Småstoff


Godt sagt

«Døkk i media var heilt servile og bukka for representantane for oljenæringa, som fekk bruke sitt angloamerikanske teknologiske maktspråk med mange spesialutrykk som folk flest ikkje forsto, utan at døkk kom med eit einaste kritisk spørsmål. Dette i klar motsetning til dersom ein dialektbrukar sa t.d 'hafelle', da var døkk lynraskt framme på vegne av lyttarane og spurte 'hafelle', kva tyder det? Men som eg sa, dette endra seg totalt etter den forferdelige Alexander Kielland ulykka. Frå da var ikke oljespråket lenger eit maktspråk …»

Professor Rolv M. Blakar i intervju med NRK

Nytt frå Språkrådet

Årsmøte

Norsk språkråd hadde rådsmøte 2.–3. februar. Det gamle rådet gjekk av etter endt fireårsbolk, og det nye rådet tok til med arbeidet sitt.

Jan Olav Fretland vart vald til leiar, og Ola Haugen vart nestleiar.

Nynorskmedlemmer i styret vart: rektor Jan Olav Fretland (leiar i styret), professor Helge Sandøy og hovudlærar Kari Haave. Bokmålsrepresentantar vart: direktør Ola Haugen (nestleiar i styret), professor Kjell Ivar Vannebo og programredaktør Bjørg Gaathaug. Fagnemnda fekk desse bokmålsmedlemene: professor Kjell Ivar Vannebo (leiar i fagnemnda), professor Brit Mæhlum, professor Helge Dyvik og professor Jan Svennevig. Nynorsk er representert med: professor Helge Sandøy (nestleiar i fagnemnda), professor Jan Terje Faarlund, forskar Oddrun Grønvik og lektor Olav Veka.

Oppfordring til språklig toleranse

Norsk språkråd vedtok på årsmøtet i februar denne uttalelsen:

«Norsk språkråd mener at også mediebedrifter og tekstprodusenter som ikke er pålagt å bruke læreboknormalen eller følge offisiell norsk rettskriving, bør føle ansvar for å respektere den enkelte språkbrukeren, enten det gjelder bruken av nynorsk eller bokmål, eller bestemte utvalg av former og skrivemåter innafor gjeldende rettskriving. Dette er et rimelig krav til demokratisk innstilte institusjoner, og i samsvar med det norske samfunnets respekt for og toleranse av enkeltmennesker.

Norsk språkråd henstiller derfor til aviser, forlag og andre tekstprodusenter som formidler signerte innlegg og artikler, om at forfatterens egen språkbruk blir respektert, i alle fall dersom den ikke er i strid med offisiell norsk rettskriving.»

Rettskrivningsreformer

Norsk språkråds årsmøte i februar behandlet bl.a. endringer i rettskrivningen for bokmål og nynorsk. For bokmål ble det vedtatt at systemet med hovedformer og sideformer skal stilles i bero, og at en del lite brukte former skal tas ut. For nynorsk ble det lagt fram forslag til ny læreboknormal. Møtet behandlet videre skrivemåten for historiske navn, og forslag til norsk skrivemåte for enkelte lånord. Før vedtakene er gyldige, må de godkjennes av Kulturdepartementet.

Ordsmia

Arbeidet med å lage avløysarord for engelske ord er ei viktig oppgåve for Språkrådet i år 2000. Som eit ledd i dette arbeidet lanserer Språkrådet no Ordsmia. Opplegget omfattar fire element:

  1. Ei nettside med ei liste over aktuelle ord frå engelsk 
  2. Eit e-postforum for interesserte.
  3. Ei side med lenkjer til artiklar om korleis ein kan lage avløysarord
  4. Ei open nettside med ei ordliste med «autoriserte ord»: På godt norsk

Ein melder seg på e-postforumet ved å sende ei tom melding til: ordsmia-subscribe(a)lister.sprakrad.no.

Nynorsk programvare

Norsk språkråd arbeider med ei utgreiing om nynorsk programvare, dvs. programvare der menyar, meldingar og hjelpefiler er på nynorsk. Utgreiinga omfattar fire spørsmål: (a) Kva inneber det reint teknisk å lokalisere eit dataprogram? (b) Om lag kor mykje kostar det? (c) Om lag kor stor er nynorskmarknaden? (d) Kva verkemiddel kan staten ta i bruk for å sikre at vanlege dataprogram ligg føre på nynorsk? Utgreiinga skal vere ferdig i vår.

I møte med Nærings- og handelsdepartementet, Kulturdepartementet og Noregs Mållag 9. februar i år tok Norsk språkråd til orde for desse tiltaka frå staten si side for å fremje programvare på nynorsk:

(a) tilskot til utviklingsarbeid og «lokalisering»
(b) innkjøpsreglar/innkjøpsavtalar
(c) støtte til gjenbrukbare «språkressursar»

Universitetet i Oslo og mållova

Universitetet i Oslo har for alvor bestemt seg for å setje i verk tiltak for å sikre ei rimeleg fordeling mellom bokmål og nynorsk i informasjonstilfang frå universitetet. Tiltaka kjem etter at Norsk språkråd i brev til universitetsdirektøren i januar i år peika på grove brot på mållova og gav ein del råd om korleis ein kunne løyse problema.

Universitetet i Oslo vil m.a. setje i verk desse tiltaka:

  • parallellutgåver av brosjyren om studietilbod
  • 40 % nynorsk og 60 % bokmål i orienteringsheftet «Velkommen til Universitetet i Oslo»
  • førelesingskatalogen berre på nynorsk
  • adresse- og telefonlista berre på nynorsk
  • årsmeldinga på nynorsk fjerde kvart år
  • metadata for målform i nettsider

Andre tiltak:

  • eksamensoppgåver på begge målformer
  • sentralt søknadsskjema og rettleiing på begge målformer
  • studiekort og semesterkort på begge målformer

I tillegg blir fakulteta oppmoda om å nytte nynorsk i studiehandbøkene.

Etter mållova skal ingen av dei to offisielle målformene vere representert med mindre enn 25 % i «rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l.». Skjema og faste formular skal liggje føre på begge målformer.

Assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien skriv i brev til Språkrådet 30. mars at tiltaka som no blir sette i verk, neppe til vere nok til å oppfylle kravet om 25 % nynorsk. Difor må universitetet utvikle ein kultur for å bruke meir nynorsk i det daglege arbeidet og gje dei tilsette større kompetanse gjennom opplæring i nynorsk.

Meir om Universitetet i Oslo og mållova finn ein her: http://www.admin.uio.no/ia/uniforum/2000/uniforum06-00/02.html http://www.admin.uio.no/ia/uniforum/2000/uniforum02-00/index.html

Filofaksinnlegg om mållova

Norsk språkråd har utarbeidd eit filofaksinnlegg om mållova. Filofaksinnlegget kan også brukast som ein vanleg faldar eller plakat. Filofaksinnlegget oppsummerer mållovsreglane, gjev praktiske råd og har informasjon om hjelpemiddel. Filofaksinnlegget får ein gratis frå Språkrådet.

Å skrive er å omgåast andre

Norsk språkråd har saman med Statens informasjonsteneste laga ein plakat med enkle språkreglar for tilsette i staten. Dei fleste reglane kan også brukast av andre. Plakaten får ein gratis frå Språkrådet. Plakaten har tittelen «Å skrive er å omgåast andre» og er prenta på nynorsk på eine sida, på bokmål på hi.

Språkkupongen

Norsk språkråd legg kvar månad ut på nettet ein «språkkupong», der ein kan teste kunnskapen sin i rettskriving og språkkunnskap. Dei første kupongane er felles for bokmål og nynorsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter