Språkrådet ti år

No image

Etter ti år med Språkrådet har Noreg fått ein ny språkpolitikk. Og Språkrådet har tatt steget frå norsk språk til språk i Noreg.

AV SVEIN ARNE ORVIK

Det er ti år sidan Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål, vart oppretta. Medan forgjengaren Norsk språkråd arbeidde mest med rettskriving, arbeider Språkrådet spesielt med å styrke stillinga til det norske språket i samfunnet. Og med åra har ansvaret vorte utvida til å gjelde meir enn norsk.

Ny språkpolitikk

I 2005 tok utgreiinga «Norsk i hundre!» – skriven på oppdrag frå Språkrådet – til orde for ein ny, samla språkpolitikk for Noreg. Ho la hovudgrunnlaget for stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk» frå 2008. Meldinga gav landet ein språkpolitikk for alle samfunnssektorar. Hovudmålet i språkmeldinga er å sikre norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk. Det skal òg leggast til rette for likestilling mellom bokmål og nynorsk og takast omsyn til det fleirspråklege mangfaldet, behovet for framandspråkkompetanse og nordisk språkfellesskap.

Språkrådet vart oppretta med eit sekretariat leia av ein direktør og med eit styre med overordna ansvar. Etter eit år vart organisasjonen utvida med fagråd som forankrar Språkrådet i ulike delar av samfunnet.

Språkstyrking og fagspråk på norsk

Vi engasjerer oss på samfunnsområde der norsk er under press frå engelsk, slik som høgare utdanning og forsking, terminologi, næringsliv- og arbeidsliv og IKT. Arbeidet har skjedd i samarbeid med viktige aktørar i sektorane.

Vi oppretta nyleg ein eigen seksjon for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning, der utvikling av norsk terminologi og fagspråk er eit viktig arbeidsområde. Språkrådet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for terminologi. Gjennom prosjekt, kurs, rettleiingsmateriell m.m. bidrar vi til at institusjonar utviklar og gjer terminologi på norsk tilgjengeleg.

Opplæring, klarspråk, jamstilling

Språkrådet er ein pådrivar for at opplæringspolitikken skal bygge på språkpolitikken. Arbeidet skjer i dag gjennom seksjonen for språk i skule og offentleg forvalting. Språkrådet samarbeider med andre fagmiljø om å skape språkinteresse blant elevar og skaffe kunnskap om språkopplæringa.

Sidan 2006 har vi arbeidd mykje med å få statsorgan til å skrive klart og korrekt, særleg gjennom prosjektet «Klart språk i staten» frå 2008. Ei evaluering viser at prosjektet klarte å skape merksemd om klarspråk og hjelpe statlege verksemder i gang med arbeidet. No deltek vi i eit eige prosjekt som skal gi betre språk i utvalde lovtekstar. Vi hadde elles to representantar i gruppa som skreiv nynorskversjonen av Grunnlova som Stortinget vedtok i jubileumsåret 2014.

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgana følger opp mållova. Mange statsorgan brukar for lite nynorsk, men dei siste tala viser at det no er framgang, og at nynorskbruken går opp på viktige punkt. Vi spreier informasjon og held nynorskkurs for statsorgan.

Språkrøkt og rådgiving

Språkrådet har laga ny rettskriving for bokmål (2005) og nynorsk (2012), utan det tidlegare skiljet mellom såkalla hovudformer og sideformer. Vi har no fullmakt til å normere bokmål og nynorsk.

Å utvikle ordbokpolitikk har vore ei hovudsak dei siste åra. I Bokmålsordboka og Nynorskordboka viser vi korleis ord skal skrivast etter den offisielle rettskrivinga. Nettutgåvene av ordbøkene vert brukt fleire titals millionar gongar i året. Svært mange får òg språkhjelp på språkrådet.no og ved direkte kontakt med Språkrådet.

Språkrådet observerer språkutviklinga og har sidan 2008 kåra årets ord. Vi har i dag ein eigen seksjon for språkrøkt og rådgiving og administrerer den statlege stadnamntenesta. Frå 2007 har vi heidra framifrå bruk av norsk språk i sakprosa ved å dele ut Språkprisen på den årlege Språkdagen.

Større språkleg mangfald

I 2011 tilsette Språkrådet den første rådgivaren for teiknspråk. Vi har vorte ein viktig aktør i arbeidet med å heve statusen til teiknspråk i samfunnet. Vi informerer om at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk og om rettane teiknspråkbrukarane har.

I 2013 fekk Språkrådet ein eigen rådgivar med ansvar for dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes og for nyare minoritetsspråk. Arbeidet skjer i nær kontakt med språkbrukarar, fagmiljø og interesseorganisasjonar. Vi har samla språkbrukarar til ein årleg minoritetsspråkdag.

Språkrådet kom altså til for å styrke det norske språket. Med språkmeldinga vart ansvaret utvida, og vi har fått slagkraft til å fremme også andre språk enn norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.03.2015 | Oppdatert:27.01.2021