83 millionar grunnar

Universitetet i Oslo (UiO) legg ned det viktige arbeidet dei har gjort i tiår – med løyving frå Storting og regjering – i å utvikle og formidle innhaldet i dei store språksamlingane. Den mest populære tenesta som bygger på samlingane, er Nynorskordboka og Bokmålsordboka, som alle kan bruke gratis på nett. I fjor vart det til saman gjort 83 millionar søk i dei to ordbøkene.

Direktør i Språkrådet Roy Kristiansen

Ordbøkene er dei suverent viktigaste kjeldene til offisiell informasjon om korleis ord skal skrivast, korleis dei kan brukast, og kva dei betyr. Når UiO legg ned arbeidet med språksamlingane, er framtida til ordbøkene i fare.

Oppdaterte ordbøker treng oppdaterte språksamlingar som grunnlag. Samlingane og ordbøkene må bergast. Men ei løysing som berre sørger for at ein offentleg institusjon lagrar samlingane, mens det vert overlate til private forlag å lage ordbøker, held ikkje. Det trengst ressursar og langsiktige, forpliktande planar for forsking og formidling knytt til samlingane i offentleg regi. Det vitskaplege arbeidet med samlingane og redigeringa av ordbøkene er dessutan to sider av same sak og bør haldast samla – slik det har vore gjort hittil.

Dei norske språksamlingane høyrer ikkje heime i ein skuff. Dei må brukast, formidlast og forskast på. Blant anna i form av oppdaterte ordbøker. Det er 83 millionar grunnar til det.

Roy Kristiansen - signatur

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter