Nynorsk som sidemål

AV GEIR LORENTSEN

Det ser ut til at Unge Høgre er storsinna nok til å la oss nynorskingar raute grautmålet vårt så mykje vi vil, berre dei slepp å sjå oss – og ikkje minst høre oss. Denne presise karakteristikken av nynorsk skrift og tale er henta frå eit flygeblad utgitt av Unge Høgre.

Eg trur ikkje eg fullt ut har forstått kva ein eigentleg ventar å finne gjennom forsøksprosjektet i Oslo. Kanskje er det rettare å seie at eg ikkje trur vi er samde om målet for forsøket. Eg har alt antyda ein viss skepsis til å forske på om ein blir betre i eit fag ved å lære litt mindre av det. Norskfaget må i så fall stå i ei særstilling. No forstår eg sjølvsagt argumentet om at ein vil bli betre i hovudmålet dersom ein slepp å konsentrere seg om eit sidemål i tillegg. Det er likevel ikkje så sikkert at det er så enkelt som så, for da burde skoleungdommar i Stockholm og København vera betre i skriftleg svensk og dansk i og med at dei ikkje må slite med ny-svensk eller ny-dansk. Så vidt eg veit, er det ingen ting som tyder på at dei er betre enn Oslo-ungdommen når det gjeld skriftleg formuleringsevne, og attpåtil har dei hatt fleire undervisningstimar i morsmål enn våre elevar. Er dette perspektivet med i Oslo-forsøket? I alle forsøksprosjekt må ein vente å finne ein viss positiv effekt av sjølve prosjektsituasjonen. Sjølve forsøket bør gi ein viss framgang i formuleringsevna hos dei elevane som er med. Kor stor skal denne framgangen vera for at ein skal seie at forsøket var vellykka?

Og dersom forsøket ikkje gir ein stor, målbar framgang, vil så dei som ivrar sterkast for å få bort obligatorisk sidemål frå Oslo-skolen, akseptere at Oslo-ungdommen har berre godt av nynorskopplæring?

Det forsøket naturleg nok vil vise, er at alle dei som ikkje likar «grautmål», sjølvsagt blir lykkelegare når nynorsken forsvinn frå skolekvardagen deira. Det treng vi ikkje noko forsøk for å kunne stadfeste.

Kva med meg som faktisk likar målet? Blir eg lykkelegare av at Oslo-ungdommen slepp sidemålet? Er det ein del av problemstillinga i forsøket? Har mine språklege preferansar i det heile noko med denne saka å gjera? Ja, vil eg seie. For det er ikkje sant at dette er eit avgrensa pedagogisk problem for skolelei Oslo-ungdom. Det beste argumentet for denne påstanden kan vi finne i flygebladet frå høgreungdommen. Det er ikkje sidemålet som pedagogisk feilgrep dei vil til livs. Ein lærar på ein vidaregåande skole i det sentrale austlandsområdet sa for nokre år sidan at det nynorske formverket ikkje er vanskelegare enn at alle normalt utrusta elevar kan greie å lære det viktigaste på tre dagar! Ordvalet i flygebladet viser at det er nynorsken Unge Høgre vil ha vekk. Og vi treng ikkje forsøksprosjekt i skolen for å sjå desse samanhengane. Dette er nemleg ingen ny situasjon.

«Er vi et bondefolk?» spurte Aftenposten da odelstingsproposisjonen om obligatorisk landsmålsprøve låg føre i januar 1907. Under foreldreaksjonane mot samnorsk (og nynorsk!) på 1950-talet heitte det «å snakke med skjev kjeft» og «sinkenes babbel». I dag er det altså tale om grautmål og rauting.

Som lærar og nynorskbrukar møter eg ofte følgjande spørsmål: Korfor bry søraustlandsungdommen med noko dei slett ikkje vil ha? Ville det ikkje vera best – også for oss – å sleppe dette styret? Svaret mitt er nei, og eg vil gi tre hovudgrunnar for dette svaret.

Jamstellingsvedtaket frå 1885 skal sikre alle eit fritt val mellom dei to offisielle skriftspråka i landet. Men å bruke eit skriftspråk betyr ikkje berre å skrive, men og å lesa. Det vil seie at eg som nynorskbrukar treng ein heil del skriftleg tilfang som mottakar i tillegg til det eg sjølv produserer. Utan det har eg ikkje noko reelt val. På grunn av styrkeforholdet mellom bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar vil eg i ein del tilfelle vera avhengig av at folk som har valt bokmål, likevel kan skrive nynorsk i gitte situasjonar. Sidemålsopplæringa skal mellom anna gi nødvendig støtte til dette. Ein nynorskbrukar blir derfor engsteleg når det bli sett i verk tiltak som kan svekke bokmålsbrukarane si evne til å skrive nynorsk. Jamstellingsvedtaket kan bli uthola.

Den andre hovudgrunnen har eg alt nemnt: Nynorsk er ein del av norsk språkkultur og såleis ein sjølvsagt del av norskfaget i skolen. Kanskje kan elevane bli litt betre til å rekne ut flateinnhald og volum dersom dei slepp å bruke tid på brøk og prosent. Men skal ein ha gode kunnskapar i matematikk, hører brøk og prosent med til skolefaget. Eg kan ikkje sjå at det skal gjelde andre reglar for norskfaget. Når Unge Høgre skriv «for norsk, mot sidemål», viser dei både fordommar mot delar av norskfaget og stor kunnskapsløyse. Det er eit dårleg utgangspunkt for forsøk i skolen.

Det tredje hovudargumentet mitt har og sitt utspring i flygebladet frå Unge Høgre. Her avviser dei ikkje berre nynorsk skriftmål, men i tillegg nynorsk talemål, dvs. alle munnlege avvik frå danna tale i det sentrale austlandsområdet. Nynorsk og dialektar passar for oss som rautar på landsbygda, men unge og urbane menneske må bli skåna for slikt. Dette er ein språkleg arroganse som grensar til språkleg apartheid. Eg er redd for at desse haldningane blir ein del av det ideologiske fundamentet for eventuelle forsøk i Oslo-skolane. Eg vil ikkje akseptere språkleg apartheid som grunnlag for skolereformer.

I formålsparagrafen for vidaregåande opplæring står det at vi skal arbeide for likeverd og likestilling, åndsfridom, toleranse og demokratiske idear. Vi skal fremje ein vitskapleg tenke- og arbeidsmåte, og vi skal gi elevane gode allmennkunnskapar og forståing for den nasjonale kulturarven. Lat meg vidare sitere litt frå Læreplan for grunnskole, vidaregåande skole og vaksenopplæring – generell del: «Opplæringen skal ivareta og utdype elevenes kjennskap til nasjonale og lokale tradisjoner – den hjemlige historie og de særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verden.» «Oppfostringen skal motvirke fordommer og diskriminering, og fremme gjensidig respekt og toleranse mellom grupper med ulike levesett.» «Opplæringen har en hovedrolle i å formidle felles bakgrunnsinformasjon og referanserammer – den dannelse alle må være fortrolige med om samfunnet skal forbli demokratisk og samfunnsmedlemmene myndige.» Eg ser ikkje at det nokon stad er gjort unntak for norskopplæringa!

Kunnskapsløyse, intoleranse og forakt for annleis snakkande og skrivande landsmenn kan ikkje vera eit akseptabelt grunnlag for pedagogiske endringar. Desse haldningane er jo stikk i strid med formålsparagraf og generell læreplan for skolen. Ei god undervisning i nynorsk skrifttradisjon for ungdommen på Austlandet vil kunne vera eit viktig bidrag i kampen for likeverd og likestilling, åndsfridom, toleranse og demokrati. Nynorskundervisninga bør vera veleigna til å gi desse ungdommane større forståing for lokale og nasjonale tradisjonar. Arbeidet med nynorsk kan hjelpe elevane til å få ny innsikt i korleis eit skriftspråk veks fram frå talemålet, og blir normert og forma. Dette er kunnskap som i høg grad vil kunne hjelpe fram ein vitskapleg tenke- og arbeidsmåte.

Mitt bidrag til ei god nynorskundervisning er metodikkboka Frå dialekt til nynorsk. Hovudtanken i denne metodikken er at elevane skal bruke talemålet sitt som utgangspunkt for å lære den nynorske skriftnormalen. Det er ein arbeidsprosess som bygger på sjølve ideen i det nynorske skriftspråket. Metodikken gir eit anna syn på norske dialektar enn at dei er «sinkenes babbel». For mange – både lærarar og elevar – er denne arbeidsprosessen motiverande i seg sjølv. Det er ein viktig føresetnad for å tileigne seg kunnskap om nynorsk så vel som om andre emne. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå lærarar over heile landet – også frå Bærum! Dette er ein måte å presentere det nynorske skriftspråket på slik at arbeidet med sidemålet ikkje blir eit arbeid ved sida av målet for norskfaget elles, men ein integrert og viktig del av den samla kunnskapen norsk ungdom skal ha om morsmålet sitt.

Det finst og andre farbare vegar. Gode lærarar finn alltid råd! Derfor burde det vera ei oppgåve for statsråden å ruste opp lærarkorpset. Vi treng for det første fleire morsmålslærarar med gode basiskunnskapar i det nynorske formverket. Når ein gjennomsnittselev greier det på tre dagar, kan truleg lærarane greie det på to? Det er vel viljen det står om her også. Deretter må lærarane få hjelp til å sette sidemålsundervisninga inn i ein vidare samanheng under mottoet: kultur og toleranse. Kva med å gi slike eldsjeler eit ekstra lønnstrinn eller to, herr statsråd? Det er i alle fall på dette feltet vi skulle ha satsa på skoleforsøk, og ikkje på felt der kunnskapsløysa og intoleransen blir den einaste vinnaren.

 

-- Geir Lorentsen er lektor ved Orkdal vidaregåande skole.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter