Språkpolitikk for elevar i minoritetsposisjon

Offentleg norsk språkpolitikk sikrar nøytralitet, ikkje nynorsk eller bokmål. Nøytralitetspolitikken kan hindre ordningar som særleg styrkjer elevane i mindretalsposisjon – altså nynorskelevane.

AV ELI BJØRHUSDAL

I somme regionar i Noreg skifter over 70 prosent av elevane frå nynorsk til bokmål som hovudmål. Det har konsekvensar for nynorsk som bruksspråk, og norske språkstyresmakter ser då òg målbytet i skulen som uheldig. Det går fram av stortingsmeldingane Mål og meining (nr. 35, 2007–2008) og Språk bygger broer (nr. 23, 2007–2008) og av Språkstatus 2012. Språkpolitisk tilstandsrapport frå Språkrådet. Likevel har ikkje statleg språkforvaltning hatt dette som eit arbeidsfelt.

Språkpolitikken si rolle

Språkmeldinga Mål og meining er det mest omfattande av nyare norske språkpolitiske styringsdokument. Meldinga forstår språkskiftet i skulen som eit resultat av dårlege rollemodellar, til dømes nynorsknegative lærarar, som ein måte å tenkje karriere på og som fylgjer av andre haldningar blant elevar og lærarar. I desse haldningane ligg altså årsakene til språkskiftet og dermed kjelda til endring, medan spørsmålet om kva politikken kan gjere, ikkje får merksemd. I norsk språkpolitisk forvaltning finn me lite forståing for kva rolle nettopp språkpolitisk forvaltning kan spele, både som årsak til nynorskens utfordringar, og som tiltak i høve til dei. 

Påstandane i språkmeldinga står i eit nesten paradoksalt tilhøve til statens eigen språkpolitikk for ungdomssteget og vidaregåande skule. Elevar i desse skuleslaga har heller få formulerte språklege rettar: Dei har rett til å levere skriftlege svar på hovudmålet sitt og til å få læremiddel og eksamensoppgåver på fyrstespråket. Men dei har ikkje formell rett til å få undervisning på eller opplæring i språket sitt. Rett nok er denne mangelen likt fordelt mellom nynorskelevar og bokmålselevar. Men i ein asymmetrisk språksituasjon vil han berre ha konsekvensar for minoriteten, og i språkblanda klassar er den oftast nynorsk. Nynorskelevar som hamnar i ein språkdelt åttandeklasse dominert av elevar med bokmål som hovudmål, vil ha små sjansar til å sjå nynorsk på tavla eller i lærarskriv. Dei har heller ikkje krav på opplæring i nynorsk formverk og rettskriving ut over det som sidemålsopplæringa til medelevane deira kan gje.

Statleg språknøytralitet

Når ein vurderer tiltak for å styrke nynorsk som bruksspråk og redusere målbytet, kan ein ikkje sjå bort frå kva for språkpolitikk som vert ført. Norske styresmakter sin argumentasjon for språkpolitiske ordningar på kultur- og opplæringsfeltet har gjennom stordelen av 1900-talet ikkje hatt som premiss at nynorsk og/eller bokmål er kulturelle storleikar med eigenverdi for staten. I staden har universell likebehandling vore den verdien som har heimla offisiell språkpolitisk argumentasjon.

Rettar for mindretalsspråkgruppa har ikkje vore grunngjevne i interessene denne gruppa har i å tryggje språket sitt, men i at nynorsk og bokmål skal ha like tilhøve i tevlinga. Staten har altså ikkje vilja ta stilling til om eit av språka burde nyttast meir eller mindre på somme domene, han har berre lagt til rette for like vilkår. Såleis er norsk språkforvaltning prega av ordningar som formelt likebehandlar dei to skriftspråka, og som i liten grad strekkjer seg ut over jamstillinga. Det er få døme på gruppedifferensiering i den politiske reguleringa av nynorsk og bokmål.

I avhandlinga Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk  offentleg språkpolitikk 1885–2005 har eg kalla dette ein språkleg nøytralitetspolitikk. Nøytraliteten gjer seg særleg gjeldande på opplæringsfeltet. Dei siste 20 åra har nok kulturstyresmaktene i større grad argumentert med at nynorsk har eigenverdi, men også her handlar det mest om formell likebehandling.

Fylgjer for nynorskelevane

Eg forstår dagens språkrettslege situasjon for ungdomssteget og vidaregåande skule i ljos av den offentlege språknøytraliteten. Nøytraliteten kan ha hindra ei forståing av at problema for nynorsken etter barnesteget har å gjere med (manglande) politikk, ikkje berre med elevane sjølve. Nøytralitetspolitikken kan òg sjåast som eit hinder for differensierte ordningar som bøter på dette for nynorskelevane: Det vert ikkje regulert for å sikre at særleg nynorskelevar i minoritetsposisjon får opplæring i og vert eksponert for fyrstespråket sitt, og det vert ikkje sett inn særlege tiltak for å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål. Norsk offentleg språknøytralitet «toler ikkje» opplæringspolitiske tiltak som har mindre bokmålsbruk og færre bokmålsbrukarar som ambisjon.

Norsk språkopplæringspolitikk er både retorisk og strategisk forma som om nynorsk er eit like stort og sterkt språk som bokmål, og for at nynorskskrivande 14-åringar står rette og rake i ei offentlegheit dominert av bokmål.

-- Eli Bjørhusdal er fyrsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.03.2015 | Oppdatert:27.01.2021