Frå oksehovud til krøllalfa – soga om bokstaven a

Historia om bokstaven a byrjar som ein fønikisk okse for over to tusen år sidan, før han endar opp som dagens vokalteikn – og som ein moderne krøllalfa.

AV OLE VÅGE

A-en kneisar majestetisk som ein pyramide i byrjinga av ei setning eller eit namn. Han innyndar seg i velviljug leik med dei andre bokstavane inni eit ord. Og han er først blant likemenn i alfabetet og ein slitar i ordforrådet.

Frå ordteikn til lydteikn

Eit av dei tidlegaste spora av a-en kjem frå fønikarane, eit semittisktalande handels- og sjøfararfolk som levde i Levanten og middelhavsområdet frå 1500 til 300 f.Kr. Dei innførte alfabetet og revolusjonerte såleis skriftspråket. Spora etter den fønikiske oppfinninga ser vi i storparten av skriftspråka i verda i dag, anten det er norsk, arabisk eller hindi.

Eldre skriftspråk som egyptiske hieroglyfar og akkadisk kileskrift var i all hovudsak ordteikn, der teiknet stod for eit ord og gjerne skulle likne eller spegle tydinga av ordet. Teiknet for ‘sol’ var til dømes ei stilisert teikning av sola.

Etter kvart kom teikna også til å stå for anten uttale av ei staving (akkadisk) eller ein konsonant (gammalegyptisk) i ordet, så det er ein glidande overgang. Dei lesande måtte likevel lære seg svært mange teikn, og det heile vart ganske innfløkt. Fønikarane reduserte difor talet til 22 teikn, eit for kvar lyd, såkalla fonogram. Skriftteiknet gjekk altså frå å vere ordteikn til lydteikn, og ein skal ikkje undervurdere kor viktig det var.

Før og etter fønikarane


Fønikarane kalla den første bokstaven i alfabetet for alef, som tyder ‘okse’. Bokstaven henta dei eigentleg frå det hieroglyfiske teiknet for ‘okse’, men dei gav det altså berre ein lydverdi. Om du vrir på majuskelen A, kan du med litt velvilje sjå oksehorna stikke opp. Forma var altså ikkje heilt tilfeldig:

Fønikisk a frå 1200 f.Kr.Fønikisk a frå 1200 f.Kr.

Uttalen av a-en var heilt annleis enn vår. Fønikarane hadde eit konsonantalfabet og ingen teikn for vokallydar. Mykje tyder på at alef vart uttala som ein glottal lukkelyd som vi ikkje har i norsk. Det er snakk om ein strupelyd som kjem av at vi presser saman stemmebanda nede i halsen og så brått opnar for at lufta kan passere.

Sjølv om fønikarane ofte vert rekna som oppfinnarane av alfabetet, må det seiast at arkeologiske funn tyder på at det fanst minst eitt eldre språk som utvikla eit alfabet, eller i det minste ein overgang mellom hieroglyfar og det fønikiske alfabetet. Her trengst det ikkje godvilje for å sjå likskapen med oksehovudet:

Protosemittisk a frå 1600 f.Kr.Protosemittisk a frå 1600 f.Kr.

Grekarane på hovudet

Dei gamle grekarane hadde sansen for det velfungerande fønikiske alfabetet, men dei tilførte det også noko nytt ved å innpasse vokalane. Dermed vart prinsippet for det moderne alfabetet i den vestlege verda fødd. No var det slik at grekarane heller ikkje hadde ein glottal lukkelyd, så bokstaven stod ledig. Dei snudde like godt alefen gradvis på hovudet, slik at han stod på føtene, og forvandla han til vokalen a, som grekarane kalla for alfa, jamfør namnet på alfabetet vårt. Forvandlinga var kanskje ikkje tilfeldig, for det er ikkje lange vegen frå den gutturale fønikiske lyden til den låge greske vokalen a. Det syner kor tilpassingsdyktig alfabetet er.

Tidleg gresk form frå 600 f.Kr.Tidleg gresk form frå 600 f.Kr

Alfaen var ein av fleire vokalar som kom i tillegg til konsonantane i tidleg gresk. Grekarane koloniserte delar av middelhavsområdet, mellom anna den italienske halvøya, der dei støytte på etruskarane. Dei tilpassa det greske alfabetet til kolonistane og kalla bokstavane for lydverdien dei stod for, altså /a/, /be/, /de/ osb. Bokstaven heitte no a, ikkje alfa. Det etruskiske alfabetet hadde først 26 teikn, seinare 20. Etruskarane gav bokstaven litt ulike former, men han er i all hovudsak ikkje så ulik den moderne forma. Dei lånte nemleg bort alfabetet sitt til romarane, som nytta det til latin.

Etruskisk form frå 600 f.Kr.Etruskisk form frå 600 f.Kr.

Den imperiale bokstaven

Latin vart eit dominerande skriftspråk basert på eit alfabet med 23 bokstavar. Romarane utvikla også ulike former på bokstavane, avhengig av skrivereiskap og medium. A-en vart mellom anna hogd ut med meisel i marmor eller skriven med ulike typar pennar på pergament. Romarane nytta dei såkalla capitalis-bokstavane, som var majusklar for høgtideleg skrift og i bøker. Men behovet for ei snøgg bokstavskrift med færre løft med pennen gjorde at den såkalla kurrensskrifta utvikla seg. Ho er nok uforståeleg for våre auge, men utvikla seg mellom anna til dei vakre uncialskriftene, ei handskriftform med rundaktige og lettlesne bokstavar som tok til å dominere i Romarriket.

Skiljet mellom majusklar (A) og minusklar (a) oppstod gradvis, og når vi no skriv a på tastaturet og ɑ med handskrift, kjem det av ulike skrifttradisjonar. Latin var administrasjonsspråket i Romarriket, men då riket fall på 400-talet, vart det slutt på ei sentralisert styring av skriftspråket. Det var ikkje staten, men kyrkja som forvalta skrifta, særleg kloster som låg spreidde utover dei enorme områda som ein gong var Romarriket. Det utvikla seg nye avartar og tradisjonar for korleis ein skreiv a og andre bokstavar, blant anna gjennom handkopiar av Bibelen. Noko måtte gjerast, skrivefeil og mistydingar vart utbreidde. Eit visst forsøk på standardisering tok til med dei såkalla karolingiske minusklane i den europeiske mellomalderen. Dei vakre og forseggjorte, men samstundes tydelege bokstavformene vart skriftnormalen i store delar av Vest-Europa og la grunnlaget for den seinare trykkskrifta og bokstavane vi skriv i dag.

Latinsk capitalis monumentalis  Halvuncialform av a frå år 1000
Latinsk capitalis monumentalis      Halvuncialform av a frå år 1000
Uncialform av a frå år 400–900   Karolingisk a i bibel frå år 830
Uncialform av a frå år 400–900 Karolingisk a i bibel frå år 830

Men for ikkje å gå oss vill i det kalligrafiske mangfaldet gjer vi eit sprang til heimlege trakter.

Runeskrift

Gammalnorske runedikt syner at kvar rune hadde sitt eige namn. A-en kjem som den fjerde i rekkja i det eldre runealfabetet (den eldre futharken) og vart kalla áss, altså ås, som det ein kalla gudar i norrøn mytologi. Teiknet var ein loddrett strek med to skråstrekar på høgre side. Her var det også snakk om variasjonar i både tid og rom.

Runerekkja vart gradvis endra, og i den yngre futharken hamna a-en på tiandeplass. Han mista den eine greina og stod att med ei tverrgåande linje midt på den loddrette. Det er ikkje lett å sjå likskapar mellom dei latinske bokstavane for a og runeteikna, men fleire teoriar legg til grunn at runene opphavleg byggjer på det latinske alfabetet. Vi veit at runealfabetet vart nytta såpass seint som på 1800-talet, men så vart denne varianten av a-bokstaven vekke.

Runeteiknet for a i eldre runeskriftRuneteiknet for a i eldre runeskrift Runeteiknet for a i nyare runeskriftRuneteiknet for a i nyare runeskrift

Stadig nye former

Gjennom prenteoppfinninga og skriftfestinga av fleire språk har bokstaven a fått endå fleire former, anten det gjeld den vakre gotiske a-en i Gutenbergs bibel frå 1455 eller sirkelen som gav oss bolle-å i 1917, den siste bokstaven i det norske alfabetet.

Den moderne krøllalfaen @ er eit synleg teikn på at a-en kan gå gjennom hamskifte for å rettferdiggjere den eineståande stillinga han har i skriftspråket vårt. Han står jo gjerne for det beste, for noko med høgste kvalitet – ikkje ulikt krafta hos nettopp oksen.

Majuskel-A frå Gutenberg-bibelenMajuskel-A frå Gutenberg-bibelen

 

-- Ole Våge er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter