Det store bokmålet og den vesle nynorsken

Nynorskskrivande ungdom har eit langt skjørare forhold til hovudmålet sitt enn bokmålsbrukarar. Det viser ei masteroppgåve som undersøkjer kva som ligg bak språkvalet til ungdomar i indre Agder.

Ingunn Kleggetveit har i masteroppgåva Eg eller jeg frå Universitetet i Agder intervjua 49 elevar i den vidaregåande skulen, alle med nynorsk som opplæringsmål frå grunnskulen. 25 av ungdomane har gått over til bokmål i skulen, medan resten har halde fram med nynorsk. Kven vel kva og kvifor, ville Kleggetveit vite. Og bokmålet dreg elevane til seg, anten dei brukar det i klasserommet eller ikkje.

Byen, bygda og bokmålet

Dei ungdomane som i haldningar orienterer seg vekk frå heimstaden og mot det urbane, føretrekkjer nesten utan unnatak bokmål. Då skulle ein kanskje tru at dei som er i den motsette enden av skalaen, sterkt lokalt orienterte, har halde fram med nynorsk. Men slik er det slett ikkje alltid. Med andre ord: Byen og bokmålet er sterkt knytte i hop for elevane, men samanhengen mellom bygda og nynorsken er langt frå like klar.

Kva er det som får ein del av «lokalpatriotane» til å gå over til bokmål? Her peikar to forklaringar seg ut. Nesten alle dei som skriv bokmål, oppgjev som grunn at det er den målforma dei meistrar best. I tillegg har bokmålselevane i langt større grad enn nynorskelevane ei praktisk tilnærming til språkvalet, som at det er den mest dominerande målforma i samfunnet.

Ei framtid med nynorsk?

Og kva med dei som har halde på nynorsken? Blant desse ungdomane dominerer sosiokulturelle forklaringar som identitet og språkpolitikk. I tillegg oppgjev somme at dei vel nynorsk fordi dei treng å halde rettskrivinga ved like. Men tilhøvet mellom nynorskelevane og hovudmålet deira er skjørt. Berre ein av tre trur dei kjem til å bruke den målforma mest i framtida. Og medan bokmålsbrukarane stort sett held seg til den målforma i det dei skriv òg utanfor skulen, vekslar nynorskelevane mellom skriftspråka i langt større grad.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.03.2015 | Oppdatert:27.01.2021