Kristendomen og språkhistoria

No image

I år er det 500 år sidan Martin Luther starta reformasjonen med dei namngjetne tesane sine. Jubileet er eit fint høve til å sjå på kva rolle religionen har spela i norsk språkhistorie, både før og etter reformasjonen. For gjennom historia har kristendomen vore avgjerande for språkopplæringa og det skrivne og lesne ordet.

AV IVAR BERG

Kristendomen er ein bokreligion der det skrivne ordet, fyrst og fremst Bibelen, står sentralt. Med misjonsprestane kom det latinske alfabetet til Noreg på 1000-talet. Fyrst var denne skrifta knytt til religiøse tekstar på latin, men snart byrja somme å skriva morsmålet og tok i bruk det latinske alfabetet til verdslege føremål som juridiske tekstar, historie og fiksjonslitteratur. Rett nok fanst det eit eldre skriftsystem i Noreg, runene, men runeinnskriftene er få i talet og nokså stutte jamført med dei lange tekstane som er skrivne med latinske bokstavar. Innføringa av bokskrifta var difor ein medierevolusjon, og det er fyrst då me får fullgod kjennskap til språket i Noreg.

Gamalnorsk

Mange av dei gamalnorske tekstane er knytte til religionen. Dei eldste er nokre fragment av helgenlegender frå slutten av 1100-talet, og den eldste heile boka me har på norsk, er Gamalnorsk homiliebok frå ikring år 1200. Dette er ei samling preiker (homiliar) som prestane bruka, med ein del andre religiøse tekstar. Mykje av stoffet er naturleg nok omsett frå latin, men noko må vera originale norske tekstar. Det gjeld i alle fall ei rekkje jartegn knytte til Sankt Olav og den kjende Stavkyrkjepreika, der skrivaren jamfører samfunnet med dei ulike delane av ei stavkyrkje. Preika har utanlandske førebilete, men er tilpassa denne særnorske bygningstypen.

Fadervår på gamalnorsk

Vér syngjum pater noster qui es in cælis. Ðat er svá á vára tungu. Faðer vár, sá er er á himnum. Verði nafn þitt heilagt. Til kome ríki þitt. Verði vili þinn svá á jǫrðu sem í himnum.

Frå Gamalnorsk homiliebok, utg. av Gustav Indrebø i 1931, her med noko tilpassa rettskriving

Fleire bibeltekstar vart omsette til gamalnorsk i høgmellomalderen. Best kjent er nokre delar av Det gamle testamentet som til saman vert kalla Stjórn (styring). I religiøse soger er det ofte mange sitat frå evangelia og Apostelgjerningane, og det er godt mogleg at det har funnest fullstendige omsetjingar av dei. Det meste av bibelstoffet er bevart i islandske handskrifter, men nokre av omsetjingane vart til i Noreg; Island og Noreg utgjorde eitt språksamfunn den gongen.

Dansk

Utover seinmellomalderen endra språket i Noreg seg mykje, og me reknar med at dialektane litt ut på 1500-talet likna mykje på gamaldagse bygdemål i vår eiga tid. Men samstundes som talemålet endra seg, tok dansk gradvis til å erstatta norsk som skriftspråk frå midten av 1400-talet. Det aller meste som vart skrive i Noreg etter år 1500, er på dansk, jamvel om nokre tekstar frå bygdene held på norsk litt lenger. I den eine av to messebøker på latin som erkebisp Erik Valkendorf fekk trykt for Nidaros erkebispedøme i 1519, er det faktisk to sider på norsk om heilagdagar og fastetider i Nidaros bispedøme – den fyrste prenta teksten på norsk. Trykkinga av desse messebøkene var det siste kulturelle krafttaket til den katolske kyrkja i Noreg.

Skiftet til dansk skriftspråk er uløyseleg knytt til den politiske utviklinga, der Noreg vart stendig sterkare dominert av Danmark. Frå midt på 1400-talet nytta unionskongane berre dansk, også i saker som galdt Noreg. Mange danskar fekk viktige ombod i Noreg, både verdslege og kyrkjelege, og skreiv brev og kunngjeringar på dansk. Nordmennene tok etter skriftspråket til dei øvste i samfunnet, og på denne tida ville det seia danskar. Språkskiftet var i stor grad gjennomført før reformasjonen i 1537, men konfesjonsskiftet fekk likevel langsiktige språklege fylgjer.

Bibelen på folkemål

Eit viktig poeng med reformasjonen var å gjera Bibelen tilgjengeleg på folkemåla, så folk kunne lesa gudsordet. Martin Luther sette sjølv om Bibelen til tysk, og denne omsetjinga vart svært viktig for utviklinga av det høgtyske skriftspråket. Utover 1500-talet kom fleire bibelomsetjingar til nordiske språk: På dansk kom Kristian IIs nytestamente i 1524 og Kristian IIIs fullstendige bibel i 1550; på svensk kom Gustav Vasas bibel i 1541 (nytestamentet i 1526). På islandsk vart nytestamentet omsett i 1540 og heile bibelen – kalla Guðbrandsbiblía etter omsetjaren – i 1584. Alle desse bibelutgåvene vart svært viktige for utviklinga av dei respektive skriftspråka, og ved hjelp av trykkjekunsten – ein annan stor medierevolusjon – vart dei spreidde i langt større opplag enn det handskrifter i mellomalderen hadde vorte.

Fadervår på nordiske språk på 1500-talet
Islandsk
(1540)
Faðir vor, sá þú ert á himnum. Helgist nafn þitt, til komi þitt ríki, verði þinn vilji svo á jörðu sem á himni.
Svensk
(1526)
Fadher wår som är j himblomen / Helghat wardhe titt nampn / Tillkomme titt rike / Wardhe thin wilie så på iordhenne som j himmelen.
Dansk
(1550)
Vor fader i Himmelen. Helligt vorde dit Naffn. Tilkomme dit Rige. Vorde din Villie paa Jorden som i Himmelen.

Religiøs litteratur

Men kva med norsk? Noreg fekk inga eiga bibelomsetjing, for då reformasjonen kom, hadde dansk vorte skriftspråk her i landet. Reformasjonen gjorde folkemåla i protestantiske land til kyrkjespråk og auka statusen deira andsynes den lærde latinen. Men i norsk samanheng var det dansk som naut godt av denne statusen, det var det som vart «Guds eige språk» i den reformerte statskyrkja. Dét var språket kyrkjelyden møtte i liturgi, salmesong og preiker – jamvel om norskfødde prestar kunne preika på norsk.

Kristendomen er ein bokreligion der det skrivne ordet står sentralt.

Innføringa av obligatorisk konfirmasjon i 1736 kravde at folket fekk nok leseopplæring til å læra seg katekismen, og var den direkte årsaka til innføringa av ålmugeskulen i 1739. For mange var det nok framleis så som så med lesekunna, men det fanst ein god del bøker i privat eige også før år 1800. Jostein Fet har undersøkt dette på Nordvestlandet, og der hadde mange huslydar bøker, vanlegvis salmebøker, bibel og katekisme, huspostillar og bønebøker. Dei fleste bøkene var på eitkvart vis knytte til religionen, jamvel om somme åtte andre slags bøker òg. Me kan ikkje vita sikkert om tilstanden var heilt likeins andre stader, der det ikkje er gjort tilsvarande undersøkingar, men i den grad folk las, var det nok fyrst og fremst religiøs litteratur på dansk.

Frå dansketida finst det nokre få tekstar som er skrivne på norske dialektar. Dei fleste av desse er viser eller dikt, men somme prøvde seg òg på bibeltekstar. Den eldste teksten av dette slaget er 1. kapittel av Romarbrevet, omsett av Jacob Rasch til jærmål i 1698. Resultatet vart slik: «Podl, Jesu Christi tenar, saa va kadlæ te a væra senningsbu, dæ æ aa betya serdæilis atlæ te a sæja Guds gleæligiæ buschab» (Rom 1,1).

Bibelomsetjing

I år 1800 trykte Trondhiems Budstik dei ti bodorda med forklaring etter Luthers katekisme, omsette til overhallamål av Hans Barlien. Grunngjevinga hans for omsetjinga var at dansk var vandt å skjøna for borna. Det fyrste bodet lyder slik: «De føst Bue: Du ska int ha naakaan framund Gu istan fer mæg. De e de sama som: du ska føri Alting frøgt aa tykja om Gu, aa bære forlat dæg paa han.» Barlien har den eldre forma int, som seinare har vorte til itj, men elles stemmer dette godt med dialekten i Overhalla enno i dag.

Slike freistnader på å skriva norsk var likevel unntak. Kyrkjespråket var dansk, og i ei tid då folk flest framleis gjekk i kyrkja kvar sundag, vart det ei viktig sak for målrørsla å etablera landsmålet som kyrkjespråk på slutten av 1800-talet. Det vart difor gjort opptak til å setja om Bibelen, og særleg Elias Blix skreiv salmar som kom i bruk, og det vart utforma ein eigen liturgi på landsmål. På same tid vart Bibelen òg omsett til eit riksmål som skilde seg frå dansk. Slik frigjorde me oss frå språkarven frå dansketida, anten gjennom innføring av landsmålet eller fornorsking av riksmålet. Men det tok tid, for religiøs språkbruk er spesielt konservativ. Ei soge fortel om lærarstudenten Olav Duun frå Nord-Trøndelag som til munnleg eksamen i kristendom siterte eit bibelvers på dialekt og fekk kritikk fordi «Bibelen bør da siteres på sitt eget sprog» (altså dansk). «Æg hi itj lært hebraisk», svara Duun.

Mange faste uttrykk er henta frå Bibelen. Det er eit tydeleg teikn på kor viktig han var for folk, og det danske kyrkjespråket har gjort at nokre av uttrykka lever i dansk form. Eit slikt døme er «samle i lader» ‘kara til seg gods, eiga unødvendig mykje’ (Matt 6,26); i nye norske omsetjingar heiter det «samle i hus». Substantivet lade kjem av gamalnorsk hlaða, oblik form hlǫðu, som har utvikla seg til norsk løe. Lade og løe er altså bøyingsformer av same ordet, men ulik ljodutvikling i norsk og dansk har gjort dei nokså ulike, og dei færraste som kjenner uttrykket, tenkjer vel på denne koplinga i dag. Såleis minner «lader» oss om ei tid då Bibelen var folkelesnad og Guds eige språk var dansk.

 

-- Ivar Berg er fyrsteamanuensis i nordiske språk ved NTNU.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2017 | Oppdatert:27.01.2021