Kvifor sidemål?

AV GUNNAR SKIRBEKK

I Oslo har Høgre gått inn for å gjere skriftleg sidemål frivillig, i samsvar med eit partivedtak om å avskaffe denne opplæringa. Det er interessant å merke seg at alle dei største Oslo-avisene på leiarplass gjekk imot framlegget – frå Aftenposten over Verdens Gang til Dagbladet. Det same gjorde Bergens Tidende.

I denne saka kjem dei sosiologiske sidene ved språksituasjonen vår fram på ein interessant måte. Såleis støtta den lokale saksordføraren for Det norske Arbeidarparti framlegget frå Høgre med følgjande grunngiving (ifølgje pressa): Det er mange elevar som blir kvalme av nynorsk, og som kallar nynorsk «spynorsk». Og dette må vi som politikarar ta innover oss! – Med andre ord, vi skal tilpasse oss slike holdningar, ikkje prøve å endre dei! Dette er eit godt døme på forhold mellom språk og sosiologi, mellom språk og diskriminering, altså på det som nettopp er grunnleggande for alle som vil forstå den norske språksituasjonen.

Det synspunktet som her kjem til uttrykk, er interessant fordi det står i skarp motsetnad til det som hittil har vori den sjølvsagde oppfatninga overfor diskriminering av bestemte grupper: Slike holdningar skal vi ikkje «ta innover oss», men tvert om prøve å endre!

Vi veit at det er mange som har negative holdningar overfor andre grupper, t.d. innvandrarar og minoritetar av ymse slag. Dei misliker for eksempel pakistanarar og afrikanarar, eller muslimar og homofile. Hittil har det vori ei oppgåve for norsk skule å motarbeide slike holdningar. Vi har hatt holdningskampanjar mot negative og hatske holdningar overfor andre personar og grupper. Men i denne saka møtte vi eit resonnement som fører til den stikk motsette politikken: Heretter skal vi «ta det innover oss»! Heretter skal vi tilpasse oss negative og hatske holdningar.

Spørsmålet om skriftleg sidemål rører ved nynorskens stilling i landet. Det rører ved likestillingsvedtaket. Spørsmålet for oss alle, anten vi bruker det eine eller andre skriftspråk, er no dette: Kva slags land, språkleg sett, vil vi leve i? På leiarplass i Dagbladet kunne vi lese dette (30.8.2000): «Kampen om nynorskens plass i undervisning og offentlig språkbruk har vært en nær 150-årig kulturkamp. Den har handlet om hvordan den norske samfunnsveven skulle se ut, det dreide seg om å bygge en nasjon og om å bevisstgjøre oss som nordmenn. De politiske beslutningene som er fattet for å sikre nynorsken likestilling med bokmålet, har hatt som formål å smelte sammen kulturer som i utgangspunktet ikke følte nevneverdig slektskap og samhold. At dette lyktes, er et ruvende monument over framsynte og kloke nasjonale strateger.»

Trass i resonnementet ovanfor stiller mange spørsmålet: Nynorsk er greitt nok, men kvifor skal vi ha to språk som er så like, i eit land som er så lite (særleg når vi dessutan alle må lære engelsk i tillegg)? Kvifor skal vi bry oss med dette? Av toleranse for andre og for ein minoritet? Det er viktig. Men dette poenget råkar likevel ikkje heilt rett, for det er ikkje her tale om eit vanleg minoritetsspørsmål: For, dei to språklege hovudtradisjonane er nasjonens felles tradisjon, og i praksis forstår alle begge målformene. Det er ikkje enkelte grupper, men heile nasjonen, som forpaktar desse tradisjonane.

At desse to tradisjonane er felles for heile nasjonen, tyder ikkje berre at begge tradisjonane finst side om side, innanfor det landområdet som vi kallar Norge, eller Noreg. Det tyder at begge desse tradisjonane i fellesskap inngår i norsk kultur. Anten vi skriv det eine eller andre språk, eller talar denne eller hin dialekt, så er dette vår felles kultursamanheng. Vi skal sjølvsagt vise respekt for minoritetsgrupper, også språklege minoritetar. Vi pliktar såleis å gi samane levelege kulturelle vilkår. Men nynorsken er ikkje minoritetsspråk på same måten som samisk. For nynorsken er, av historiske grunnar, ein organisk del av den norske kulturen. Anten ein nordmann bur på Uranienborg eller Voss, så er nynorsken ein del av nettopp hans eller hennar kulturelle bakgrunn.

Det kan vere verdt å minne om at nynorsk er førstespråk for om lag ein halv million nordmenn, eller det dobbelte av folketalet på Island. Men framfor alt er det verdt å minne om at både nynorsk og bokmål er del av den felles språklege og kulturelle arven som alle oppegåande nordmenn må kunne forhalde seg til: Grunnlova er på arkaisk dansk og sagalitteraturen på norrønt, liksom Ibsens dansk-norsk og Aasens landsmål bør sitje i ryggmergen på alle nordmenn. Slik sett har «toget gått»: Det er ingen veg attende til eittspråkslina. Kulturelt er vi tvisynte. Dette gjeld den språklege arven. Det gjeld litteraturen. Og det gjeld den kulturpolitiske modernitet som dette har skapt i det norske samfunnet: Gjennom dei såkalla motkulturane har dei fleste av oss lært å leve med eit refleksivt tvisyn på kultuell dominans, på ein måte som både er moderne og postmoderne. Dette er utan tvil eit av dei særdrag som har gjort Noreg til det samfunnet det er i dag.

Nynorsken har såleis vori med og lært oss opp til å leve med kulturelle spenningar og mangfald innanfor ein nasjonal kultur. Saman med dei andre såkalla «motkulturane» har målrørsla vori ei av dei sosiokulturelle kreftene som har lært oss nordmenn å leve med eit visst kulturelt mangfald allereie på eit tidleg steg i moderniseringsprosessen.

Konkret inneber dette at begge skriftspråk og heile den språklege fellesarven bør vernast av oss alle – i opplyst eigeninteresse. Vi er som norske ein del av dette kulturelle «dobbeltregimet». Ein framståande riksmålsmann uttrykte den normative kjernen i dette ved å seie at den dagen det eine skriftspråket skulle vinne over det andre, ville vi sitje igjen med den tapande part.

Men i første omgang er det nynorsken som står under press. Heile vår språkkulturelle bakgrunn treng støtte, men nynorsken treng det mest. Derfor bør det bli gitt særleg støtte til nynorsken, t.d. i etermedia, i presse og i bokproduksjon, og like eins i utdanningssystemet og i alle offentlege bedrifter. Dette gjeld støtte i form av juridiske og økonomiske tiltak frå det offentlege, liksom det gjeld utbalansering av politisk og symbolbasert makt i samfunnet meir allment. Og det gjeld også sidemålsspørsmålet.

Sidemålsundervisninga

Så attende til spørsmålet om kva vi bør gjere med sidemålsundervisninga. For det første bør politikarane og lærarane ta utfordringa om negative holdningar alvorleg, her som elles. Bruker vi i norsk skule like mykje energi på å skape positive holdningar innover i nasjonen, t.d. overfor nynorsk og dialektar, som vi gjer overfor andre kulturar som vi i dag har i det norske samfunnet?

For det andre er det sikkert mange pedagogiske grep som stadig kan forbetrast. Her inngår også ei allmenn styrking av norskfaget, i timetal og ressursar.

For det tredje er det kanskje på tide å stille spørsmål om visse premissar i norsk utdanningspolitikk: Har vi eit skulesystem der det blir «for mykje skule» for for mange for lenge? Kort sagt, burde undervisninga, etter kvart som elevane blir eldre, i større grad differensierast? Burde dei svakaste elevane kunne sleppe lettare i teoretiske fag? Dette gjeld fleire fag, frå matematikk til språk, medrekna sidemål. Samtidig er det kanskje slik at vi krev for lite av dei ressurssterke elevane. Kort sagt, kanskje treng vi ei realistisk og human tilpassing av utdanningssystemet, ved ei sterkare differensiering etter kvart som elevane veks til. Dette ville truleg vere ein god idé reint allment, men også med tanke på dei problema som rører ved sidemålsundervisninga. For det er slåande at det ofte er problema for dei svake elevane som blir kjørt fram som eit avgjerande argument til fordel for å avskaffe den skriftlege sidemålsundervisninga.

I tråd med ei slik omlegging i retning av ei lempeleg differensiering vil det også vere nyttig å sjå på pedagogikken omkring skriftsspråksopplæringa meir generelt. Eg viser her til ein artikkel i UiB-Magasinet (nr. 2, 2000) der høgskulelektor Torunn Moksheim Lehmann stiller spørsmål om kompetansen i engelsk skriftleg etter vidaregåande skule. Ingressen lyder: «’We can English’?! God selvtillit, men slette kunnskaper. Slik begraves myten om norske studenters gode engelsk. – Studentenes skriveferdigheter i engelsk er så dårlige at det skaper problemer både i studier og arbeidsliv, sier høgskolelektor i engelsk.» Kanskje er det på tide å stille klarare krav til skriftspråksopplæringa både i norsk og engelsk for dei som vil oppnå studiekompetanse.

Utdanningspolitikarane bør gå inn på den typen tiltak som eg her har nemnt. Oslo-aksjonen, om ei svekking av den skriftlege sidemålsundervisninga, er ikkje vegen å gå.

 

-- Gunnar Skirbekk er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015