Lærarutdanninga og sidemålet

AV TORMOD STAURI

Dagens allmennlærarutdanning har til nå ikkje hatt obligatoriske tilbod i sidemålsopplæring trass i krav om undervisning i sidemål i planverket for grunnskolen. Det er mye som tyder på at slik undervisning i lærarutdanninga nå blir stadig meir nødvendig. Den oppfatninga at lærarstudentane har dokumentert gode nok kunnskapar i begge målformer, er ikkje lenger haldbar sidan studentmaterialet er meir ueinsarta enn før. Det er ikkje lenger slik at elevane frå vidaregåande skole kan begge målformer godt nok om dei har ståkarakterar i begge målformer. Spørsmålet mitt blir: Kva må ein lærar meistre og ha innsyn i for å kunne undervise i nynorsk som sidemål?

Nynorsk skal frå 7. klasse utviklast til å bli ein nyttig reiskap for å uttrykkje seg i ulike sjangrar. Bruksaspektet er like tydeleg framme i sidemålet som i hovudmålet: Norsk skriftleg skal gjerast dynamisk ved at elevane kan ta i bruk begge målformer. Den skriftlege delen av norskfaget skal oppvurderast, og også dette får følgjer for kva vi må gjere med sidemålet.

Kva kan dagens lærarstudent i nynorsk? Korleis er evalueringa?

Underteikna har undersøkt nynorskdugleiken i 100 studentsvar til skoleavgangsprøva i det obligatoriske norskkurset (norsk 1, utan hjelpemiddel). Det som vart undersøkt, var skriveavvik på ordplanet i desse svara. Ut frå dei funna eg har gjort, har eg gjort meg tankar om kva som må skje med opplæringa i nynorsk som sidemål.

Kort sagt: Materialet viser så stor skort på kunnskap om skrivemåtar at evalueringa blir skeiv. Med det meiner eg at dei ortografiske manglane kan kome til å skygge for dei andre kvalitetane eit oppgåvesvar har. Ein bieffekt av dette er at eit svar som er OK språkleg, har lettare for å få god utteljing sjølv om innhaldet er mindre bra. Slik skal det ikkje vere, at det indre ikkje blir sett på om det ytre ikkje er i orden.

Kva kan gjerast?

Det er berre ei løysing på dette: Vi lærarutdannarar i norsk må krevje sikre ortografiske kunnskapar av studentane om dei skal kunne gje noko som liknar forsvarleg sidemålsundervisning. Lærarutdanninga er for passiv og avventande når det gjeld norsk skriftleg i både nynorsk og bokmål. Det ser etter mitt syn ut til å skorte på skrivetrening i begge målformene, men dette gjeld særleg for nynorsk sidan studentane er skrivepassive og lite flinke til å skrive på eige initiativ. Dei færraste skriv nynorsk for å trene seg i denne målforma. Kanskje burde lærarane oppmode studentane til å skrive nynorsk når dei noterer frå førelesingar?

Ein måte å arbeide på som breier seg i norsk, og som min utdanningsinstitusjon har eit forsøksprosjekt i, er å skrive mappetekstar som del av avgangseksamen i faget. Her får studentane høve til å skrive tekstar i alle storleikar og i begge målformer. Slike tekstar erstattar dei noko større og sjeldnare innleveringsarbeida, som har vist seg å ha avgrensa verdi når det gjeld å betre eigne språkvanar, det vere seg på «hovudmål» eller «sidemål». Eg trur at ein føresetnad for å utvikle ei god praktisk språkevne i nynorsk er jamleg trening i begge målformer.

Korleis kan sidemålsundervisninga i grunnskolen bli betre?

Eg trur at noko av all den monotonien ein ser i sidemålsundervisninga i nynorsk, har si årsak i usikre grunnkunnskapar hos lærarane. Hadde desse grunnleggjande kunnskapane vore der på førehand, hadde det og vorte rom til å planleggje meir spennande og original undervisning. Lærarutdanninga i nynorsk som sidemål hadde og truleg vore tent med ei undervisning der metodikk og språkleg nytte er i fokus.

Det er kanskje for mye å tru at lærarstudentane kan utvikle ei veldig positiv innstilling til sidemålsundervisning, si eiga og den dei får i utdanninga. Men lærarutdanninga har mye å gå på når det gjeld å vere nyskapande. Det må bli slutt på at bokmålet i så stor grad skal vere premissleverandør for sidemålsundervisninga i nynorsk. I staden bør lærarutdanninga vektlegge det som gjer nynorsk til eit språk for oppleving og nyskaping. Kva med å omsetje ein engelsk tekst til nynorsk? Da slepp ein iallfall å ha ein bokmålstekst som einaste utgangspunkt. Studentane tenkjer da nynorsk direkte. Det blir tankeekstrakt meir enn tekstleg utforma materiale som blir utgangspunkt for den nynorske tekstskapinga.

Kva med det nynorske stilgrunnlaget?

Det er ei velkjend sak at stilgrunnlaget i bokmål og nynorsk er ulikt. Mange studentar slit mye med å frigjere seg frå bokmålsuttrykksmåtar når dei skriv i den andre målforma. Dette ytrar seg på ulike måtar, men ein ser det tydelegast i setningsoppbygging (sideordning/underordning) og ordval. Eg trur det er eit godt poeng å vise at god nynorsk også gir eit godt utgangspunkt for å skrive god norsk generelt. Synspunktet er ikkje nytt, men det det skortar på, er at lærarane arbeider for å finne ordentlege døme der ein god nynorskvariant av ei setning nærast kan omsetjast ord for ord til bokmål. På den måten blir undervisninga føremålsretta, og nynorsk språkbruk blir sett inn i ein funksjonell samanheng.

Det er for lettvint berre å seie at nynorsk betyr korte setningar og lettskjøneleg språk; vi må vise at det verkeleg er slik. Eg trur på ei undervisning der det blir arbeidd mye meir med praktisk språkbruk i både nynorsk og bokmål. Også bokmålet er tent med at det blir arbeidd meir med det konkrete i språket, ord og setningar.

Ein effekt av ei slik dreiing i retning praktisk språkopplæring er at studentane blir klar over at skilnaden mellom bokmål og nynorsk er langt meir enn morfologisk modifisering. Sjølvsagt er det eit mål å lære studentane opp til å bli sikre i morfologien i nynorsk, men det blir feil om ein berre arbeider med dette og ikkje hevar blikket og let studentane forstå at nynorsk har særkvalitetar lik dei eg nemnde ovanfor.

Mange studentar røpar gjennom skrivinga si at dei veit for lite om setningsstrukturen i nynorsk. Dette verkar inn på tekstkvaliteten. Materialet mitt viser at det hos mange sviktar fundamentalt når det gjeld evna til å få fram eit poeng ved hjelp av eit oversiktleg og korrekt språk (ordval og setningsutforming). Rett mange av dei studentane eg undersøkte nynorskortografien til, viste ein forbausande «uvilje» mot å setje punktum (og andre pausemarkørar for den del). Der det (i nynorsk og normal bokmålsprosa) er naturleg med punktum, stod det gjerne komma (eller ingen pauseteikn). Framstillinga blir uoversiktleg, momenta filtrar seg inn i kvarandre, og når ortografiske avvik er «krydder» på toppen av dette, verkar det heile uferdig og tilfeldig.

Er det eit «tekstmeldingsspråk» vi her ser kimen til? I så fall kan det vere eit godt utgangspunkt for å arbeide med det som skil det munnlege og skriftlege. Dette med det munnlege i skriftleg framstilling er i og for seg ein positiv ting for nynorsk, men det som manglar i undervisninga, blir vidare arbeid og ein repetisjon (?) av det som skil munnleg og skriftleg uttrykksform. Nynorsken blir særleg skadelidande ved at dei ortografiske avvika kjem på toppen av alt det andre som skurrar.

Gir termen sidemål eit feil signal til lærarutdannarane og studentane?

Det er etter mitt syn to grunnar til at sidemålsnynorsken nå står på eit sidespor. Den eine grunnen er at undervisninga i lærarutdanninga fokuserer lite på nynorsk som eit hjelpemiddel til språkleg forenkling og funksjonell uttrykksmåte. Den andre grunnen er at studentane ikkje blir oppmoda til å vere originale og nytenkjande i si framtidige undervisning. Vi driv ei undervisning som gjer at studentane våre må tvihalde på lærboka med alle sine bøyingar av di dei kjenner seg ustøe i faget sitt. Opplæringa blir ikkje ein del av dynamikken i norskfaget, og blir hos mange til ei opplæring på sida av alt det andre. Det var ikkje slik L 97 hadde tenkt det skulle vere.

Ein måte å tenkje nytt på er å integrere nynorsk og bokmål i lærarutdanninga på ein annan måte enn i dag: fleire småoppgåver i ei mappevurdering og støtteark i likt tal på begge målformer (kor mange lærarutdannarar i norsk syndar ikkje her?).

Vegen framover?

For det fyrste: Skal ein få studentane til å tenkje språkleg likestilling og ikkje «hovudmål» og «sidemål», må vi sjølve dele likeleg på målformene i undervisninga vår.

For det andre: Eg trur på ei ordning i sidemålsnynorsk i lærarutdanninga der vi aktivt går inn og testar dei praktiske ferdigheitene i morfologi. Det er ikkje nok at studentane har eit upresist og passivt forhold til skrivereglane om vi ønskjer at dei skal gi ei mangefasettert, fengslande undervisning som framtidige lærarar.

Undersøkinga til underteikna viser at den morfologiske ustøleiken manifesterer seg i bruk av bokmålsformer. Dei avvika som korrelerte med bokmål, utgjorde ein overraskande stor del av totalmassen, over 50 %. Studentane må i større grad bevisstgjerast i det å tenkje språksystem og kategori. Skal studentane øve opp gode praktiske ferdigheiter på høgare tekstnivå (sjanger, f.eks.) i sidemålet hos elevane sine, må studentane sjølve «ha inne» morfologi og setningskjensle.

Lærarautdanninga er etter mitt syn for slepphendt når det gjeld å «sluse gjennom» eksamenssvar som viser ustøleik på ord- og setningsplanet. Det er ikkje sikkert strykprosenten vart høgare over noko tid om ein brukte "bokmålskrav" i eksamanssvar på nynorsk. Studentar som strauk, måtte lese og øve meir for å skaffe seg nok kunnskapar og ferdigheiter.

Det er vorte slik at dei vurderingskriteria vi bruker når vi vurderer nynorsksvar, er så ulike dei vi bruker i bokmålssvar at vi ikkje lenger kan forsvare ein slik tilstand. Fyrst når lærarutdanninga signaliserer at det ikkje er snakk om «hovud-» og «sidemål» med omsyn til ferdigheitskrav, har vi kome (attende) dit vi skal vere.

 

-- Tormod Stauri er høgskolelektor ved Høgskolen i Hedmark, Hamar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015