Leiar: Opprydjing i norsk rettskriving

Årsmøtet i Norsk språkråd i februar var det siste i ein rådsperiode på fire år. Det vil seia at rådet skulle gjera vedtak i ei rad rettskrivingssaker som fagnemnda hadde gjort framlegg om gjennom fireårsperioden. Denne gongen var det store og omfattande framlegg i begge seksjonane. Det store talet på valfrie former, hovudformer og sideformer, i begge målformene har vore sett på som eit problem av mange, og fagnemnda hadde vorte pålagd å rydja opp i dette. I bokmål har ein teke ut ei rekkje «lite brukte former», fyrst og fremst tilnærmingsformer som haust, måndag, berr. I nynorsk har ein redusert talet på valfrie former innanfor læreboknormalen, slik at ein t.d. i staden for dei fire moglege partisippformene i mange verb, som t.d. (har) bede/bedi/bedd/bedt no står att med berre den fyrste, medan dei tre andre har fått klammeformstatus. Dei aller fleste framlegga frå fagnemnda fekk tilslutning av rådet, så fire års mødesamt arbeid var slett ikkje fåfengt.

I mellomtida har framlegga til endringar i nynorsknormalen vorte mykje debatterte og kritiserte, som rett og rimeleg er. Nynorskfolk er språkmedvetne og vakne og let seg ikkje by kva som helst. Kritikken har komme både frå høgnorskfolk, som vil halda på flest mogleg gamle, tradisjonelle former, og frå radikale målfolk, som vil ha størst mogleg rom for austnorske dialektformer. Og i ein del tilfelle har fagnemnda endra framlegga sine i samsvar med kritikk og merknader som har komme inn. Men det er sjølvsagt uråd å gjera alle til lags i målflokken, så det beste ein kan håpa på, er at kritikken frå begge hald er så nokolunde jamt fordelt. Røystingane på rådsmøtet viste da òg at fagnemnda i dei fleste tilfella hadde funne fram til ein rimeleg balanse mellom omsynet til tradisjonen og til talemåla.

Det er ingen grunn til å uroa seg for at dette skal gje enda meir rot og vakling i nynorsk rettskriving. Det som no har skjett, er det motsette at «tukling» med språket. Vi har fått ei strammare norm med færre valfrie former. Og vi reknar med at det vil gå lang tid før det blir fleire justeringar av norma. Vona er at dette på sikt kan føra til at nynorsk skriftspråk står fram med ei meir einskapleg og fast form. Dermed blir det lettare å hugsa den rette skrivemåten av orda. Skriftspråk lærer ein også gjennom auget.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter