Ord for kontor

No image

Nordmenn er ganske opptekne av innreiing og møblering, og for mange er kontoret den andre heimen. Då skulle ein tru at det fanst gode norske ord for korleis vi møblerer og organiserer arbeidsstaden vår. Men i korridorane virrar engelske ord som free seating, clean desk, onboarding og outsourcing. Her kjem ei hjelpande hand til alle kontorrotter som leitar etter norske ord. 

Fritt kontorval

Dei siste åra har omgrep som free seating og clean desk vorte vanlegare i arbeidslivet. Free seating tyder at dei tilsette ikkje har fast kontorplass, men må finne seg ein pult når dei stemplar inn ved arbeidsstart. Vi ser at fleire norske uttrykk har vorte nytta: ikkje-fast arbeidsplass, ikkje-personleg arbeidspult, valfri arbeidsstad, valfri kontorplass, kontordeling, fri plassering og fritt kontorval. Av desse er nok valfri kontorplass og fritt kontorval, jamvel fri plassering, dei mest treffande kandidatane. Ordet kontordeling er misvisande, for det kan like gjerne gjelde cellekontor som vert delte av to eller fleire arbeidstakarar.

Ein føresetnad for free seating er såkalla clean desk. Arbeidspulten må ryddast heilt når økta er over for å gje plass til nestemann. Ord som ryddig pult, rydda pult og reint arbeidsbord er i bruk. Ryddig pult gjev assosiasjonar til ei velordna pultoverflate og reint arbeidsbord til ein pult utan smuss. Rydda pult og rydda arbeidsbord er difor dei mest treffande forslaga vi kjenner til.

Ord for nye og gamle tilsette

Anten nytilsette får eige kontor eller ikkje, er det mange arbeidsgjevarar som lagar eit eige opplegg for dei, såkalla onboarding. Vi slår eit slag for innføringsprogram eller introduksjonsprogram (for nytilsette). Ombordprogram kling ikkje heilt godt på norsk.

Om det går rett gale, kan arbeidsplassen verte send til nære eller fjerne himmelstrok, altså outsourcing. Her kan vi velje mellom fleire norske kandidatar, som konkurranseutsetjing, driftsutsetjing, tenestutsetjing og utkontraktering. Konteksten avgjer kva som er best. Det litt tekniske utkontraktering kan vere dugande, for i det siste har det igjen vore snakk om å hente inn att ein del arbeidsoppgåver i verksemder, såkalla insourcing. Det kan like godt heite innkontraktering, og då får vi eit godt ordpar.

Om det skulle verte aldri så trongt på jobben, er det uansett plass til fleire norske ord.

 

-- Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2017 | Oppdatert:27.01.2021