Grammatikkbiten – subjekt eller objekt?

Subjekt og objekt er sentrale termar i grammatikken. I norsk, som er eit språk utan særleg kasusbøying og med relativt fast ordstilling, kan vi definera subjektet som eit substantivisk ledd som lyt stå mellom hjelpeverbet og hovudverbet dersom det ikkje står fyrst i setninga. Objektet lyt stå etter hovudverbet dersom det ikkje står fyrst i setninga. I setninga No har Hege ete sjokolade er det klart at Hege er subjekt og sjokolade objekt.

Kva no med setningar av typen Det kom mange gjester. Denne typen setning blir gjerne kalla presenteringssetning. Gjer vi om denne setninga på same vis, ser vi at det er det som blir subjekt, jf. (1a). Men kva er leddet mange gjester? I andre setningsformer kan det stå som subjekt, (1b).

(1) a No har det komme mange gjester

b No har mange gjester alt komme

I tradisjonell grammatikk kallar ein derfor gjerne eit slikt ledd for 'potensielt subjekt', men mange grammatikkforskarar synest det er ein utilfredsstillande term, når ein fyrst har gått inn for å definera subjektet ut frå reint formelle kriterium. Ut frå formelle kriterium er det potensielle subjektet faktisk å rekna som objekt. Det står nemleg alltid på same plassen som objektet, etter hovudverbet, men føre eit eventuelt adverbial:

(2) a Vi inviterte mange gjester heim til oss

b Det har komme mange gjester heim til oss

Det har også fleire eigenskapar sams med vanlege objekt. Jamfør setningar med transitivt verb og vanleg objekt (3a), med tilsvarande presenteringssetning (3b).

(3) a – Eg inviterte mange gjester

– Gjorde du det?

b – Det kjem mange gjester

– Gjer det det?

Her viser pronomenet det til verbfrasane inviterte mange gjester og kjem mange gjester. Ein annan likskap finn vi dersom vi ser på kva vi kan flytta fram i ei setning. I begge setningane i (4) har vi flytt fram verbet pluss det leddet som kjem etter.

(4) a Invitera gjester gjer ho aldri

b Komma gjester gjer det aldri

Norsk er dermed eit språk der intransitive verb (som komma) kan ta objekt. I mange språk i verda er det slik at alle intransitive verb tek objekt i staden for subjekt. Slike språk blir kalla ergativspråk, og i tråd med den terminologien blir også presenteringssetningar i norsk kalla ergativkonstruksjon-ar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter