Frykt for fobiar

Det finst mykje å vere redd for, også i ordbøkene, der fobiane våre har fått plassen sin ved hjelp av grekarane. Ordbøkene er sånn sett verken agorafobiske, onomatofobiske eller xenofobiske.

AV ERLEND LØNNUM

Fobi er eit framandord for nervøs avsky eller sjukleg otte for visse situasjonar, naturfenomen, gjenstandar eller dyr. Vi har det frå gresk, der phobia kjem av phobos, som tyder ’frykt’.

Meir enn «klaus»

Det finst ei stor mengd fobiar med gresk opphav, mellom anna agorafobi, redsle for opne plassar (agora ’plass’), onomatofobi, redsle for å høyre eller uttale visse ord (onoma ’ord’), og xenofobi, redsle for alt framandt eller utanlandsk (xenos ’ein framand’). Den mest kjende frykta har derimot latinske røter, nemleg klaustrofobi, redsle for stengde rom (claustrum ’stengsel’, jf. kloster).

I norske ordbøker finn vi godt over femti forskjellige fobiar. I allmennordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka er det samla eit par handfuller. Ved sida av dei nemnde fryktene kan vi lese om akrofobi, redsle for høgder (akros ’øvst’), androfobi, redsle for menn (andros ’mann’), antropofobi, redsle for folk (anthropos ’menneske’), homofobi, redsle for homoseksualitet (homos ’den same’), hydrofobi, redsle for vatn (hydor ’vatn’), panofobi, redsle for alt mogleg (pan ’all’), og zoofobi, redsle for dyr (zoon ’dyr’). I tillegg har nyvinninga anglofobi kome med, altså motviljen mot engelsk.

Skrekkbilete

Ei rekkje litt mindre kjende fobiar er lista opp i Medisinsk ordbok og Fremmedordboka. Den medisinske terminologien har mellom anna tatt med motparten til androfobi, nemleg gynefobi (gyne ’kvinne’), redsla for kvinner.

Her finn vi òg framandord for meir alminnelige ord som flyskrekk (aviofobi, aerofobi), tannlegeskrekk (odontofobi), edderkoppskrekk (araknofobi), hundeangst (kynofobi), sosial angst (sosiofobi, monofobi), mørkredsle (noktifobi), skrivesperre (grafofobi), etevegring (sitiofobi) og det å vere lyssky (fotofobi) og arbeidssky (ponofobi).

Om desse orda er greske for deg og du har ein sterk mothug mot alt nytt, er det kanskje ein snev av neofobi eller teknofobi du kjenner.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter