjorde for Språkrådet i 2012: Ho viste at 32 % av statstilsette meiner at dei har for lite kompetanse i nynorsk. 

Møt Else og Lars

I kurset blir du kjent med to kjekke byråkratar, Else og Lars. Lars skriv bokmål til vanleg, men som tilsett i staten skal han også kunne skrive på nynorsk. Han skriv ikkje så verst, men treng litt hjelp frå Else for at tekstane hans skal bli gode. I øvingane kan du trene på det same som Lars lærer om forvaltningsord, verb, substantiv, pronomen, eigedomsord og nynorsk språkføring.

Kurset har sju delar, og du får ein kviss til slutt. Etter kvar del kjem ei hugseliste med den viktigaste lærdommen, med lenkjer til relevante hjelpemiddel og tilleggsinformasjon. Når du er heilt ferdig, kan du laste ned eit diplom til skryteveggen.

Dei vanskelegaste reglane

Innhaldet i kurset er basert på det som usikre nynorskbrukarar strevar mest med, og som det samstundes er lett å gjere noko med.

Det er ikkje heilt enkelt for eit spesialisert organ som Språkrådet å lage eit sånt kurs. På den eine sida er språk noko personleg, og rettskrivingsnormene er vide – nettopp fordi ein skal kunne kjenne seg att i dei. På den andre sida gjer valfridomen at mange kjenner seg overvelda og blir usikre. Derfor har vi, med eit lite stikk i hjartet, valt å ikkje ta med alle reglar og former.

Du kan meir enn du trur

I brukartestinga av kurset er det fleire som har fått aha-opplevingar.

– Fortidstesten er jo genial! Dette skal eg sende rett til sonen min som skal ha nynorsktentamen i morgon, kom det spontant frå ein brukar. – Ja, fortidstesten var brikka som mangla for meg. Kvifor har eg aldri høyrt om han før? la ein annan til.

Det treng ikkje vere så vanskeleg å få dreisen på nynorsk! Ein nøgd kurstakar skriv i ei tilbakemelding:

– Eg syntest at kurset var særs bra! Det er lenge sidan eg har skrive nynorsk, og eg trong å friske opp gamle kunster. Kurset trygga meg på at eg hugsa og kunne meir enn eg trudde. Det gjekk rett på sak og var samstundes underhaldande. Rett og slett ein vel nytta time!

 

-- Torunn Reksten er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Fakta om nettkurset
  • «Oi, på nynorsk!» er eit gratis innføringskurs i nynorsk.
  • Det tar 45­–60 minutt å gjennomføre heile kurset.
  • Kurset inneheld grunnleggande lærdom som skal gjere det lettare for skribentar å unngå dei vanlegaste feila når dei skriv nynorsk i jobben.
  • Kurset er utvikla av Språkrådet i samarbeid med Difi, Mediafarm og vaskeekte byråkratar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter