Å tenkja med hendene

No image

I byrjinga vart det sagt om litteraturen til Jon Fosse: «Slik er Vestlendingen.» Men etter at bøkene hans har vorte omsette til meir enn førti språk, er det vanskelegare å setja merkelappar på mannen i Grotten.

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: KATRINE GADE

Blant cupcakes og anna søtt møter me Jon Fosse på kafeen Dagny’s i Oslo ein seinsommarmorgon. For Fosse drikk ikkje lenger alkohol, og han legg seg tidleg om kvelden. Dessutan er det stutt veg frå der me sit, til Sankt Olav-domkyrkja, dit Fosse skal til messe etter avtalen vår.

– Dei første åra fekk eg stort sett dårlege og til dels elendige kritikkar i Noreg. Gjennombrotet fekk eg i Sverige, med Stengd gitar. Den boka vart meld i Noreg òg, men kritikkane var dårlege. Då bestemte eg meg for ikkje å ta meg nær av korkje vondord eller godord, eg ville halda fast ved mitt. Og det har eg gjort.

Etterpå har det vorte lenger mellom vondorda: Jon Fosse er prisa som vår største levande dramatikar, men no har han slutta med å skriva skodespel, i alle fall for ei stund. Fosse har vist til gagns at han òg kan skriva prosa; for Andvake-trilogien vann han i 2015 like godt Nordisk råds litteraturpris. Repetisjon og variasjon gjennomsyrer trilogien på same vis som resten av forfattarskapen til Fosse:

Alle skal visst gå, seier han
Dei skal visst det, seier Olav
Det var underleg, seier Åsgaut
At alle så brått skulle gå, seier han
Ja, seier Olav
Alle går ja, seier Gamlingen 

Inn til kjernen

– Eg spelte gitar som tenåring, det var eit tilhald for meg i pubertetsåra. Samstundes byrja eg å skriva. Og når eg så skulle skriva, prøvde eg å få til noko av det same som når eg spelte. På same måte som klassisk dikting er musikk repetisjon og variasjon. Ein kan bruka det musiske i språket, det gjer alle dei gode diktarane. Den rytmiske rørsla er heilt avgjerande. Om du ikkje har talent for dét, så har du ikkje talent for å dikta.

Alle dei gode diktarane bruker det musiske i språket.

I tillegg kallar mange språket ditt «strippa»?

– Det er slik eg skriv. I den første teksten eg fekk til, litterært sett, var det ikkje namn på personane, og heller ikkje merkenamn og den slags. Om eg nemner slikt, er eg på veg inn i noko anna. Det å dikta er ei slags tenking, ein refleksjon over livet der du tek bort det som er uvedkomande, for å koma inn til det som det verkeleg dreier seg om. Slik trur eg at eg er meir påverka av Heidegger og Wittgenstein enn av nokon annan forfattar. I eksistensanalysen til Heidegger er det nett det han prøver på, å ta vekk ting, koma fram til det det er. «Zu der Sache», som han skriv.

– Tenking har ikkje berre med omgrep å gjera, det er også ein emosjonell ting. Stemningane pregar kva du tenkjer, dei pregar språket ditt. God skjønnlitteratur er òg ei tenking. Det blir som med skulptøren Nils Aas, som sa at han «tenkte med hendene». Det å skriva er på ein måte også å tenkja med hendene.

Jon Fosse tenkjer meir med hendene dess eldre han blir. Både skriving og lesing har det vorte meir av. Andre ting har det vorte mindre av.

– Eg reiste rundt i verda i tjue år og vart til slutt rimeleg utsliten av teaterlivet. Eitt år hadde eg 150 reisedøger, det vart mykje drikking, mykje nervar og så vidare.

Vart det nok?

– Ja, det vart meir enn nok, langt over grensa for nok. No reiser eg av familiære og private grunnar. Det er heilt slutt på teaterlivet og reisinga knytt til det. Men dei siste fem åra har eg budd mykje ein liten stad utanfor Wien. Eg kjenner meg nok litt friare der enn i Noreg, det er godt å vera der. Der har eg skrive ei forteljing, som no nærmar seg 1800–1900 sider. Dei siste åra har eg halde på med det eg kallar langsam prosa, men at det skulle verta såpass lang prosa, det overraska meg.

Du er kjend for å seia mykje med få ord. Kvar kom dette formatet frå?

– Pokker veit! Eit teaterstykke, om ein får det til, har ein veldig intensitet. Det må ha mykje kraft i seg om det skal koma over scenekanten. Eit teaterstykke liknar litt på eit utstrekt dikt. Alt eg har gjort, har vore relativt konsentrert, eg har aldri skrive i ein slik stor samanheng før. Men eg lèt det skje det som vil skje, så lenge det ikkje er noko gale.

Trur du Fosse vil vera gjenkjenneleg i eit slikt format?

– Ja, ja. Eg kan bli drita lei meg sjølv, men eg kjem aldri unna meg sjølv, veit du. Og eg kan ikkje seia at eg er så glad i meg sjølv. Men det er ei anna historie.

«Alle språk bestemmer på sin måte kva du kan seia.»

Attende til opphavet

Etter Andvake­-trilogien trong Fosse ein pause frå diktinga. Mykje av tida brukte han på å omsetja dikta i Den eldre Edda. For å læra seg noko norrønt brukte han Aasens lærebok. Han omsette også to norrøne soger, Soga om Fridtjov den frøkne og Soga om Torstein Vikingsson. I tillegg ivrar han for å få omsett moderne klassikarar til nynorsk.

– Kafka låg ikkje føre på nynorsk før eg omsette Forvandlinga og andre forteljingar. Det meiner eg er ein stor mangel og ei stor unnasluntring av Samlaget, som eg har masa på sidan midten av åttitalet. Heldigvis tok forlaget Skald det opp att no, og det ser ut til at bøkene sel. Eit lite forlag i Leikanger i Sogn som gjev ut Kafka og Joyce, det er slik det skal vera.

Du får gjort mykje. Korleis ser ein arbeidsdag ut?

– Eg jobbar om natta, så søv eg litt utpå føremiddagen. Om eg jobbar med omsetjingar, kan det henda eg tek opp att arbeidet utpå dagen. Men elles er eg vorten eit nattmenneske. Eg legg meg tidleg og står opp tidleg. Tidlegare drakk eg om kvelden, men så slutta eg heilt med det. Og noko skal du jo bruka kvelden til, så no bruker eg han til å sova.

Noko skal ein jo bruka kvelden til, så no bruker eg han til å sova.

Treng du sjølvdisiplin for å få ting gjort?

– Eg har utprega sterk sjølvdisiplin. Sterk vilje har eg òg. Eg har jo aldri hatt ein skikkeleg jobb. Denne evinnelege tytinga i samfunnet om at du ikkje lever eit meiningsfullt liv om du ikkje går på jobb, og at det er så forferdeleg å halda på med noko sjølv. For meg hadde fast jobb vore reine helvetet. Då ville eg heller ha vore fiskar eller hatt ei pølsebu med varierande opningstider. Tvangen om at alt skal rettast inn og organiserast etter fast arbeid, den skjønar eg ikkje. Det er kan henda noko eg har frå det gamle samfunnet, der fiskarar og bønder var vane med å styra si eiga tid.

Var det slik sett praktisk å verta forfattar?

– Då eg voks opp, tenkte eg ikkje på det. Eg kjende meg som ei kunstnarsjel; eg spelte, skreiv og teikna ein del. Men likevel hadde eg inga tru på at eg skulle verta kunstnar av profesjon. Kan henda fordi eg kjem frå Strandebarm? Eg trur ikkje eg såg føre meg kva eg skulle bli, kanskje ein slabbedask? Eg fekk gjeve ut den første romanen min då eg var 23, og plutseleg var eg berre forfattar.

Fargeskifte

Forfattar er han framleis, for mange nok først og fremst nynorskforfattar.

– Eg plar seia at eg ikkje kan noko for at eg vart fødd i Nynorskland og gjekk frå første klasse til og med siste gymnasklasse der. Det er nesten parallelt til sexisme og rasisme, når nokon går til åtak på ein stakkar som var så heldig å få veksa opp i Nynorskland. Det er difor det òg er så forbaska urettvist at dei som har nynorsk som sitt skriftspråk, ikkje får bruka det i landet sitt, fritt og freidig og modig.

Er forfattarskapen din uløyseleg knytt til nynorsken?

– Eg hadde nok skrive, same kva språk det var på, vil eg tru. Men at eg skriv slik som eg gjer, og for å vera litt skrytande, så pass godt som eg gjer, dét trur eg har mykje med nynorsken å gjera. Alle språk bestemmer på sin måte kva du kan seia. Du merkar skilnaden òg mellom nynorsk og bokmål, det kjem andre ting ut. Det vart svært tydeleg då stykket mitt Nokon kjem til å komme vart spelt på bokmål på Nationaltheatret. Det vart sagt noko anna, stykket skifta farge. Eg hugsar eg sa i eit intervju at på nynorsk var stykket brunt og lilla, medan på bokmål var det kvitt og gult.

Korleis har språket ditt endra seg?

– Då eg hadde skrive Eg er vinden, var eg eigentleg ferdig med å skriva for teater. Eg var i ein fin flyt og ville skriva meir, men eg ville skriva prosa, som eg ikkje hadde skrive på fleire år. Og det var tungt å koma i gang. Men då tenkte eg, fanken, no prøver eg å skriva på i-mål med a-infinitiv, så gamalvore som eg fekk det til. Og det forløyste noko i meg. Klangen og stemninga i Andvake, den kom i gang ved hjelp av den eldste nynorsken, i alle fall den eldste som eg klarte å skriva. Eg var ikkje redd for gamle, gode ord, og det ligg jo òg i tittelen Andvake. Så eg har gått frå å skriva nærast samnorsk i studietida til å skriva det eg kallar radikal nynorsk, det vil seia markert og lenger borte frå bokmålet.

At eg skriv slik som eg gjer, det trur eg har mykje med nynorsken å gjera.

– Difor synest eg det er veldig bra at mange samnorskformer gjekk ut då nynorskrettskrivinga vart revidert sist, slik som drøm. Samstundes kan eg ikkje skjøna at det skal kunna heita bølge på nynorsk, det må vera bølgje. Det same gjeld for tenka/tenkja. Å ta vekk j-en her er for meg like gale som å ta vekk j-en i ikkje. Ingen språk er konsekvente, men alle språk har nokre markørar. Det har òg nynorsken, og dei skal ein ikkje tukla med.

Rosenkransen og det heilage

Den tilmålte tida nærmar seg slutten. Fosse må snart gå over gata til messe i Sankt Olav-domkyrkja.

– Eg konverterte til katolisismen i 2013. No prøver eg å vera praktiserande katolikk, det vil seia at eg går til messe ein til to gonger i veka, og at eg har eit bøneliv.

Korleis artar det seg?

– Det er svært rituelt. Eg bruker rosenkransen, det er repetitivt og meditativt. Når eg bed, vekslar eg mellom å bruka den latinske versjonen og mi eiga nynorske omsetjing av fadervår og truvedkjenninga.

Er fellesskapen viktig for deg når du går til messe?

– Ja, det er han. Det er ein gjeng med idiotar som vender seg mot det heilage.

Noko større enn dei sjølve?

– Noko er der, både i deg og meg, og rundt oss.

Er det til hjelp?

– Klart det er til hjelp. Det har aldri gjort meg noko vondt, ikkje i det heile tatt. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter