Klar tale?!

Høyrer du det eg seier, eller høyrer du det eg meiner? Eller kanskje du høyrer det du trur eg meiner, eller det du synest eg burde meine?

AV JOHN ERIK BØE LINDGREN

John Erik Bøe Lindgren, rådgjevar og nettredaktør i Språkrådet

Språk er kommunikasjon – tankar og innhald overført frå éin til éin eller frå éin til fleire. Nokre gongar er bodskapen enkel og grei, andre gongar samansett og komplisert. Det einaste som er sikkert, er at vi er prisgitt det språket vi til ei kvar tid rår over.

«Så hyggeleg at vi skal på besøk hos svigermor! Synd det samstundes er landskamp på TV.» Dobbeltkommunikasjon er det fenomenet som oppstår når vi seier to ting på éin gong, når det vi seier, verkar som to, gjerne motstridande, bodskapar. Det kan vere kroppsspråket eller ei handling som ikkje harmonerer med det talte eller skrivne, det kan vere stemmeleiet som står i kontrast til utsegna, eller det kan vere ei utsegn som formidlar sprikande innhald. Ein seier at ansvaret for mistydinga ligg hos avsendaren av bodskapen, men i dette tilfellet er nok mistydinga ønskt.

«Det er mykje å seie om svigermor. Det meste er positivt.» Ein nær slektning av dobbeltkommunikasjonen er bodskapen som ligg mellom linjene, det ein lèt «skinne gjennom». Her er ikkje målet nødvendigvis å formidle to bodskapar, men å pakke bodskapen såpass godt inn at ein ikkje forpliktar seg. Til liks med dobbeltkommunikasjonen fråskriv vi oss eit visst ansvar når vi unngår å seie noko med reine ord.

«Eg elskar svigermor!» Ironien hadde ei stordomstid på 90-talet, men er framleis hyppig i bruk, både når vi sår tvil om eigne synspunkt, og når vi slår dei ettertrykkeleg fast. For at ironien skal ha størst effekt, må han ha humor. Det er ikkje nødvendigvis komisk å seie det motsette av det ein meiner, sjølv om det kan vere det. Men ironien kan vere ein farleg veg å gå. Derfor følger enkelte utanlandsk skikk og legg til eit «NOT», som skal gjere det heilt klart at det er ironi det er snakk om.

Felles for desse kommunikasjonsformene er at vi ønsker å få fram ein tydeleg bodskap på ein utydeleg måte. Vi går på sett og vis utanfor språket og lèt det oppstå eit språkleg tomrom som mottakaren sjølv må fylle. Vi fråskriv oss ansvaret og kan skulde på feiltolking, uansett om mottakaren tolkar det riktig eller gale.

Vi står altså overfor ein avansert og litt sleip måte å kommunisere på. Vi tøyer språket og får meir fram gjennom det usagde enn det sagde. Nokre gongar burde vi nok ganske enkelt berre halde munn. – NOT!

 

-- John Erik Bøe Lindgren er rådgjevar og nettredaktør i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter