Å lykkas med nynorskundervisninga

AV BENTHE KOLBERG JANSSON

På landskonferansen til LNU (Landslaget for norskundervisning) i november i fjor etterlyste leiaren i Noregs Mållag, Oddmund Hoel, innspel frå lærarar som har lykkas med nynorskopplæringa i bokmålsdistrikt. Å måle kor godt ein har lykkas med undervisning, er ganske problematisk. Det er ikkje alltid like opplagt kva ein skal måle. Men sett frå min synsstad, som er vidaregåande skole i Østfold, er vilkåra for å lykkas med nynorskundervisninga ikkje særlig annleis enn vilkåra for å lykkas med undervisninga i svært mange andre emne og fag.

Det som er litt spesielt for den skriftlige sidemålsopplæringa, er at vi frå tid til anna opplever aksjonar for å få ho fjerna, og dette verkar naturligvis inn på undervisningssituasjonen.

Læreplanen

Måla i læreplanen legg premissane for undervisninga. For grunnkurset i den vidaregåande skolen (allmennfaglig studieretning) er eitt av hovudmåla at «elevane skal kunne bruke skriftspråket, både hovudmålet og sidemålet, i ulike samanhengar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen». Det tilsvarande målet for VK2 (vidaregåande kurs 2) er at «elevane skal kunne bruke skriftspråket, hovudmål og sidemål, med større krav til innhald, oppbygging og språkføring enn i modul 3 (VK1)». Nynorskopplæring er skriveopplæring, akkurat som bokmålsopplæring er det. I læreplanen er det ingen skilnad.

Eg ser derfor ingen grunn til å vente med nynorskskriving til langt ut i skoleåret når eg får ein ny grunnkursklasse. Ei av dei første skriveoppgåvene elevane får, skal dei skrive på nynorsk. Og som regel viser det seg at dei har lært ein del i ungdomsskolen. Sist haust leverte fleire elevar gode tekster i ei brukbar nynorsk språkdrakt utan at eg hadde brukt ein einaste time på nynorsk rettskriving. På førehand gav eg uttrykk for at eg rekna med at dei hadde grunnleggande nynorskkunnskapar. Det verka som dei da blei innstilt på å vise meg at dei faktisk hadde det, sjølv om ikkje alle skreiv like godt, eller syntes det var like gildt å skrive nynorsk.

Negative holdningar

Det er eit faktum at mange elevar i bokmålsområde uttrykker negative holdningar til nynorsk. Kor djupt dei stikk, er ei anna sak. Det kan vera mange årsaker til desse negative utsegnene om nynorsk. Kjell Lars Berge, som var leiar for prosjektet med språkkløyvde lærebøker (jf. artikkel i Språknytt, 3–4 /1999), har hevda at ein av grunnane er at det er for lite nynorsk i det offentlige rommet – nynorsken har det han kallar eit domeneproblem. Det har han rett i. På den andre sida er mange andre fag og emne «skolske» – det vil seia at dei er til stades i skolen på ein annan måte eller i eit anna omfang enn i offentligheita. Dette er ikkje spesielt for nynorsk som undervisningsemne. Det betyr ikkje at Kjell Lars Berges argument er ugyldig. Men det betyr at vi i skolen kan vera i stand til å gi god opplæring, og at mange greitt kan lære seg å skrive nynorsk utan at massemedia er fulle av nynorskartiklar. At ikkje massemedia støttar opp under den undervisninga vi gir i skolen, må ikkje bli eit argument mot å gi kreativ, oppfinnsam og engasjert undervisning. Vi kan for eksempel ikkje vente med å gi god lyrikkundervisning til Narvesen sel fleire diktsamlingar enn eksemplar av Se og Hør. På den andre sida kan vi krevje at riksdekkande massemedia tar språksituasjonen i Noreg inn over seg, og at dei sluttar å tru at lesararne lar vera å kjøpe avisa viss dei har artiklar på nynorsk. Vi bør insistere på at aviser som på leiarplass har støtta sidemålsopplæringa (slik Aftenposten, Dagbladet og VG har gjort), faktisk brukar både nynorsk og bokmål, for eksempel ved å tillate at journalistane får bruke begge skriftspråka.

Å skape eit godt læringsmiljø

Negative holdningar er eit hinder for læring, men eg har lita tru på at vi kan snakke elevane ut av dei negative holdningane. Det ville i alle fall ta lang tid. Det er det vi gjør i den praktiske undervisninga, som tel. Som lærarar har vi mange muligheiter for å skape eit positivt læringsmiljø.

«Show – don’t tell» er eit aksiom i forteljekunsten. Det kan det vera i nynorskundervisninga òg. Vi må vise elevane at nynorsk duger i alle samanhengar, det vil seia skape ei «klasseromsoffentligheit» der nynorsk er bruksspråk. Som lærarar kan vi bestemme at nynorsk skal vera til stades i klasserommet i like stor grad som bokmålet. Sjølv brukar eg nynorsk som tavlespråk (og ber elevane la vera å omsetta til bokmål når dei noterer) i mange samanhengar, utan å gjøra noe nummer av sjølve språkforma. Eg skriv undervisningsplanar, gir melding om heimearbeid, informasjon i samband med teaterturar osv. på nynorsk. Mitt motto er: ikkje ein norsktime utan nynorsk – om det så bare er «les s. 50–56 til tysdagstimen», som har vore nynorskinnslaget denne dagen. Nynorsken er der, heilt sjølvsagt, vi brukar ikkje masse undervisningstid på å diskutere om han skal vera der.

Erfaringa mi er at elevane med «spynorsk mordliste» etter kvart slappar av, slik at dei ikkje lenger undertrykker og dominerer dei som gjerne vil lære seg nynorsk – for dei fins. I min eigen grunnkursklasse skreiv eit par elevar i ein kommentar i byrjinga av skoleåret at dei likte nynorsk godt, og at dei syntes nynorskopplæringa i ungdomsskolen hadde vore bra. Da klassen fikk i oppdrag å skrive ein kommentar til Ragnar Hovlands humoristiske, men for bokmålselevar provoserande tekst «Sidemålsmonsteret», blei eit par elevar fornærma (delvis fordi dei ikkje skjønte ironien), men i alle fall skreiv enkelte indignert at Hovland kunne spare seg, for dei hadde bestemt seg for at dei gjerne ville lære seg nynorsk!

Dette skriv eg ikkje for å skryte av elevane mine, men for å minne om at i undersøkinga i samband med språkkløyvde lærebøker var det 27 % som ikkje var negative til nynorsk. Dei positive elevane fins i alle klasserom. Dei er faktisk ganske mange, og eg trur vi kan ha godt av å minne kvarandre om at dei fins, og at innstillinga deires ikkje skal vera utsett for mobbing – verken frå kateteret (gjennom at læraren automatisk trur at alle elevane er negative til nynorsk) eller frå medelevar. Eg nektar å la enkeltelevar dominere klasserommet med tradert nynorskhat.

Foreldra

I foredraget sitt på LNU-konferansen sa Ottar Grepstad at foreldra har betydd mye for hossen ungane oppfatta språksituasjonen: «Men då som no snakka barn og vaksne saman. Vaksenmeiningane hadde ei enorm tyngd; lydige barn meinte som foreldra sa. Den vaksne meininga blei tradert, og når den hadde vore tradert lenge nok, var den blitt tradisjon, talemåtar, klisjéar, faste vendingar.»

Nå er kanskje ikkje barn så lydige lenger, men likevel trur eg foreldremeiningar betyr mye for ungane. Derfor brukar eg å snakke om nynorskopplæring på det første foreldremøtet for grunnkurselevane mine. Eg seier noe om hossen eg legger opp norskundervisninga, og viser foreldra læreplanmåla. Eg viser dei òg hossen eg integrerer nynorskopplæring i skriveopplæringa, og snakkar om at negative holdningar har negative konsekvensar for læring. Eg ber dei oppmuntre ungane til å lære seg å skrive godt – både bokmål og nynorsk – om ikkje anna for å få så mange konkurransepoeng som mulig når dei endelige karakterane skal settas.

Kunnskapar om språksituasjonen i Noreg

Læreplanen legg opp til at elevane skal få gode kunnskapar om språksituasjonen i Noreg. Samtidig rapporterer Kjell Lars Berge at spørjeundersøkinga i samband med språkkløyvde lærebøker viste sjokkerande kunnskapsmangel på dette feltet hos elevane.

Eit eksempel på slik manglande kunnskap kjem til uttrykk i spørsmålet som mange norsklærarar på Austlandet vil kjenne igjen, og som eg sist fikk frå ein grunnkurselev for eit par månader sia: «Kan vi ikkje lære samisk i staden for nynorsk?» Spørsmålet uttrykker neppe eit genuint ønske om å lære samisk, snarare er det ei provokatorisk utsegn som skal understreke kor fremmend dei meiner nynorsken er. Likevel avslørte klassesamtalen som spørsmålet utløyste, svært mangelfulle kunnskapar om samisk språk og om forholdet mellom samisk og norsk i Noreg.

Elevane har òg mangelfulle kunnskapar om forholdet mellom bokmål og nynorsk. Dei blir forundra når eg fortel at ein tretimars biltur kan bringe dei til klasserom der halvparten av elevane har nynorsk som hovudmål, og resten har bokmål. Dei veit heller ikkje kven som har bestemt at dei skal ha bokmål som opplæringsmål, og at dei hadde muligheit til å velje sjølv frå ungdomsskolen av. Mållova har dei aldri hørt om.

Eg har tru på kunnskap og opplysing, og som lærarar bør vi i alle fall vera klar over at elevanes holdningar er tufta på traderte fordommar og ikkje på kunnskapar om den norske språksituasjonen.

Kjedelig grammatikk og rettskrivingspugg?

I sidemålsdebatten blir det hevda, både av motstandarar og tilhengarar av skriftlig sidemålsopplæring, at ein gammaldags og formalistisk metodikk rår grunnen. Viss denne koplinga blir gjentatt mange nok gonger, trur vi kanskje at dette er den einaste sanninga om nynorskopplæring i bokmålsområde. Det er det ikkje. Vi har i alle fall bare personlige vitnemål om undervisningspraksis å bygge på. Ingen har gjort vitskaplige og systematiske studium av undervisningsmåtane i denne delen av norskfaget.

Rettskrivingstrening og grammatikkundervisning treng heller ikkje vera formalisme, og det kan vera greitt at elevane våre veit noe om grammatiske kategoriar. Det treng dei for å snakke om språk i fleire samanhengar enn i nynorskopplæringa.

Sjølv har eg vanligvis ei økt med undervisning i rettskriving og teiknsetting på grunnkurset. Denne økta brukar eg både til bokmålsrettskriving og nynorskrettskriving. Eg prøver å ta utgangspunkt i det eg ser elevane slit med (for eksempel orddeling, feil bruk av genitivs-s, og/å, komma, a-verb og e-verb i nynorsk, upersonlig pronomen i nynorsk, valfrie skrivemåtar osv.). Dessutan drøftar vi forholdet mellom talemål og skriftspråk. Men klassar og elevar er svært forskjellige, og mye av rettskrivingsundervisninga må skje på individuell basis, vanligvis i samband med tilbakemelding på innleverte tekster.

Dårlige ferdigheiter?

Det har blitt sagt at bokmålselevane radbrekker nynorsken. At rettskrivingsferdigheitene deires og formuleringsevna når dei skriv nynorsk, er til å grine av, ja, så dårlig er det at vi må kutte ut den skriftlige opplæringa.

Ja, det er nok fleire rettskrivingsavvik i nynorsktekstene enn i bokmålstekstene til elevane her på Austlandet, sjølv om eg tvilar på om resultata er så dårlige som enkelte vil ha det til. Nå er dårlige ferdigheiter heller ikkje noe som er spesielt for norskfaget. Elevar går ut av den vidaregåande skolen med dårlige resultat i mange fag og er i mange tilfelle langt frå å nå måla i læreplanen. Dårlige resultat bør få fleire instansar, frå topp til botn i skolesystemet, til setta inn tiltak som kan føre til betre resultat.

Men sjeldan blir dei mange elevane som lærer seg å skrive nynorsk heilt greitt, nemnt. Dei er det faktisk ein del av, også her i Østfold, men det er ein tendens til å glømme desse elevane i debatten om sidemålsopplæringa. Å bare trekke fram dårlige resultat gir eit skeivt bilde av den faktiske situasjonen.

Nyttig nynorsk?

«Men får vi bruk for dette, da?» seier elevane. For det første bør vi ikkje avfeie argumentet når det dukkar opp i klassen, men hugse på at elevar i den vidaregåande skolen er i ein fase av livet der det dei kan ha nytte av i framtida, står sterkt i bevisstheita. Grunnkurselevane mine har i skrivande stund nettopp levert valskjema til VK1, og dei har sveitta og tenkt mye på kva fag dei kan få bruk for seinare, med tanke på utdanning og yrke. Spørsmålet ligg altså nær den røynda dei lever i og må ta stilling til. Det er lett å dokumentere at ganske mange yrke krev nynorskkunnskapar, andre emne i norskfaget er meir «utsette» i denne samanhengen. Vi skal kanskje vera glade for at elevane ikkje spør om desse andre emna?

På den andre sida er det mange emne i norskfaget vi ikkje kan og skal dokumentere den direkte, praktiske nytteverdien av. Som lærarar i ein kunnskapsskole bør vi legge vekt på allmenndanningsargumentet, på gleda over rett og slett å kunne noe. Da er det eit poeng at nettopp læraren demonsterer den same gleda. Frå pedagogisk forsking veit vi at den eigne motivasjonen for å lære noe er heilt fundamental, men deretter kjem lærarengasjementet. Det læraren står for, det læraren uttrykker gjennom handling i klasserommet, gir viktige signal til elevane. Når læraren skriv nynorsk på tavla og viser elevane at det kan ho/han faktisk – og det er OK å kunne dette – er det med på å skape ei positiv innstilling. Det motsette er å seia «Dette må vi gjennom, for det står i læreplanen. Hald pusten så lenge!» Ville vi behandle litteraturen på denne måten? Kva konsekvensar ville det ha for litteraturundervisninga om læraren signaliserte at ho/han ikkje likte å lesa skjønnlitteratur – det var bare jobben og læreplanen som kravde eit visst minimum av kunnskap?

Sluttord

Eg veit ikkje om leiaren i Noregs Mållag vil sjå på artikkelen min som eit innspel frå ein lærar som har lykkas med sidemålsopplæringa. Eg har for eksempel aldri målt om dei elevane som har hatt meg i norsk i tre år, er meir positive til nynorsk enn ungdommar flest. Og eg veit ikkje om dei skriv betre nynorsk enn andre elevar. Ikkje har eg studert og samanlikna resultata med landsgjennomsnittet heller. Likevel synes eg faktisk at eg har lykkas. Først og fremst fordi eg er rimelig trygg på at eg har gitt elevane mine muligheit til å nå måla i læreplanen. Eg har lagt til rette for at dei som vil oppnå gode resultat i denne delen av norskfaget, skal få høve til det. Eg har nekta å la fordummande nynorskhat dominere i klassen. Eg har gjort nynorsk synlig i klasserommet, gitt elevane grunnleggande rettskrivingskunnskap og muligheit til å skrive nynorsk (og bokmål) i mange samanhengar. Og da er i grunnen jobben min gjort. Eg er ingen frelsar, eg er norsklærar.

 

-- Benthe Kolberg Jansson er lektor ved Frederik II videregåande skole i Fredrikstad.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter