Brua til språket

No image

Kva skjer med nynorsken når byane veks? Velkomen til Strilelandet anno 2017.

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: ELIAS DAHLEN

I eit klasserom ved Fjell ungdomsskule er tjue elevar samla til norsktime. Dei er tiandeklassingar og snart ferdige med ti års grunnskule. Oppgåva i dag er å lage film.

– Det skal handle om korleis de har forandra dykk i løpet av dei tre åra på ungdomsskulen. Kva var viktig for dykk då de byrja her, og kva er viktig no? spør norsklærar Jorid Saure.

Sjølv om eg snakkar ganske bergensk, betyr ikkje det at eg skriv bergensk.

Elevane rekkjer opp handa og stiller spørsmål, nokre, helst gutar, på utprega striledialekt, andre på noko som liknar bergensdialekt. Treningsbuksene frå Adidas og Nike har alle til felles.

Me er på Sotra utanfor Bergen, ei øy der det nynorske skriftspråket var einerådande for femti år sidan. Så kom Noregs lengste bru den gongen, Sotrabrua. Folk flytte ut frå Bergen, folketalet skaut i vêret. Strilelandet vart nærbylandet, og nynorsken byrja å tape terreng. Men må ein verkeleg vere motstandar av bruer dersom ein vil ta vare på nynorsken?

– Dei elevane som har ei tydeleg striledialekt, er ofte sterkare knytte til det rurale og til det nynorske, seier Saure. – Men med den utviklinga som er og har vore, må me sjå annleis på dette. Korleis kan me knyte nynorsken til ein ny strileidentitet?

– Eg er stolt av dialekta mi og nynorsken, seier Olena Lie (med hette), her i samtale med medelevar og lærar Jorid Saure ved Fjell ungdomsskule.

Elevane i norskklassen til Jorid Saure høyrer til det mindretalet som vel nynorsk i Fjell-skulen. Sjølv om nynorsk er skriftspråket både i kommuneadministrasjonen og i kyrkjelydane i Fjell, er det berre eit mindretal av elevane som vel målforma i grunnskulen. Og dess lenger opp i ungdomsskulen ein kjem, dess færre blir det.

Ved Fjell ungdomsskule er nynorskelevane på tiande steget samla i ein eigen klasse i norsktimane.

– Det er chill å gå i ein eigen nynorskklasse i norsken. Det går bra. Broren min gjekk i ein blanda klasse, det trur eg er vanskelegare, seier Olena Lie.

Ho er oppteken av å «prate stril» og synest fleire i Fjell burde ha skrive nynorsk.

– Det er jo trass alt ein nynorskkommune. Og når folk pratar med meg og blir påverka av korleis eg pratar, så synest eg det er like kjekt kvar gong. Eg er stolt av dialekta mi og nynorsken.

Stolt av eige språk

Også i andre kommunar rundt Bergen ser me det: Byen eser utover, og nynorsken trekkjer seg tilbake. Det same hender rundt andre byar, som Stavanger og Ålesund. «Nynorsk er bynorsk» var ein av parolane til Noregs Mållag på åtti- og nittitalet. Det vart oppretta eigne nynorskklassar i sentrum av Oslo og Bergen, men målforma fekk aldri fotfeste i skulen i dei største byane. Betyr det at nynorsken forsvinne når byane veks? Er nynorsken først og fremst eit ruralt fenomen?

Dette ønskjer Universitetet i Bergen å finne ut meir om i prosjektet «Stolt av eige språk». Prosjektet er både eit forskingsprosjekt som skal kartleggje målbytet i Fjell, og ein plan med tiltak som skal setjast i gang for å styrke nynorsk som skulemål i kommunen.

Wilhelm Anglevik er skulesjef i Fjell kommune og var ein av dei som tok initiativ til prosjektet. Han er oppteken av å bryte ned skiljeliner.

– Me har bokmål og nynorsk i skulen i dag. Målet med dette prosjektet er å halde nynorsken oppe her ute, ikkje å fortrenge bokmålet. Eg meiner nynorsken er språket som ligg nærast til strilekulturen og kystkulturen me har i Fjell, seier Anglevik.

Han vil ikkje skape det han kallar kunstige skilje mellom nynorsk- og bokmålselevar. Sjølv om ein har samla tiandeklasseelevane i ein eigen nynorskklasse, er dette unntaket snarare enn regelen i Fjell kommune. Dei fleste ungdomsskuleelevane med nynorsk som hovudmål går difor i same klasse som elevar med bokmål som hovudmål.

– Eg meiner det er bra å blande elevane i same klasse. Eg trur nynorsken har eit like godt vekstmiljø då. Me er opptekne av å skape begeistring for nynorsk og medvit om språk blant elevane, i staden for å gruppere nynorskelevar og bokmålselevar.

Andre stader gjer ein det annleis. Odda kommune har vorte kjend for den såkalla Odda-modellen. Elevar som har nynorsk som hovudmål i barneskulen, er garanterte å få opplæring i nynorsk også på ungdomstrinnet. Der samlar ein nynorskelevane i eigne klassar. Ordninga har ført til at talet på dei som byter målform frå nynorsk til bokmål når dei byrjar på ungdomsskuletrinnet, er langt lågare i Odda enn i andre «målblanda» kommunar.

Me vil skape begeistring for nynorsk og medvit om språk blant elevane.

Likevel er Wilhelm Anglevik usikker på om modellen er noko for hans kommune.

– Odda er Odda, og Fjell er Fjell. Me må ikkje skape skilje der dei ikkje finst. Det er ikkje slik at me lever i ulike verder, men i same verda, seier skulesjefen.

Ein nynorsk identitet?

– Det er ikkje skilnad på oss og dei som har bokmål som hovudmål. Men når eg skriv på bokmål, så går det ei sånn «pen bergenser»-stemme gjennom hovudet mitt, og eg blir så forbanna av å høyre på den stemma! Så difor må eg skrive på nynorsk; eg hatar å skrive på bokmål, seier Jakob Lie Frantzen.

Han er frå Liaskjeret på Sotra, og dei andre i klassen understrekar at der bur det ekte strilar.

– Då eg gjekk på barneskulen, fanst det berre nynorsk, så då brydde eg meg ikkje så mykje om språk. Men dei siste åra har det endra seg. No når eg har vorte eldre, meiner eg det er viktig å halde på dialekta og nynorsken. Det har med identitet å gjere.

Og nettopp identitet er eit emne Jorid Saure har arbeidd mykje med i klassen.

– Me har snakka om at dei er i ein minoritetsposisjon, og kva det inneber. Identiteten deira er at dei er «nynorskklassen». Me prøver også å synleggjere historiske og språklege røter. Kvar kjem nynorsken frå, og kvar kjem elevane frå? Og så vil me plante desse røtene i den nye identiteten her ute og vise at nynorsken har ei rolle her. Det skal ikkje vere ein motsetnad mellom å vere urbant orientert og å bruke nynorsk, seier Saure.

– Det skal ikkje vere ein motsetnad mellom å vere urbant orientert og å bruke nynorsk, seier norsklærar Jorid Saure.

– Samstundes har det vore viktig for oss at elevane sjølve reflekterer rundt desse spørsmåla. Skal du vere stolt av språket ditt, må du kunne forsvare det. Me ønskjer jo eigentleg ikkje at nokon skal måtte det, men me veit at det gjerne er annleis i realiteten, i ein ungdomskultur der alle ønskjer å passe inn og vere nett slik som alle andre.

Eit jamstilt minoritetsspråk

Trass i det som skjer i Fjell, peikar pilene i éi retning i dei nynorske «randsonene»: Målforma taper terreng. Er det ei naturlov på same måte som tyngdekrafta, eller kan utviklinga snu?

Unn Røyneland | Foto: UiO– Det blir veldig deterministisk å meine at dette er noko som skjer utan at me kan påverke det. Det handlar om vala språkbrukarane gjer, seier Unn Røyneland, professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Samstundes skal ein passe seg for å leggje ansvaret på individet. Dersom ein ønskjer at folk skal halde på nynorsken, må ein leggje strukturelt til rette for det. Eg trur dei sosiale årsakene er viktigast når folk byter frå bokmål til nynorsk. Minoritetsspråket nynorsk er markert, i motsetnad til majoritetsspråket bokmål. Nynorsk er dermed mindre akseptert sosialt. Akkurat det trur eg kan vere vanskeleg å innrømme for mange.

Røyneland trur ein språkblanda situasjon som i Fjell automatisk fører til at ei målform får knytt spesielle verdiar og haldningar til seg, såkalla verditilskriving.

– Me skal ikkje gløyme at i nokre tilfelle og på nokre nivå er nynorsken faktisk det nøytrale og det normale. Slik er det framleis i somme område på Vestlandet, der alle lærer nynorsk på skulen og ein også møter nynorsk i mange andre samanhengar. Men i den augneblinken ein får ei blanding, vil ein også få ei verditilskriving. Då er det masse verdiar og fordommar som ligg klare på eit nasjonalt nivå, som ein kan hente ned til det lokale nivået og «gje» til nynorsken, til dømes at nynorsk er bondsk, eller at nynorsk er eit språk som berre høver i dikt.

Minoritetsspråket nynorsk er markert og dermed mindre akseptert sosialt.

Ho synest det er forbløffande å sjå korleis ein argumenterer for bokmål i område der nynorsken tidlegare har stått sterkt.

– Språkvala til ei relativt lita gruppe innflyttarar kan bli tillagt veldig stor vekt. Nynorsken, som eit minoritetsspråk på nasjonalt plan, slit då med dei same problema som minoritetsspråk andre stader i verda. Typiske spørsmål som då dukkar opp, er: Kva er vitsen med nynorsk? Burde ein ikkje lære engelsk i staden for nynorsk? Vil ikkje det gje ungane større moglegheiter å lære bokmål?

Vegen vidare

Elevane i nynorskklassen ved Fjell ungdomsskule er snart klare for å ta steget over i vidaregåande skule. Somme reiser til byen, andre til kommunar i nærleiken. Kva skjer då med språket?

– Eg kjem til å halde fram med nynorsk som hovudmål. Då har eg også ein fordel, for bokmål er lettare som sidemål, seier Signe Eikefet.

– Eg har ikkje bestemt meg for om eg skal velje nynorsk eller bokmål på ein ny skule, seier Elisa Lokøy.

Ho nyt likevel respekten ho får frå medelevar når ho fortel at ho har nynorsk som hovudmål.

– Du veit, dei fleste synest jo at nynorsk er dritvanskeleg. Så då verkar jo me litt klokare, ikkje sant?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter