Ord for mons

Du har kanskje lagt merke til at det no finst pulled pork i norske butikkar og restaurantar. Pulled pork er svinekjøt (pork) steikt ei god stund på låg varme. Då blir kjøtet såpass mørt at du lett kan rive eller plukke det frå kvarandre (pull). Opphavleg er det ein amerikansk grillrett, som no også vert laga ved hjelp av kjele eller trykkokar i norske heimar.

Nokre nyttar plukksvin som eit norsk ord, og det er eit godt forslag, sidan det får fram eigenskapane ved det ferdige kjøtet og er bygd opp på same måte som det meir velkjende plukkfisk. Og til plukksvin kan kålsalat (cole slaw) smake godt.

Beinfritt

Når vi først lèt oss freiste av matfat på andre språk, er vegen kort til loin, ofte nytta om dei beste og dyraste filetane av laks eller torsk. Loin er eigentleg eit parteringsstykke av storfe i fleire engelskspråklege land. Om du får vatn i munnen av slike godsaker, kan det vere vanskeleg å halde tunga rett i munnen, for dette er ikkje heilt enkelt. Parteringsgrensene for storfe varierer frå land til land, også blant dei engelskspråklege, men i Noreg svarar nok dette stykket nokolunde til filetkammen frå ryggen. Det er her vi får ytrefileten, indrefileten og T-beinsteika frå.

Fiskeforedlingsindustrien låner ordet og nyttar loin om skinn- og beinfri fiskefilet som er skoren på langs, gjerne som ryggfilet. Ei sjølvforklarande moglegheit er å nytte ryggfilet i staden for loin. Nokre lakseprodusentar skil mellom back loin og belly loin. Det vil gje ryggfilet og bukfilet, som er klarare og meir treffande for oss som likar å vite kva vi et.

Heilt rått

Raw food har fått mykje merksemd i det siste. Det er mat som oftast er rå eller oppvarma ved ganske låg temperatur. Svenskane kallar det råkost, men det nyttar vi om rå grønsaker og frisk frukt. Raw food er jo også kjøt, nøtter, meieriprodukt osb. Kvifor ikkje nytte råmat beintfram, slik mange allereie gjer?

Om du ikkje er tilhengjar av råmat, kan du heller prøve sous vide. Det er ein relativt ny teknikk der maten vert vakuumpakka og så varmebehandla under kontrollert temperatur i emballasjen. Sous vide er fransk og tyder ‘under vakuum’. Vi treng ikkje vere finare på det enn franskmenn, så eit liketydande alternativ på norsk kan vere vakuumlaga eller vakuumtilverka mat. Sidan ein nyttar eit temperaturkontrollert vassbad i tilverkinga, kan temperaturstyrt mattilverking vere eit alternativ, men det er nok litt langt. For eit ord bør ikkje liggje lenger i munnen enn det smaken gjer. Då gjer heller vakuumtilverking susen.

 

-- Av Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter