Forsøk med sidemålet

Det har vore gjort to større forsøk med sidemålet i den vidaregåande skulen. Prosjektet «Fellesspråklige lærebøker i samfunnslære» vart gjennomført i 1995–1997 etter oppdrag frå Nasjonalt læremiddelsenter. Prosjektet vart administrert av Senter for etterutdanning ved Allforsk i Trondheim, og Kjell Lars Berge var leiar for den språkvitskaplege delen. Prosjektet «Alternativ eksamensavvikling i sidemål» (ALEKS) vart gjennomført i 1994–1996 etter oppdrag frå Eksamenssekretariatet (SUE) og Nasjonalt læremiddelsenter (NLS). Forsøket vart administrert av Senter for etterutdanning ved Allforsk i Trondheim under leiing av Rune Solem.

Prosjektet «Fellesspråklige lærebøker i samfunnslære»

Prosjektet evaluerte eit forsøk med lærebøker i faget samfunnslære i andre klasse i den vidaregåande skulen (VK1), der halvparten av lærestoffet var på bokmål og halvparten på nynorsk.

Prosjektrapporten viser at dei kvalitative nærstudiane ikkje kunne påvisa at ordninga skapte monalege problem for leseforståinga og læringsutbytet hjå fleirtalet av informantene, anna enn at det stadfesta det faktumet at svært mange av elevane hadde negative haldningar til ordninga. Ein studie av lesedugleiken i ei gruppe av bokmålselevar viste at dei systematisk overvurderte lesedugleiken sin i bokmål, medan dei nesten like systematisk undervurderte lesedugleiken i nynorsk. Framandspråklege elevar og elevar med lese- og skrivevanskar generelt fekk forverra læringssituasjonen sin. Rapporten konkluderer med at haldningane som elevane, og særleg bokmålsbrukarane, har utvikla til skriftspråket nynorsk, er ein viktig faktor for korleis dei opplever og vurderer ordninga.

For nynorskelevane er problemstillingane nokså annleis enn for bokmålselevane. Nynorskelevane tykkjer det korkje er særleg vanskeleg å forstå eller særleg krevjande å læra tekstar som er skrivne på bokmål. Når fleirtalet av nynorskelevane likevel var negative til ordninga med fellesspråklege lærebøker, kom det for ein stor del av at dei har så mykje bokmål rundt seg frå før. Med meir bokmål også i lærebøkene blir det tyngre for dei å halda på hovudmålet sitt.

Prosjektet «Alternativ eksamensavvikling i sidemål»

Fagerborg vidaregåande skule og Laksevåg gymnas praktiserte frå skuleåret 1993/94 ei forsøksordning med konsentrasjonslesing av norsk sidemål i VK2 på allmennfagleg studieretning. Elevane gjekk opp til eksamen i norsk sidemål i desember i VK2. Initiativet til evaluering av ordninga kom frå SUE og NLS, og i 1994/1995 og 1995/1996 vart i alt 8 klassar evaluerte.

Ein stor del av elevane svara stadfestande på spørsmålet om det faglege utbyttet hadde vore større i forsøksperioden enn av den sidemålsundervisninga dei kjende frå før. Ved terminslutt svara 90 % av Fagerborg-elevane stadfestande på dette spørsmålet. Ordninga slo positivt ut når det galdt å betra dei spesifikke sidemålsferdigheitene, og det kom fram frå lærarhald at dette gav størst utslag i midt- og lågsjiktet, dei svake og middels flinke elevane viste størst framgang.

Berre i liten mon opplevde elevane sidemålsopplæringa som ein del av den allmenne skriveopplæringa som skulle gjera dei til betre språkbrukarar uavhengig av målform. Dei gav likevel uttrykk for at det var motiverande med den faglege framgangen på grunn av hyppige og konsentrerte øvingar.

Lærarane tykte konsentrasjonslesinga gjorde det mogleg å gje ei betre og meir heilskapleg sidemålsundervisning, som dei sjølve tykte var meir meiningsfull. Ordninga fungerte også positivt når det galdt å styrkja formalkunnskapane i sidemålet, og ho gav høve til å gje ei meir systematisk og einskapleg skriveopplæring. Derimot meinte dei fleste lærarane at ordninga ikkje verka særleg utviklande på elevane sin allmenne tekstkompetanse eller påverka dei generelle språkhaldningane deira.

Meir informasjon om forsøksprosjekta kan ein finne i sluttrapportane:

Fellesspråklige lærebøker i samfunnslære. Rapport nr.: 8: Sluttrapport – hovedresultater fra de samfunnsvitenskapelige og de språkvitenskapelige studiene. Kjell Lars Berge og Berit Skog. Senter for etterutdanning Allforsk 1998.

ALEKS. Alternativ eksamensavvikling i sidemål. En evaluering av forsøk med framskutt eksamen i norsk sidemål ved Fagerborg videregående skole og Laksevåg gymnas. Rune Solem. Senter for etterutdanning Allforsk 1996.

Rapportane kan bestillast frå Allforsk Senter for etterutdanning, 7055 Dragvoll.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter