Polvandring

No image

Pol er gresk, i alle tydingar av ordet. Pol tyder ‘akse, spiss’, som i Nordpolen og Sørpolen. Pol inngår i ord som monopol og tyder då ‘selje, handle’ (av polein), så når me går på polet, altså vinmonopolet, driv me ein slags einehandel. Og pol er del av ord som metropol og politi og tyder då ‘by’ (av polis). Det som vedkjem byen, politikos, har vorte til politikk.

Oldtidsbyen Metropolis i Lilleasia var ein moderby (metro- tyder ‘mor’ i samansetningar), ein by som fleire hundreår f.Kr. sende ut folk for å grunnleggja nye byar. Fleire av dei vart heilt enkelt kalla Neapolis, som tyder ’nybyen’. Ein slik by ligg i Italia den dag i dag og heiter Napoli på italiensk. Ein annan by heitte Antipolis, truleg av di han låg midt imot ein annan by, for anti tyder ’imot’. Namnet er noko nedslite, for byen heiter no Antibes og ligg i Frankrike.

Mykje seinare er -polis i engelsk nytta i somme skjemtenamn som Cottonopolis om Manchester, som hadde ein stor bomullsindustri (cotton tyder ’bomull’), og Porkopolis om Chicago (pork tyder ’flesk’).

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter