Ta orda tilbake

AV LINDA EIDE

Det hender eg tenkjer på det før eg skal sova. I det siste har det nesten utsett beautysvevnen min med fleire timar. Når var det eigentleg det skjedde, grundar eg, og vrir meg. Når gjekk det så armeleg gale? Kom det med den rokken som dei skreiv med c? Kvifor mista me våre eigne ord? Og idet eg kjenner augo verta tyngre, kjem eit siste, men noko meir konstruktivt, spørsmål: Kan me på nokon som helst måte få dei att?

TA ORDA TILBAKE! Det er parolen eg ber i protesttoget som durar gjennom draumen når eg til sist kryp inn i koma light. Dig in, ta til deg. Dei ligg der, og kanskje vert 2000 og heile nulltalet ein renessanse for bakstrevarorda. Dei som ei stund berre lukta av flassa oljemaling frå eit nedslite husbankhus på bygda, eller eit umoderne sekstital i byen, men som no kan passera som ei naiv tilnærming til det urbane og moderne livet. Du er super! Du er berre toppen! Cool? Kul? For eit tåpeleg nittitalsord, Kul vert du fyrst når du ikkje seier cool, men til dømes heimen.

Det var Anne Marie som fekk hjernesvillene mine til å leggja seg klar for tankeskinnene. Anne Marie er 36 år, frå Bergen by, med sikker sans for Bygde-Noreg, blanda med latinamerikanske rytmar og ei analytisk tilnærming til livet og TV-dokumentarar.

– Det er nåkke på gang, vi driver å ironiserer over et eller annet. Eg sier jo ikkje til deg: «Kordan går det heme hos deg?» Eg sier heller «Kordan går det i heimen.»

Dette gir meining og optimisme. Det gamle ordet «heimen» er no eit naivt og søtt ord, kult, men ikkje coolt, skjønar? Kan me spa opp liknande ord for å bakka sjølvaste engelsken over Atlanteren att? Tankane legg seg på skinnene. Me er på sporet! På sporet av den tapte snakkemåten! For kva var det Kristin sa?

– Det fins jo'kke no an't ord for det, gjørr det vel? Shopping ække det samme som å handle. Og en siår'ke at en ska på kjøbing. Vi har'ke noe norsk ord for shopping. Åffer æ det sånn?

– Handle er helt klart et ord som forbindes med en slags tvang, vi handle melk og toalettpapir. Shopping derimot er underholdning, seier Ivar, som er over 40 og amanuensis på Nordisk institutt, han gir Kristin rett, men ikkje svar.

Kristin er ei intelligent og uvanleg ven jente frå nedst i landet. Men med berre 22 år bak øyra kan ein ikkje venta at ho hugsar attende til det uttrykket Anne Marie smakar seg fram til.

–Hmm mm shopping, å sjåppe. E'kje det det samme som det mødrene våre kalte «å gå i butikkar»?

«Å gå i butikkar»! Smak på det, putt det inn med teskjei og touch det så vidt med tungespissen. Tru meg, det tek berre sekundar før du stappar det ned og svelgjer det med hud og hår og gamle mødrehattar, oppstemt laurdagsiver og den glade kjensla av å fortena noko nytt, men kva? Lat oss gå i butikkar i dag!

Nostalgi, naivitet. Og dessutan er me ein generasjon av shopparar som kjenner den kvalme ettersmaken frå ordet. Som kjenner stikket av dårleg globalt samvit, der me tytande fulle av pengar kan gjera forbruk til underhaldning, medan storparten av verda ikkje veit kva det betyr å ha lommepengar eingong. «Å gå i butikkar» er fri for den typen negativt vedheng, og Ivar the expert veit kvifor.

– Uttrykket har på en måte gått ut av bruk, og nettopp derfor kan det trylles fram igjen. Det er slik de ofte gjør det på Island og på Færøyene, der de hele tiden omsetter importord med ord fra sitt eget språk. De må finne frem ord fra glemselen, slik at ingen forbinder noe annet med det ordet enn det fenomenet det nå skal være ord for, skjøner du? Spør ivrige Ivar, og ventar på neste utfordring. Og den kjem alt i neste avsnitt.

For språkmedvitne Kristin 22 har vanskar med eit anna ord også: date.

Stevnemøte blir for pompøst, en date æ litt mindre alvorlig, samtidig som du signaliserer at det ligger romantikk i lufta, om du skjønner hva æ mener.

Språkmedvitne, men vestlandske Anne Marie er ikkje på nett her.

– Eg bruker date om det som ikkje e nåkken date. Når eg skal treffe deg eller Kjersti, sier eg at eg har en date med Linda eller Kjersti. Skal eg treffe en eg e interessert i, sier eg at eg har en avtale, tror eg ...

– Bare møte! ivrar Ivar. Men eg protesterer og hevdar at det må då vera eit altfor forretningsmessig ord til å dekka søt musikk og dådyrauge oppløyst i glede over det etterlengta spørsmålet «lyst på endå ein kopp (beisk og jævlig) krydderte?»

– Foretningsmøtene heter avtaler nå, møte er ledig for ny kontekst.

– ?

– Innhold. Nytt innhold (herregud da, er det ikke Språknytt du skriver for!). Om bare kort tid vil møte stå klar til å avløse date.

– Hmmm, men kva med timing, å tima. To dagar før den avgjerande finalen i old-girls-serien strakk eg leddbandet, snakk om dårleg timing!

Ivar vrir og vender vondt på seg. Me er ved kjerna til amerikahelvetet i morsmålet vårt. Fast word. Kjapp, kjappare kjappast. «Å treffa det rette tidspunktet» versus «å tima» 5–2, bortesiger.

– Engelske ord som er kalde faktaverb, må erstattast med eit like kort norsk ord om det skal vera håp i tynnslite ordforråd. At shopping elegant let seg konvertera til «å gå i butikkar», handlar om stemning. Ord som formidlar ei stemning, kan gå over til lengre norske utrykk.

Alt dette forklarer Ivar meg, medan Kristin snart skal fortelja meg om endå eit ord.

Crøsh on!

–?

– Det betyr på en måde at en æ interessert i noen, men det æ'kke helt det heller. Mer en slags fascinasjon.

Eit stemningsord! Og kvar er avløysaren? Slå eit slag for det kule ucoole, for den nye språklege tilnærminga til livet! Eg lurar forresten på om ikkje svermeri står ledig for nytt innhald?

Me er irriterte og me er mange, og no vil me sova! Ta orda tilbake!*

På vegner av vanvittig mange,

Linda.Eide@nrk.no

* Og gi dei gjerne vidare til meg.

 

-- Linda Eide har arbeidd i NRK sidan 1990. For tida arbeider ho med programmet «Norgesglasset», og ho er òg fast spaltist i «Tid og sted» i Bergens Tidende.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter